JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Det finst gode argument for å legge ned vidaregåande skular.

 

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
6292
20241025
6292
20241025

Samandrag

Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP

Vis mer
Vis mindre

«Drømmen om den fullkomne skolen er for meg en skole helt og holdent uten barn, frøken Honey. En eller annen gang kommer jeg til å starte den skolen. Jeg tror den vil bli en stor suksess», seier den grufulle rektoren frøken Trunchbull i Roald Dahls Matilda.

Er det dette fylkespolitikarane våre no sit kringom og drøymer om?

Nå ja. Om vi ikkje er heilt der enno, kan det verke som det er litt dit vi er på veg: til ein røyndom der vi har fleire små skular utan born og ungdommar – og nokre få store skular med massevis av unge folk som sit på buss i mange timar, eller bur på dyre, einsame hyblar medan bygdene dei kjem frå, taper ungdommane sine, ettertrakta arbeidsplassar og framtidige arbeidstakarar.

Vi skal ikkje underslå at det er komplisert og dyrt å drive vidaregåande opplæring. Å få interessene til elevane til å gå opp med behova i næringslivet, kronene i inntektskassa og spådommane om kor mange (eller få) elevar ein kjem til å ha om nokre år, kan verke nærast umogleg.

Er det krig?

Det er vanskeleg å argumentere mot budsjettunderskot. Innsparingar ligg bak at Buskerud varslar kutt i ei rekke praktiske og estetiske linjer, men politikarane i Innlandet nektar å innrømme at det er motivasjonen deira. «Jeg mangler ikke penger, men elever», sa fylkesordførar Thomas Breen (Ap) i NRK Debatten. Dei 2000 ledige elevplassane Innlandet har no, kan verte 3000 innan 2038. Nordland fylkeskommune må kutte 100 millionar kroner innan 2026. Og når Vestland fylke tidlegare i månaden la ned ei rekke linjer, var både økonomi og elevtal nemnde som årsak.

Innlandet har likevel vorte ei smørje i særklasse. Ikkje minst gjennom kor mykje politisk prestisje det no har gått i saka – heilt opp på regjeringsnivå.

Heldigvis, får vi seie, har Matilda også reelle fellestrekk med røyndommen: dei ansvarlege unge. For der vaksne går ut og ropar: «Det er krig!», seier ungdommen, her representert ved elevrådsleiar ved Dokka vidaregåande skule Synniva Ludvigsen, lågmælte ting som: «Vi får veldig ofte beskjed om at det er bare en førti minutters busstur til Gjøvik eller Lena. Da mener jeg at det gjelder det samme tilbake, så hvorfor ikke flytte en klasse for eksempel fra Lena til Dokka?»

Distriktspolitikk

Dette er friske tankar – og mykje tyder på at Ludvigsen snakkar for fleire enn sine eigne. I ei forundersøking til nedleggingssaka har fylkeskommunen stilt 135 unge som deltok på ein medverkingskonferanse, dette spørsmålet: «Vil du ha lokalt, men begrenset skoletilbud nær der du bor, eller kan du flytte på hybel for å få det tilbudet du helst vil ha?» 61 prosent svara at dei kan flytte på hybel, medan 31 prosent valde tilbod der dei bur.

Ei så stor overvekt må bety at det også for ungdom i byar kan vere eit alternativ å flytte på hybel, om det er det som skal til for å få studieønsket sitt oppfylt. Ingen kan krevje å få alle linjetilbod der dei bur, i alle fall ikkje dei som bur grisgrendt. Men høvet til å flytte på hybel er likt for alle.

Eg seier ikkje at det er løysinga, men det er verdt å hugse på: Ein hybel må ikkje nødvendigvis ligge på ein meir sentral stad enn heimstaden. Reisestraumen kan også gå andre vegen.

Skal det vere berekraftig på sikt, må likevel flyttestraumen bremsast, for det er jo eit mål at færrast mogleg skal måtte flytte eller pendle – og der elevtalet i Hamar-regionen vil minke med 8 prosent fram mot 2038, er prosentreduksjonen i Østerdalen 30 prosent.

Men korleis vil det talet bli påverka av ei eventuell skulenedlegging, eller motsett: ei skulesatsing? Distriktspolitisk er det liten tvil om kva fylkespolitikarane bør velje. Men no handlar ikkje dette berre om distriktspolitikk.

Eit godt nok tilbod

Skal vi vere ærlege – ja, også vi som bryr oss skikkeleg mykje om distriktspolitikk – så handlar det mest om å sikre eit godt nok utdanningstilbod.

Då må vi tydelegvis vite, definere og talfeste kva eit godt utdanningstilbod er. I det minste er det det politikarane i Innlandet fylkeskommune er i ferd med å gjere. I framlegget til vedtak låg det nemleg føre ein modell, «eit sett med kriterium», som skal gjere det lettare å avgjere denne og framtidige skulenedleggingssaker. Kriteria «angir et minimum av størrelse eller omfang av utdanningsprogram en skole bør ha for å unngå sårbarhet og sikre robuste fag- og skolemiljø».

Der var det, ja: «Robuste» – dette ordet alle som kjempar mot sentralisering, har vorte så vane med å hate det siste tiåret. Her dukkar det opp igjen, for å rettferdiggjere at skular som ligg i distriktet eller per i dag har færre enn 600 elevar, må ha minst to parallellklassar, men kan ha berre VG1 og ikkje VG2 på yrkesfag for å verte sett på som levedyktige. Medan skular som ligg i by eller har fleire enn 600 elevar, må ha minst fire parallellklassar og må ha tilbod i både VG1 og VG2 yrkesfag for å få lov å leve vidare. Mellom anna.

Skulekjemi

Sukk, seier eg. Er det verkeleg slik vi definerer ein god skule? Sjølv har eg gått på to skular som var altfor små til å oppfylle sjølv det minste settet med kriterium – den eine var den beste eg har gått på, den andre den dårlegaste.

Ein god skule handlar om mykje god kjemi, særleg personkjemi. Når vi snakkar om kor viktig den gode læraren er i skulen vår, er ikkje det noko som oppstår i eit vakuum. Det var ikkje berre frøken Honey og Matilda som tente på at frøken Trunchbull forsvann – eg kjenner meg ganske trygg på at alle lærarane på Cruncham Hall då vart betre i jobben sin. Ein god skule, ein skule som har gode gjennomføringstal og elevar som i hundretal tar på seg bryet med å gå i fakkeltog og lage plakatar og demonstrere for han, bør takast vare på – så lenge det er økonomisk mogleg og det finst elevar som vil gå på denne skulen, så klart.

Mykje tyder på at begge delar er tilfelle ved fleire av dei nedleggingstruga skulane og skulestadane i Innlandet. Ein skule i Lom eller Dokka, i Høyanger eller på Ringerike, kan ikkje verte størst i Noreg, men dei kan verte skular som er ettertrakta fordi dei har kvalitet på lik linje med større skular. Det er verdt å ta vare på, slik eg ser det.

At dei kan ryke på nokre kriterium, er iallfall om lag like dust som Trunchbulls draum om skular utan born. 

Siri Helle er forfattar, journalist og fast skribent i Dag og Tid.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) er eit viktig likestillingsverkemiddel.

Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) er eit viktig likestillingsverkemiddel.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte

Grunn til uro

Ikkje berre er leiande norske politikarar og dei største partia lite opptekne av rettane til menneske med nedsett funksjonsevne; også statlege forvaltningsorgan, til dømes Pasientskadenemnda, praktiserer lovverket på diskriminerande vis.

Carl Aasland Jerstad
Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) er eit viktig likestillingsverkemiddel.

Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) er eit viktig likestillingsverkemiddel.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte

Grunn til uro

Ikkje berre er leiande norske politikarar og dei største partia lite opptekne av rettane til menneske med nedsett funksjonsevne; også statlege forvaltningsorgan, til dømes Pasientskadenemnda, praktiserer lovverket på diskriminerande vis.

Carl Aasland Jerstad
Gaute Heivoll har vunne Brageprisen, blant andre prisar, sidan han debuterte i 2002.

Gaute Heivoll har vunne Brageprisen, blant andre prisar, sidan han debuterte i 2002.

Foto: Monika Holand Bøe

BokMeldingar

Eit solid stykke arbeid

Gaute Heivoll skriv storslått om dei små tinga og smålåtent om dei store.

Ingvild Bræin
Gaute Heivoll har vunne Brageprisen, blant andre prisar, sidan han debuterte i 2002.

Gaute Heivoll har vunne Brageprisen, blant andre prisar, sidan han debuterte i 2002.

Foto: Monika Holand Bøe

BokMeldingar

Eit solid stykke arbeid

Gaute Heivoll skriv storslått om dei små tinga og smålåtent om dei store.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis