Inga sak er for lita til å få merksemd i denne spalta. Ordet eller saka det gjeld er kopp, rett og slett. Wikipedia slår fast at det er ein type drikkebeger som blir brukt «oftest til varme drikker og har et handtak eller ei hank for å unngå å brenne fingrene når man holder den». Det både om koppen og bruksmåten og tenkjemåten, der det også står at «kopper som normalt ikke benyttes saman med skål, kalles krus». Det er eit sidespor her, og ein snever definisjon, og mitt ærend er eit anna.
Det handlar om veremåten, der ingen som agent Cooper, framleis like glimrande spela av Kyle MacLachlan i Twin Peaks, kan gjere det å drikke ein kopp med kaffi, svart, til ei høgtidsstund. I dag møter du dagleg folk på jobb eller i anna ærend, med eit krus høgt heva som alle kan sjå. Om det er eit i papp eller eit krus av metall, har det fått ein ny sosial status, uvisst av kva type. Kaffibarar har vi hatt lenge, men tida det tek å bryggje drykken, gjer det til ei påkjenning for oss som berre skal ha han enkel og svart. Men same kva står det alltid ein framfor deg i køen som skal ha minst dobbel latte, til å byrje med.
Ein gong orda eg frampå om éi kø for latteflokken og éi for svart kaffi. Mest for skjemt, men ingenting kjem opp mot synet av ein stressa medborgar gåande her om dagen, drikkande av eit kaffikrus i hastverk med den eine handa, mens han tasta like ihuga med mobilen i den andre. I Norge har tradisjonelle koppar vore skorne ut i tre.
Dei sosiale media søkjer nye jaktmarker for kommande zombiar, og vi avsluttar med soga om bartekoppen. I Store norske leksikon står det om barte- eller mustasjekoppen, som hadde ei halvmåneforma eller mustasjeforma plate på innsida. Ho skulle hindre at barten kom ned i koppen når ein drakk. Slike koppar var i bruk på 1800-talet og fram til den første verdskrigen. Same kva som hender, du kjem ikkje utanom koppen.
R.H.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen