JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KrigSamfunn

«Å sport, er du fred?»

Sport og næringsliv ser ut til å vere like vanskeleg å skilje som sport og politikk.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Tennis - Wimbledon - All England Lawn Tennis and Croquet Club, London, Britain - July 9, 2023 Belarus’ Victoria Azarenka and Ukraine’s Elina Svitolina look on during a break in their fourth round match REUTERS/Toby Melville     TPX IMAGES OF THE DAY

TOBY MELVILLE

11079
20230714

Andrej Kurkov

Ukrainsk forfattar som skriv på russisk, fødd i Leningrad i 1961.

Har skrive ei rekkje romanar og barnebøker og er omsett til meir enn 30 språk.

No i vår er han i USA og underviser ved Stanford.

Kurkov skriv fast om Ukraina for Dag og Tid.

Tidlegare denne veka slo den ukrainske tennisstjerna Elina Svitolina den belarusiske Viktoryja Azarenka i Wimbledon-turneringa og gjekk vidare til neste runde i meisterskapen. Da kampen var over, nekta Elina, som vanleg, å ta den belarusiske mostandaren i handa.

– Eg har teke det opp att mange gonger: Inntil dei russiske troppane forlèt Ukraina, inntil vi har teke attende territoria våre, blir det ingen handtrykk, sa ho enda ein gong.

Men journalistar likar å stille dei same spørsmåla. Enkelte av dei som var til stades i Wimbledon, gjekk bort til Viktoryja Azarenka og spurde om ho kjende seg som eit offer.

– Offer? svarte Viktoryja.

– Offer fordi nokon ikkje tok meg i handa? Å nei! Ho ønskjer ikkje å handhelse på russarar og belarusarar. Eg respekterer avgjerda hennar.

«Å sport, du er fred!», skreiv Pierre de Coubertin i sin «Ode til sporten» – «Du skaper gode, snille, venlege tilhøve mellom folk.»

Eg skulle gjerne sagt meg einig med Pierre de Coubertin, men røynda ser stundom annleis ut: Publikum på Wimbledon-tribunane bua på Viktoryja Azarenka, sjølv om buinga sjølvsagt ikkje var retta mot henne, men mot Lukasjenko og Putin. Det er klart at det berre var belarusarar og russarar som heia på Viktoryja Azarenka, og det var ikkje mange av dei. Det store fleirtalet av tilskodarar heia på Elina Svitolina, nett slik dei fleste europearar heiar på Ukraina i denne tida.

Idrettskarrieren til Elina Svitolina blir no følgd av fleire menneske enn nokon gong tidlegare. Presset og ansvaret ho kjenner på, særleg når ho lyt spele mot belarusiske og russiske utøvarar, kan berre jamførast med det dei ukrainske soldatane kjenner i kamp. «Å sport, du er ei slagmark!» ville eg sagt no når sigeren til ei ukrainsk idrettskvinne blir oppfatta som enda eit slag vunne i den russisk-ukrainske krigen.

Elina Svitolina kan heller ikkje stille seg utanfor krigen, utanfor den russiske aggresjonen. Kvar ledig stund ser ho nyhende på smarttelefonen sin, og ingen trenar kan nekte henne å gjere det. Særleg på dagar når Russland bombarderer heimbyen hennar – Odesa.

Men samstundes har Elina sjølvkontroll. Ho har ikkje blitt ei «politisk» idrettskvinne. Ho leverer ikkje patriotiske talar og slagord når ho tek imot medaljar og pokalar. Ho gjev ikkje politiske intervju. Ho er og blir seg sjølv, ein idrettsutøvar. Ho skjønar ganske enkelt kva som er hennar ansvar, og er var for kva fansen hennar i Ukraina og andre stader ventar av henne.

Å spele under det ukrainske flagget no er også å spele på vegner av dei utøvarane som er drepne av Russland. Det er alt hundrevis av slike drepne og skadde ukrainske idrettsfolk, vinnarar frå Ukraina, Europa og verda.

I byrjinga av meisterskapen i Wimbledon sigra Svitolina i ein duell med tennislegenda Venus Williams. Svitolina vedgjekk at ho engsta seg for Venus Williams da Venus fall i starten av kampen og skreik. Elina var redd for at Venus var alvorleg skadd. Til alt hell var Venus Williams i stand til å halde fram spelet.

Men i denne situasjonen vart humanismen og empatien til Svitolina enda ein gong openberr for alle. «Å sport, du er fred!» Eg vil ta opp att orda til Pierre de Coubertin. Han har framleis rett. I det minste halvvegs.

Eg er stolt av Elina Svitolina både som idrettsutøvar, person og borgar. Og medan eg er stolt av henne, kjenner eg skam for at eg ein gong var stolt av nokre andre ukrainske idrettsstjerner. Eg tenkjer på dei som ope eller i løynd skifta side og sveik landet sitt, ikkje på sportsarenaen, men på meir alvorleg vis.

Kva bør ein gjere med dei ferskaste hendingane i ukrainsk idrettshistorie – som er ein del av historia det blir undervist i på skular og universitet? Bør ho skrivast om etter krigen, eller kan hende no med ein gong? Korleis skal vi vurdere bidraga til visse figurar, som tidlegare mangeårig leiar for den nasjonale olympiske komiteen og olympisk meister i stavsprang, «helt av Ukraina» og politikar Serhij Bubka, eller fire gonger olympiske meister i svømming – også «helt av Ukraina» – Jana Klotsjkova?

Heilt i starten av krigen drog Jana Klotsjkova til den annekterte Krym-halvøya – til foreldreheimen – og sletta kontoane sine på Facebook og Instagram. No kommuniserer ho med fansen berre på russiske sosiale medium. Ingen har klart å få ein kommentar frå henne om den nye russiske aggresjonen mot Ukraina. Ho har ikkje skrive eitt ord om krigen eller kome med éi einaste utsegn. For henne er det ingen krig. Det vil seie at ho har valt Russlands side.

Serhij Bubka vart flyktning dei første dagane av den nye russiske invasjonen. Etter å ha forlate Ukraina fór han til Sveits og Italia. Seinare trekte han seg som leiar for den ukrainske OL-komiteen og gav roret til ministeren for ungdom og idrett, Vadym Gutzeit. Bubka vart likevel sitjande som medlem av Den internasjonale olympiske komiteen. Han kom med ideen om å gje ukrainsk pass til russiske utøvarar som ikkje kan eller ikkje vil konkurrere for Russland. Framlegget vart ikkje støtta av den ukrainske regjeringa.

Den internasjonale olympiske komiteen, leidd av Thomas Bach, vedtok i byrjinga av året å la russiske og belarusiske utøvarar få delta i OL i 2024. Seinare, på grunn av protestar frå mange land, vart den endelege avgjerda utsett til sommaren 2023, men det er alt klart at russiske og belarusiske utøvarar får delta. Rett nok utan russisk flagg og nasjonalsong.

Både Serhij Bubka og Jana Klotsjkova var tilhengjarar av det prorussiske Regionpartiet og leiaren, den tidlegare ukrainske presidenten Viktor Janukovitsj, som har budd i Moskva sidan han flykta frå Ukraina etter revolusjonen i 2014. Om Jana Klotsjkova langsamt forsvinn ut av det ukrainske medvitet, blir Serhij Bubka hugsa og til og med søkt etter. Men ingen veit sikkert kvar han held til no.

Men utan omsyn til kvar han er, får forretningsverksemdene hans, som er registrerte i både Kyiv og Donetsk (i Donetsk er dei registrerte under russisk lov), stor merksemd frå så vel journalistar som etterforskarar. Det best kjende selskapet hans, Mont Blanc, som fram til 2018 deltok i anbodsrundar for sal av drivstoff, mat og mykje meir til den ukrainske staten, underteikna nyleg kontraktar med okkupasjonsadministrasjonen i Donetsk om levering av drivstoff.

Desse kontraktane er underteikna, ikkje av Serhij Bubka sjølv, men bror hans, Vasilij, også tidlegare stavhoppar, som bur i Donetsk. Men på lista over grunnleggjarar av selskapet står også Serhij Bubka. Ukrainarane er no langt meir opptekne av forretningane han no gjer med dei russiske okkupantane, enn av dei tidlegare resultata hans som olympisk meister og idrettsleiar.

Sport og forretningar ser ut til å vere like vanskeleg å skilje som sport og politikk. Skandalar kring sport aleine ville neppe ha tiltrekt seg så mykje merksemd i Ukraina, særleg under ein krig. Og spesielt når den ukrainske motoffensiven går seint – for seint, meiner mange ukrainarar, når Russland jamleg bombarderer store og små byar med rakettar og åtaksdronar, når talet på døde og skadde sivile har auka dramatisk.

På denne tida ventar alle på nyhende, først og fremst frå fronten, alle ventar på godt nytt.

Paradoksalt nok finst det nokre sportselement i ferske nyhende som har klart å avleie merksemda til ukrainarane frå hendingar ved fronten.

Sjefen for Kyivmiskbud, det største byggjefirmaet i Ukraina, 80 prosent eigd av bystyret i Kyiv, heiter Igor Kusjnir. Han har synt seg å vere ein fjellklatrar-spire. Eller for å vere meir presis, både han og kona har brått byrja med fjellklatring. Dei betalte 150.000 dollar for å få klatre i Mount Everest, og sanneleg nådde ikkje dei toppen og tok bilete av seg sjølve med det ukrainske flagget og flagget til byggjefirmaet.

Alt dette ville vore lett å forstå om det ikkje var for det faktum at for å kunne forlate Ukraina, la Igor Kusjnir fram ein uføreattest for dei ukrainske grensevaktene. Friske menn – ukrainske statsborgarar – mellom 18 og 60 år har ikkje høve til å reise utanlands utan særskilt løyve. Alle desse skal kunne kallast inn til militærteneste.

Vidare undersøkingar har synt at sidan krigen tok til, har Kusjnir vore 240 dagar i utlandet. Eg undrar meg på om han har brukt den same uføreattesten kvar gong han kryssa grensa? Like interessant er det at Kusjnir kravde ein milliard hryvnia (om lag 19 millionar euro) frå den ukrainske regjeringa for å starte opp att Kyivmiskbud og fullføre byggjeprosjekt som vart lagde på is i februar 2022, da fullskalakrigen starta.

Samstundes har Kusjnir og kona Oksana budd ein stor del av krigen i ein luksusvilla som er registrert på Oksanas kypriotiske selskap. Verdien av villaen, som ligg i eit trygt område i nærleiken av Nice, skal visstnok tilsvare om lag den summen Kusjnir bad om frå regjeringa for å «restarte» Kyivmiskbud – om lag 19­–20 millionar euro.

Borgarmeisteren i Kyiv, tidlegare verdsmeister i boksing Vitalij Klitsjko, fjerna den 6. juli Igor Kusjnir som styreleiar for byggjefirmaet inntil vidare, og bad eit velrenommert internasjonalt selskap om å gjere ei finansiell gransking av byggjefirmaet. Det ser ut til at Vitalij Klitsjko no skaffar seg fleire ting å uroe seg over.

Til liks med broren Volodymyr er Vitalij Klitsjko òg eit globalt sportsmerke «made in Ukraine». Begge brørne, til liks med Elina Svitolina, har det beste omdøme. Dei har tillit og er elska.

I desse vanskelege tidene har tillit ei særskild meining, ein særskild verdi. Tillit gjev tru på framtida. Tillit til Vitalij Klitsjko er tru på framtida til Kyiv, der han er borgarmeister. Tillit til Elina Svitolina er tru på framtida til ukrainsk idrett, ukrainsk tennis. Og dessutan tru på at dersom Elina Svitolina går inn i politikken etter sportskarrieren sin, vil ho ikkje skuffe ukrainarane.

Det er truleg best å la historia om ukrainsk sport vere uredigert. Ho bør innehalde alt. Å oppdatere henne vil vere nok. Ein kan ikkje fjerne Serhij Bubka og Jana Klotsjkova frå historia om det moderne Ukraina eller frå OL-historia. Dessverre vil dei ikkje bli hugsa for dei sportslege bragdene sine, men for vonbrotet og smerta dei har vore årsak til i denne krigen. Til forskjell frå Elina Svitolina, som nyleg gjorde millionar av ukrainarar glade og stolte. – og det at ho nekta å ta den belarusiske motstandaren sin i handa, hadde lite med det å gjere.

Andrej Kurkov

Omsett av Lasse H. Takle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Å spele under det ukrainske flagget no er også å spele på vegner av dei utøvarane som er drepne av Russland.

Det er truleg best å la historia om ukrainsk sport vere uredigert.

Fleire artiklar

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

KommentarSamfunn
Halvor Tjønn

Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.

Tusen dagar med russisk katastrofe

Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.

Foto: Thomas Fure / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Mingleklubben for makt og pengar

Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.

KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.

Thomas Fure / NTB

Samfunn
Christiane Jordheim Larsen

Utfordrar kjønnsundervisninga

Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.

Einar Økland heime i Valevåg.

Einar Økland heime i Valevåg.

Foto: Helge Skodvin

Kultur

Samlaren

Einar Økland vil helst høyra noko han ikkje har høyrt før – og så skriv han ein lyrisk tekst som han ikkje visste at han kunne skriva. Deretter held han fram med å samla.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis