Essay

Mini-Europa

Kva er Europa? Skrivande menneske kontinentet over kvesser blyantane sine om dagen for å svare på det spørsmålet. I eit Miniatyr-Europa utanfor Brussel er svara enkle – og påfallande utdaterte.

I Mini-Europa ligg mellom anna ein miniatyr av Parthenon-tempelet på Akropolis. Frå dette olympiske perspektivet har ein utsikt mot verdas største atom.
Publisert Sist oppdatert

Eg snubla over Mini-Europa då eg i ein koronakarantene cruisa rundt i Google Maps, på leiting etter stader der Europa reflekterte over Europa. Utanfor Brussel skulle det ligge eit Europa i miniatyr, krympa ned i ein skala på 1:25. På nettsida til fornøyelsesparken blei ein invitert dit for å lære om EU medan ein rusla mellom miniatyrversjonar av europeiske landemerke. Dei lova ei oppleving like artig som ho var eksistensiell:

«Når dei er ferdige med å oppdage Mini-Europa, har dei besøkande fått eit betre innblikk i vår felles historie og verdiane dei ulike europeiske landa deler. Deretter kjem dei til «The Spirit of Europe», «Europas ånd», der dei lærer meir om Den europeiske unionen på ein morosam og interaktiv måte. Vårt største håp er at Mini-Europa og The Spirit of Europe vil bringe innbyggarane nærare det store europeiske prosjektet og engasjere dei endå meir i framtida til Unionen vår.»

Det var noko nusseleg over denne propagandaen, tenkte eg, der eg sat på heimekontoret og drukna i tekster som på ulike vis på nytt stilte spørsmål om kva Europa er og kan tenkast å vere – som konstruksjon, som fellesarv, som faktisk geografisk stad. Etter eit tiår der den eine krisa hadde avløyst den andre – frå gresk gjeldskrise til flyktningkrise til terrorangrep til brexit til pandemi til Ukraina-krigen til Trump x 2 – sat no europeiske filosofar, forfattarar og politikarar på kvar sine tuer og skreiv tekster som freista sirkle inn det europeiske.

Mange av tekstene snakka om Europa som ein grunnleggande sjølvmotseiande storleik, ein arv og ei forteljing som handla om motstridande krefter, om rasjonalitet mot irrasjonalitet, framsteg mot konservatisme, utbytting mot velgjerning, koloniserande impulsar mot djup sjølvkritikk. Opplysningas dialektikk. Fleire skildra den europeiske kulturarven som ei slags kunstnarisk og intellektuell ånd som lét den einskilde overskride det nasjonale; idet nokon laga ein stor symfoni eller ein stor roman, blei dei med eitt meir europeiske enn dei var rumenske eller sveitsiske. Nokon meinte at Europa hadde blitt for sjølvpiskande og no måtte finne tilbake til ei ny, positiv sjølvkjensle, for å kunne stå imot totalitære og nihilistiske tendensar.

Kanskje var det noko med denne tematikken som fekk alle slags skrivande til å slutte like høgtsvevande som dei byrja. Mange av dei slo meg som for sjåvinistiske og pessimistiske på same tid. Om flosklar om delte verdiar og EU som demokratisk leiestjerne for lengst hadde krakelert, betydde ikkje det at eit stadig veksande og vagare Europa ikkje var livskraftig, uavhengig av den byråkratiske unionen. At noko eser og krampar seg og blir meir andpustent, kan vel like gjerne bety at det går svangert med nytt liv.

Mot all denne teoretiske kompleksiteten var det noko sjarmerande med Mini-Europa. Symbolikken verka så overtydeleg og naiv. Her hevda ein framleis at Europa var eit fyrtårn, og ein gjorde det utan mange lag av kritiske og ironiske positurar. Dette kunne ein ta inn over seg. Dette kunne ein tenke med og mot.    

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement