JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Når økonomar ikkje vil telja

Det er ikkje sikkert vi bør lita på oppdragsforskinga og analysesektoren.
Kan det til dømes vera slik at import er
tapt verdiskaping?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Nordmenn er svært glade i Nordby Shoppingssenter, som no har vorte Nordens største. Men taper vi velstand på å handla der?

Foto: Bjørn Sigurdsøn / NTB scanpix

11395
20171215
11395
20171215

Analyse

jon@dagogtid.no

Ein sektor som vert stadig større i takt med at stadig fleire tek ph.d., som det heiter no til dags, er ein sektor einskilde vil kalla lobbyverksemd, kledd i akademisk drakt. Når private institutt gjer slikt, vert det kalla «analyse». Når offentlege forskarar tek på seg slike oppdrag, vert det helst kalla «oppdragsforsking». Når så dei ulike byråa er ferdige med oppdraga og har levert rapportane, byrjar pressemeldingane å tikka inn i redaksjonane: «Goliat er ulønsam». «Regjeringa må gjera meir for å skapa lønsame arbeidsplassar i fiskeforedling i Noreg.» «Ny motorveg mellom Voss og Bergen vil berga verda og gjera landet rikare». OK, den siste fann vi berre på. I alle høve: Med ujamne mellomrom framover skal Dag og Tid sjå nærare på slike rapportar.

Men fyrst: Samfunnsøkonomien har robuste funn og teoriar og ikkje fullt så robuste funn og teoriar. Ein av dei mest robuste teoriane stod den klassiske økonomen og aksjemeklaren David Ricardo (1772–1823) bak. Teorien syner at alle vert rikare gjennom noko han kalla komparativ fordel i handel. I det mest vidgjetne dømet gjekk han ut ifrå at verdsøkonomien hadde to land, Portugal og England, som båe produserte to produkt med same nytte og kvalitet. Dei produserte båe vin og ty. I dømet var Portugal det mest effektive landet; det kunne laga båe varene med mindre arbeid enn England. Men, sa Ricardo, dei relative kostnadene ved å produsera vin og ty var ulike i dei to landa.

100 timar

Lat oss så seia at England nytta 100 timar på å laga éi eining med klede og 120 timar på å laga eitt fat med vin. Portugal på si side nytta 90 timar på laga ei eining med ty og 80 timar på eit fat med vin. Portugal er altså best på båe varene. Men som vi òg ser, er britane meir effektive i å produsera klede enn i å produsera vin, og Portugal er relativt sett meir effektive i å laga vin enn klede, sjølv om dei i absolutte tal er meir effektive enn britane i båe produksjonsmetodane. Men om Storbritannia spesialiserer seg i klede og ty og Portugal i vin, kan båe landa få meir vin og meir ty enn om dei båe held fram med å produsera klede og vin i ly av tollmurar. Ricardo tok langt på veg knekken på britisk merkantilisme og tollmurar. Import var ikkje eit tap av formue og verdiskaping.

Dette var den eine teorien. Den andre teorien, som eigentleg ikkje er ein teori, seier at samfunnsøkonomisk vinst er overskotet produsentar og konsumentar til saman sit att med etter eit tiltak eller ei investering. Produsentar kan vera både offentlege og private, og konsumentar kan vera både skattebetalarar og forbrukarar.

Grenseflater

Eit av dei største analysebyråa i Noreg er Menon Economics. På heimesida deira kan vi lesa fylgjande: «Menon? er et medarbeidereiet konsulentselskap som opererer i grenseflatene mellom økonomi, politikk og marked. Vi er ca 40 økonomer, hvorav en fjerdedel på doktorgradsnivå.» Virke er på si side Noregs nest største arbeidsgjevarorganisasjon og presenterer seg slik: «Virke er den ledende hovedorganisasjonen for tjenestenæringene og representerer over 20 000 virksomheter. Vi jobber for bedre rammevilkår for våre medlemmer, og et Norge som verdsetter og satser på de som driver virksomhet.»

For ei tid attende bad Virke, som organiserer butikkeigarane her til lands, Menon om å analysera konsekvensane av den norske grensehandelen med Sverige. Ein del kan tyda på at Ricardo ikkje står på pensum i nokon av organisasjonane. I førre veke kom rapporten, og oppslaga i norske medium vart nokså mange. I og med at norske nettaviser vert stadig større og – får vi tru – meir effektive, har pressemeldingar vorte den nye portugisiske vinen.

Tittelen var: «Grensehandelen koster nær 12.000 arbeidsplasser». Ingressen: «Tall fra SSB viser at grensehandelen har hatt en tolvmånedersvekst på hele 23,4 % sammenlignet med forrige periode. En fersk analyse utarbeidet av Menon Economics viser at dette koster nær 12.000 arbeidsplasser, og 7,8 milliarder i tapt verdiskapning.»

Olav Thon

I rapporten fortel Menon at dei er «landets ledende analysmiljø for slike ringvirkningsanalyser», som dei har gjennomført for Virke i dette tilfellet. Men sjølv om dei er nasjonalt leiande på å finna ut det Virke har betalt dei for å finna ut, tyder det at dei har rett? Og kvar byrjar ein og stoggar ein når ein analyserer ringverknader?

Menons fyrste påstand er altså at i dei siste tolv månadene har vi gått glipp av «11.750 arbeidplasser», «7,8 mrd. kroner i verdiskaping» og tapt «minst 4,9 mrd. kroner i offentlige inntekter frå skatter og avgifter». Kva er så verdiskaping, seier dei? Jau, «driftsresultat pluss lønnskostnader (bidraget til BNP)». Dette er det fyrste Menon seier om funna sine, og alt her kan ein koma litt i stuss. For om det var slik at import fører til redusert verdiskaping og tap av arbeidsplassar, ja, så burde vi vel leggja ned eit ålment forbod mot import, som grensehandelen altså er?

Men i røynda er det nesten ingen som vil ha forbod mot import. Og er det slik at norske verksemder berre taper overskot på grensehandelen? Taper til dømes Noreg på å importera varer frå verksemder som Oljefondet er eigar i? Menon fortel at over halvparten av grensehandelen skjer i Strømstad. Ein av dei store eigedomsutviklarane i Strømstad og andre grensebyar er Olav Thon. Han eig mellom anna over halvparten av Nordby Shoppingcenter, som er 85.000 kvadratmeter stort. Thon har ført store overskot på grensehandelen attende til Noreg og reinvestert dei her heime og dimed skapt vekst i norsk BNP. Thon vert ikkje nemnd i analysen.

Vegar må byggjast

Den overordna påstanden til Menon er: «Når vi handler mer i Sverige, handler vi mindre i Norge. Den tapte omsetningen fører til tap av arbeidsplasser og verdiskaping.» Dei fortel derimot ikkje at omsetninga òg fører til arbeidsplassar i Noreg. Som dei fleste som no køyrer til Sverige, har fått med seg, er vegstandarden vorten mykje betre i grenseområda. No er det over åtte millionar grensehandelsturar i året, og dette er ein av grunnane til at vi har auka vegstandarden. Det er stort sett norske entreprenørar som har bygd vegane, for at dei grensehandlande skal koma fortare fram. Og kva med all bensinen og dieselen som går med? Mykje av drivstoffet er raffinert i Noreg. Dei tilsette på bensinstasjonane er norske arbeidstakarar. Desse er ikkje nemnde i analysen.

Vi kjøper for det meste kjøt, feitt, sukker, tobakk og alkohol i Sverige. Ja, det er tapte statlege inntekter. Men slike varer gjev oss kortare levetid, noko også bilkøyring gjer. Ingen stader vert lægre pensjonsutgifter nemnde. Det siste er sjølvsagt eit karikert døme, men det er faktisk slik at om ein vert drankar av svenskkjøpt alkohol og sukker og treng ny lever, går norsk BNP opp. Skal ein driva ringverknadsanalysar, må alt med, men om alt skal med, vert sjølvsagt slike rapportar svært dyre og krev mange tilsette.

Kven tener?

Det grunnleggjande spørsmålet ein må stilla seg når ein analyserer ein marknad, er å finna ut om vi samla sett tener på at noko skjer. Dei er brei semje mellom samfunnsøkonomar om at Noreg tener svært mykje på frihandel. Vi er ein altfor liten nasjon til at vi kan spesialisera oss på alt. Noreg er rikt av di vi har ein godt utdana arbeidsmasse og stabile og ukorrupte institusjonar, men ekstra rike er vi av di vi har kunna spesialisera oss i råvareproduksjon og dimed kunne taka ut det Ricardo kalla grunnrente. Vi har store mengder vasskraft, store mengder fisk og store mengder olje og gass. Både i produksjon av desse varene og i leveransar av produksjonsmidla til desse råvaresektorane er Noreg i verdstoppen. Vi har vore særs dyktige i å utnytta Ricardos komparative fordelar: heller vasskraft enn vin.

Vidare har både råvareeksporten og teknologieksporten innanfor desse sektorane gjeve oss ein særs sterk valuta. Dimed har vi til ein billig penge kunna kjøpa bilar, telefonar, fjernsyn og klede frå utlandet. Det at vi har kunna kjøpa desse varene billig, har frigjort arbeidskraft i Noreg, arbeidskraft vi har kunna nytta til å laga endå meir energi og til å arbeida i velferdsstaten. Som Victor Norman liker å peika på: «Det er importen vi lever av.»

Tener vi på landbruk?

Attende til dei konkrete påstandane i rapporten, som altså fortel oss at tap av gamle arbeidsplassar er tap av verdiskaping. 20 prosent av arbeidsplassane går tapte i landbruket, 36 prosent i mat- og drikkeindustrien, fortel Menon, som òg seier at verdiskapinga i desse to sektorane dimed går sterkt ned. Men vi held oss ikkje med desse to sektorane av di vi tener økonomisk på det som nasjon. 80 prosent av det daglegvarebutikkane sel i Noreg, er produsert her heime. Vi har valt å organisera oss slik av di vi vil ha arbeidsplassar i Distrikts-Noreg, det vil seie mindre sentralisering enn til dømes i Sverige, og av di vi ser ein verdi i å oppretthalda kulturlandskap. Og sist, men kanskje ikkje minst: Vi held oss med eit norsk landbruk av di låg industriproduksjon av kjøt og mjølk gjev høgre dyrevelferd og dimed ein verdsleiande posisjon i låg antibiotikabruk.

Men dette kjem til ein samfunnsøkonomisk kostnad. Om vi tek med importvernet i tillegg til dei direkte subsidiane, kostar norsk landbruk, alt etter kven ein spør, ein stad mellom 30 og 40 milliardar kroner. Om vi flyttar arbeidsplassar frå den svenske sida av grensa over til Noreg gjennom å auka daglegvaresalet, foredla meir mat og produsera fleire kaloriar i norsk landbruk, må subsidiane til matvaresektoren opp. For sidan nesten alt av kaloriar produsert i Noreg er subsidiert eller tollverna, vil kostnadene ved å produsera endå meir, auka. Det kan ha sine fordelar; per tur til Sverige nyttar vi 1300 kroner på usunne kaloriar og tobakk, og 300 kroner på alkohol. Redusert grensehandel er kan henda betra folkehelse, men det er òg lægre opplevd velstand for nordmenn.

Trur dei ikkje seg sjølve?

Men kjenner ikkje økonomane i Menon til dei i og for seg banale påstandane som kjem fram i denne artikkelen? Det er ein del som tyder på det. For i eit av vedlegga til rapporten kjem det brått: «Resultater fra ringvirkningsberegninger er svært omdiskutert blant økonomer da de ikke tar hensyn til potensielle fortrengings- og produktivitetseffekter. I samfunnsøkonomien regnes arbeidskraft og kapital som to knappe goder. (...) Ringvirkningsanalyser tar imidlertid ikke høyde for at økt omsetning i én næring vil skape arbeidsplasser ved å tiltrekke seg arbeidskraft som antakeligvis jobber i en annen næring i utgangspunktet. Det samme gjelder for verdiskaping, vi tar ikke hensyn til at verdiskapingen i andre deler av norsk næringsliv kan være høyere som følge av at grensehandel gir rom for annet næringsliv.»

Denne avkreftinga av eigen analyse skreiv ikkje Virke noko om i pressemeldinga. Kanskje dei med Ricardo meiner Menon har ein komparativ fordel framfor andre norske samfunnsøkonomar? I det minste for daglegvarekjedene som er organisert i Virke?

Det vi i alle høve kan slå fast, er at fleire arbeidsplassar i norsk butikk- og alkoholnæring historisk har ført til høgre import av svenskar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Det er faktisk slik at om ein vert drankar av svenskkjøpt alkohol og sukker og treng ny lever, går norsk BNP opp.

Denne avkreftinga av eigen analyse skreiv ikkje Virke noko om i pressemeldinga.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ivo de Figueiredo.

Ivo de Figueiredo.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Få kjenner Munch betre

Ivo de Figueiredos tobindsbiografi om Edvard Munch er nyansert og underhaldande.

Henrik Martin Dahlsbakken

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis