Nyttige tal og relevante tabellar
Paradoksale sengekameratar er i politisk strid om den statistiske modellmakta.
Pressa venta på at SSB-sjef Christine Meyer skulle kome ut etter møtet med finansminister Siv Jensen, men ho gjekk ut bakvegen.
Foto: Mariam Butt / NTB scanpix
hompland@online.no
Byråsjefen er forbanna. Rett nok har han vore plaga av sjølvmedvitne og arrogante sosialøkonomar som alltid veit at dei veit best. Dei vrangaste er i Byrået. Dei lar seg ikkje styra og meiner at det ikkje dei kan setja tal på, er det ikkje verd å vita. Men Byråsjefen innser at utan dei hadde verken organisasjonar eller forvaltninga i stat og kommune og etatar vore kapable til å gjera sitt samfunnsgagnlege arbeid. Statistisk sentralbyrå (SSB) er sjølve tuntreet i den norske modellen, ei solid eik som ikkje lar seg rokka av politikarar som kjem og går, eller av direktørar av kjøt og blod. SSB har vore som ein trygg holme i faglege motebølgjer og stormar som går over.
BYRÅSJEFEN hissar seg opp over det dei nå held på med i SSB. Han har ikkje bruk for snevre spesialistar som på stivt engelsk og med kompliserte tabellar og figurar, skriv artiklar for ei lita sekt av likesinna fagfellar på nivå to i internasjonale teljekantar. Det må vera eit uheldig utslag av skadeleg kulturell appropriasjon.
Som forvaltar av sin flik av den norske modellen treng Byråsjefen tal, analysar og anslag som er brukande til å hindra at politikarane berre ser fram til neste val. Han treng relevant og samfunnsnyttig kunnskap og tekniske berekningar for å betra tilhøva for folk flest. Og som alle partar kan sameinast om slik at det blir ansvarlege nasjonalbudsjett og lønnsoppgjer. Derfor er Byråsjefen fortvila over at Byrået nå vil avskilta dei mest nyttige og avendelege forskarane.
EIN SOM VILLE ha mista jobben fordi han har vore for oppteken av samfunnsrelevans, er Jens Stoltenberg. Som fersk cand.oecon. (karakter 2,28), med hovudoppgåva Makroøkonomisk planlegging under usikkerhet, la han ungdomspolitikken på hylla for å «vie livet mitt til noe edlere, renere og mer høyverdig». Som konsulent i forskingsavdelinga i SSB arbeidde han på ein doktorgrad der han med den makroøkonomiske modellen MODAG deriverte, interpolerte og prognostiserte optimal utvinning og bruk av inntekter frå den nye oljen.
Stoltenberg plar flørta med at han strengt tatt har hatt permisjon frå SSB sidan miljøvernminister Thorbjørn Berntsen ringde han i 1990 og formidla denne ordren: «Gro har sagt at jeg skal si til deg at jeg gjerne vil ha deg som statssekretær». Seinare balla det på seg, og resten er norsk politisk historie og Nato. Tilbaketoget til akademia har gått.
STOLTENBERGS alternative karriere kunne ha blitt typisk for leiande kadrar i SSB. Etter sosialøkonomi ved Universitetet i Oslo har dei gått den faste ruta i jarntriangelen mellom Byrået, Noregs Bank og Finansdepartementet – som byråkratar eller i den politiske leiinga.
Gunnar Jahn (1883–1971) gjekk opp løypa med fagleg tyngde i Venstrestatens tid: direktør i SSB i 26 år, finansminister i Mowinckel III og Gerhardsens samlingsregjering i 1945. Deretter direksjonsformann i Norges Bank, men økonomihistorikaren Einar Lie skriv dette om innsatsen hans der: «Han var den ruvende samfunnspersonen som ble en marginal sentralbanksjef – ikke av mangel på maktvilje, men av mangel på reelt handlingsrom.» Til gjengjeld var han leiar av Nobelkomiteen, introduserte bogeskyting som idrett og skreiv boka Om binding av ørretfluer. Seinare har sentralbanksjefane fått friare taumar.
Det er elles ein arv frå Gunnar Jahns tid at etter jødedeportasjonane under krigen har SSB vore varsam med å folkeregistrera etnisk og religiøs bakgrunn.
ETTER KRIGEN tok sosialdemokratiserte sosialøkonomar over. Dei var unnfanga av Ragnar Frisch, døypte av Leif Johansen, skulerte under Trygve Haavelmo og konfirmerte av Petter Jakob Bjerve, og dei vaks inn i rollene sine under Per Kleppe. Dei heldt seg på det keynesianske sporet og med nokre avstikkarar til Partiet, LO, regjeringsapparatet og Blindern – som Arne Øien, Juul Bjerke, Torstein Moland og Olav Bjerkholt.
Den samfunnsøkonomiske modelltradisjonen frå Osloskulen har halde stand i SSB – med kjælenamn som Kvarts, Mosart og Snow. Men nå kjenner dei siste dagars heilage seg pinte av siviløkonomen Christine Meyer frå Bergen. Éin av veteranane har meldt overgang til KS, og éin skal pensjonerast, medan Erling Holmøy, som ufriviljug har fått merkelappen «innvandringsrekneskapets far», skal forvisast til statistisk eksil.
STRIDEN OM EMPIRISK modellmakt og økonomikulturelt hegemoni i Byrået har skapt forvitnelege konspirasjonsteoriar og paradoksale sengekameratar: mellom dei innvandringskritiske i og til høgre for Frp og urfolket i dei makroøkonomiske modellane. Mellom dei som ser ein liberal direktør som sleiker muslimar etter ryggen, og dei som ser eit liberalistisk blårusskomplott mot langsiktig og samfunnsøkonomisk rasjonalitet.
Christine Meyer sit på ein omorganisert og overfløymd holme og kavar for å halda tilliten oppe. Hanen gjel for tredje gong når ho i dag må møta på teppet hos finansminister og diplomøkonom Siv Jensen.
Andreas Hompland er
sosiolog og skribent.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Christine Meyer sit på ein
omorganisert holme og kavar
for å halda seg flytande.»
Fleire artiklar
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»
150-årsjubilant: den austerrikske komponisten Arnold Schönberg (1874–1951).
Fredshymne
Kammerchor Stuttgart tolkar Schönbergs «illusjon for blandakor» truverdig.
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.