Om å halda orden på regimenta
I den norske modellen skal statsrådar kunna koma og gå, men byråkratiet må bestå.
Byråsjefen har hang til det konspiratoriske, men som varslar har han mykje å fara med.
Teikning: May Linn Clement
hompland@online.no
Byråsjefen har ikkje følgt med i dramaseriar sidan Fjernsynsteatret blei bytta ut med Forviklingar og såpeoperaen Dynastiet på 1980-talet. Han fekk aldri tak på den vonde og utspekulerte Alexis, og han hadde heller ikkje tillit til den uskuldsfagre og norskætta Krystle. Men dei siste vekene har han vore fanga av dramaturgien i holmgangen mellom Christine Meyer og Siv Jensen i det historiske spelet om Byråets sjel – med finansråd og tidlegare SSB-direktør Scheel på Urias post.
Byråsjefen hadde inntrykk av at Meyer gjorde den jobben Jensen hadde tildelt henne, men då høgrøysta partifellar drog innvandringsjokeren, såg ho ikkje anna råd enn å velta spelebordet. Då skifta Meyer til fri dressur i tospann med brumlebassen og bysbarnet Dag Steinfeld, som får eit dugeleg salær av Finansdepartementet (FIN) for sin elleville performance.
BYRÅSJEFEN vil ikkje ta stilling til gjørmebrytinga i sist vekes episode av Forviklingar. Han fekk med seg at Meyer ville ha ros frå FIN for innsatsen i SSB, men det fekk ho ikkje. Ho fekk heller ikkje fallskjerm av steinfeldske dimensjonar, men måtte nøya seg med å få dekt utlegg til flytting og avkorta etterløn i eit halvt år om ho vender tilbake til professorkallet ved Norges handelshøyskole (NHH) i Bergen. Til gjengjeld er ho på Normans vis fri til å driva prinsipielle refleksjonar, tala i store bokstavar og senda avslørande dritpakkar over Langfjella.
Ingen kan ta frå Meyer retten til å titulera seg «administrerande direktør emerita i Statistisk sentralbyrå», for medan emeritus/emerita blir tildelt etter forteneste i Sverige, er titlane utan vern i Noreg. Derfor har me etter lova om UH-sektoren, § 6–7, tredje ledd, hordar av professores emeriti. Det finst også dei som kallar seg biskop em, bonde emerita og journalist emeritus. Det veit Byråsjefen, men han liker det ikkje, for han ville gjerne ha vore ein eksklusiv byråsjef emeritus. Etter sine lojale merittar som embetsmann, meiner han seg emeritert.
DET PLAGAR Byråsjefen at Christine Meyer i fleire medium er omtala som «byråsjefen». Ekstra ille var det at det stod i den elles så truverdige Dagsavisen, som har stått dei systemberande modellane og Arbeidarpartiet nær. Det tyder på at sjølve tittelen «byråsjef» har mista respekt og kome i forfall. Byråsjefen lurer på om han må setja sin lit til Venstre for å bli varig verna, i det minste som eit fortidsminnesmerke, for Trine Skei Grande har som kampsak å gjera «lærar» til ein verna yrkestittel for å løfta statusen.
Byråsjefen minner om den stolte rekka av særmerkte byråsjefar. Dei har ikkje gått på gummisolar, men sett spor etter seg, frå Henrik Wergeland og framover: Erik Brofoss, Petter Jakob Bjerve, Harry Lindstrøm, Elisabeth Schweigaard Selmer, Ulf Underland, Arne Treholt, Karin Stoltenberg, Petter Nore, Marius Hauge.
Byråsjeftittelen er snart utrydda i alle kontorlandskap i offentleg forvaltning: Det er berre éin att – i Nærings- og fiskeridepartementet. I staden for fagkontor har det kome einingar og seksjonar som fyllest opp med underdirektørar, spesialrådgjevarar, førstekonsulentar og andre kopistar utan fullmakter, som så blir seniorrådgjevarar før dei har betalt ned studielånet.
I PRIVAT SEKTOR er det endå verre. Det grovaste Byråsjefen har sett, er ein sjikanøs video frå advokatfirmaet Strandenæs der ein Merverd Fiscal legg fram statsbudsjettet. Han er byråsjef i Finansdepartementets avdeling for innovasjon, der 350 dyktige byråkratar arbeider med å finna opp nye skattar og avgifter for deg og meg.
Like ille er det at tittelen «byråsjef» blir brukt om dei som leier reklamebyrå der art directors driv med content marketing i løynde nettverk mellom fyrstehusa. Byråsjefen grip seg i å tenka at det er slike folk som kan koma til å forvandla forvaltninga til reine PR-byrå for den politiske leiinga. Han liker ikkje denne leiken, for statsrådar skal kunna koma og gå, men det nøytrale byråkratiet må bestå. Dei som tar alle signal og finn seg vel til rette som overlojale hjelpesmenn for det politiske sekretariatet, burde få avskil i nåde saman med statsråden.
SPALTISTEN har ikkje klart å halda Byråsjefen i taum denne veka, sjølv om han er konspiratorisk og hårsår på eigne vegner. Men som varslar har han eitt og anna å fara med. Fag og politikk er ulike profesjonar i to ulike regiment. Ei fagleg dyktig og uavhengig forvaltning som også kan vera Djevelens advokat mot sine politisk føresette, er ein del av gullstandarden i den norske modellen.
Der har ikkje minst Framstegspartiets folk noko å læra. I ryggmergen er dei skeptiske til statleg formynderi, men i posisjon har dei sterk hang til det autoritære. Dei kallar det å skjera gjennom.
Andreas Hompland er
sosiolog og skribent.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Christine Meyer er for alltid
administrerande direktør emerita
i Statistisk sentralbyrå.»
Fleire artiklar
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»
150-årsjubilant: den austerrikske komponisten Arnold Schönberg (1874–1951).
Fredshymne
Kammerchor Stuttgart tolkar Schönbergs «illusjon for blandakor» truverdig.
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.