JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2018
20170616
2018
20170616

Ein gong spela eg «Blue Monk» på trøorgel. Orgelet står enno i kjellaren, og det er sant. Eldstemann hadde skaffa ein Tandberg bandopptakar og tok opp musikk frå radio. Det næraste eg kom pianisten Thelonious Monk fysisk, var 10. april 1966, då han heldt konsert i Oslo med Charlie Rouse på saksofon, Larry Gales på bass og Ben Riley på eit trommesett som var så dårleg at berre ei skarptromme var intakt. Innimellom gjekk meisteren Monk rundt i ei skinnlue, og NRK-opptaka gjekk sin sigersgang.

Kvifor skriv eg om dette?

Eg har nett vore på den siste i ein serie på over 44 konsertar på 13 kveldar på Musikkhøgskolens jazzeksamensfestival. Jazzeksamen vil ikkje seie at det berre vart spela rein jazz, men at det inngjekk i konsertane kandidatane la opp til eksamen. Nokre av musikarane spela i fleire band, og stemninga var euforisk.

Om folk spør om eg aldri er lei av jazz, er svaret ja, men det går over. Verre var det med mitt gamle anlegg med CD-, plate- og kassettspelar då CD-spelaren streika. Du vil ikkje tru det, men på hylla mi låg Miles Davis’ Sketches of Spain, innspelt på kassett. Og den kjende «Concierto de Aranjuez» av Joaquin Roderigo tona ut i rommet.

Eit påskot skal ein ha for å drøyme seg bort til då det meste skjedde, på det myteomspunne sekstitalet: Elvin Jones og Jon Coltrane, eit handtrykk frå Miles Davis, «How Are You My friend», og du mista munn og mæle. Då Ornette Coleman gjorde sitt beste for å forklare det harmolodiske i musikken, og det var Carmen McRae som song Thelonious Monk på plate.

Frå rommet høyer eg «All Blues» på plata med namnet Kind of Blue. Og eg ser Shirley Horn ta på seg dei kvite hanskane då ho kom til Norge berre éin gong, og det var til Voss. Der var også Abbey Lincoln med sitt kraftfulle uttrykk. Og eg høyrer Coltrane og Miles «On Green Dolphin Street» i Stockholm i 1960.

Salen vår heiter Victoria, også kalla Nasjonal jazzscene. Der var det «jazz på prøve» i 13 dagar. Jazz er ein måte å leve på, sa Kenny Clarke på Hot House i Oslo i 1980.

R.H.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

KommentarSamfunn
Halvor Tjønn

Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.

Tusen dagar med russisk katastrofe

Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.

Foto: Thomas Fure / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Mingleklubben for makt og pengar

Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.

KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.

Thomas Fure / NTB

Samfunn
Christiane Jordheim Larsen

Utfordrar kjønnsundervisninga

Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.

Einar Økland heime i Valevåg.

Einar Økland heime i Valevåg.

Foto: Helge Skodvin

Kultur

Samlaren

Einar Økland vil helst høyra noko han ikkje har høyrt før – og så skriv han ein lyrisk tekst som han ikkje visste at han kunne skriva. Deretter held han fram med å samla.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis