JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Facebook som gapestokk

– Ein kan ikkje forsvare eitt lovbrot for eit anna, seier jusprofessor Jon Petter Rui.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Politiet legg bort mange saker, sjølv om den fornærma sit med bevis. Somme reagerer med å utlevere dei antatte gjerningspersonane på Facebook.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

5208
20170707

Samtalen

Jon Petter Rui,

jusprofessor ved Universitetet i Bergen

Aktuelt

Bedriftseigar har fått ei bot på 75.000 kroner for sjølvtekt

elovereidegmail.com

Ein bedriftseigar i Kristiansand fanga innbrotstjuvane med kamera då dei stakk av med eit stillas til ein verdi av 50.000 kroner. I frustrasjon over at politiet la bort saka, ironisk nok for mangel på identifisering av gjerningspersonar, publiserte bedriftseigaren Tor Sigurd Bransdal overvakningsbilda på Facebook. Innlegget fekk mykje merksemd, og ikkje lenge etterpå kom eit brev i posten frå Datatilsynet.

I brevet får Tor Sigurd Bransdal eit varsel om at han får 75.000 kroner i bot for å ha publisert bilde som identifiserer dei omtalte personane, og for å ha utlevert personopplysingar. I tillegg meiner Datatilsynet at Bransdal gjennom bedrifta si har tatt lova i eigne hender. Saka har skapt stor debatt i media denne veka, der fleire tar parti med sørlendingen. Til Fædrelandsvennen seier Bransdal at han ikkje ville publisert usladda bilde dersom han ikkje var sikker på at personane var skuldige.

Jon Petter Rui er jusprofessor ved Universitetet i Bergen og ekspert på økonomisk kriminalitet og strafferett. På spørsmål om kvifor eitt enkelt Facebook-innlegg kan straffe seg så mykje, viser Rui til faren med sjølvtekt:

– Ein må hugse på at i enkelttilfelle kan ting verke urimelege. Om ein tenker at påtalemakta ikkje gjer jobben sin, kan ein refleks vere å svare med eige brotsverk. Men det er staten som har monopol på maktutøving, av gode grunner, seier han.

Men kva skal folk gjere då, om dei føler at politiet berre legg bort saker?

– Vi har overlate straffeforfølginga til staten, og kan ikkje la straff vere opp til den enkelte. Å ta lova i eigne hender er ein del av historia vår, og framleis ein del av kulturen i mange land. Erfaringar tilseier at vi ikkje kan tillate sjølvtekt.

Kva om politiet ikkje alltid gjer jobben sin?

– Då må dei gjere jobben sin. Vi kan ikkje overlate det til private, då får vi anarki. Skal vi ha det slik at kvar gong nokon ikkje gjer jobben sin, så er det fritt fram for nye lovbrot? Det er både juridisk og moralsk problematisk. Skal du felle dom i eiga sak, er tendensen at dommen ikkje blir nøytral. Samfunnet blir ikkje bra av at konfliktar blir handterte privat. Det skapar korkje rettferd eller tillit.

Forstår du frustrasjonen over at gjerningspersonar slepp unna?

– Eg har forståing for mange lovbrot. Men om det er rett, er ei anna sak. Lovene er vedtekne demokratisk av Stortinget og folket. Om ein gjer seg skuldig i lovbrot på grunn av eit anna lovbrot, er det problematisk. Kva blir konsekvensane då? Sjølv om ein kan forstå det menneskelege aspektet, betyr ikkje det at ein aksepterer lovbrotet. Eit samfunn med hemn og privat rettshandheving er ikkje noko vi ønsker, derfor har vi overlate viktige behov for rettferd til staten. Til gjengjeld forventar vi at staten tar oppgåva med forplikting og ansvar.

Bedrifta til Bransdal har hatt ei rekke innbrot utan at det har fått konsekvensar. Mange føler at dei ikkje har noko rettsvern når politiet legg sakene bort gong på gong.

– Det har vore ein del kontrovers rundt at politiet legg bort mange saker. Mykje av kritikken er rettkomen, særleg ved butikktjuveri og mindre alvorlege lovbrot. Men ofte er det desse sakene ein blir rørt ved som samfunnsborgar, og dei er ikkje bagatellar for dei det gjeld. Det er klart at ei kjensle av at lovbrot passerer ustraffa, skapar dårleg tillit til systemet. Nordmenn generelt har likevel stor tillit til domstolane i landet, og i stor grad også til politiet. Påtalemakta i Noreg er dessutan ei av dei som nyttar mest skjønn i Europa. I tillegg har politiet plikt til å etterforske saker. Diverre blir mange meldingar lagde bort på grunn av avgrensa kapasitet hos politiet.

Får politiet stadig fleire utfordringar med sjølvtekt på nettet?

– Ja, det gjer dei. Kripos er dei som har spisskompetanse på digitale forum, men politiet og påtalemakta i dei ulike områda jobbar med å forbetre den digitale kompetansen sin.

– Kvifor skal staten følge med på kva vi gjer på Facebook?

– Det er vanskeleg å kommentere vedtaket frå Datatilsynet i akkurat denne saka. Men Facebook er eit virtuelt samfunn som vi har lite kontroll over. Det er konstruert som ein offentleg kanal, og vi kan ikkje gjere unntak for internettmedium. Folk treng å vere medvitne rundt slike medium; ofte er Facebook meir effektive på å nå ut til folk enn lokalavisa er.

Kva kan vi gjere med saker som denne, anna enn å stole på at politiet gjer jobben sin?

– Staten har monopol på straff, og påtalemakta må straffeforfølge der det er grunnlag for det. Men ein bør også vere klar over kva ressursar politiet har. La oss seie at det skjer hundrevis av slike tjuveri med berre éin politibetjent på jobb. Då kan det vere feilslått å kritisere politiet. Det er sunt i ein rettsstat å kritisere denne makta, men ofte vanskeleg å gjere seg opp ei meining i enkeltsaker, seier jusprofessoren.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

«Det har vore ein del kontrovers

rundt at politiet legg bort saker.

Mykje av kritikken er rettkomen.»

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

KommentarSamfunn
Halvor Tjønn

Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.

Tusen dagar med russisk katastrofe

Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.

Foto: Thomas Fure / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Mingleklubben for makt og pengar

Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.

KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.

Thomas Fure / NTB

Samfunn
Christiane Jordheim Larsen

Utfordrar kjønnsundervisninga

Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.

Einar Økland heime i Valevåg.

Einar Økland heime i Valevåg.

Foto: Helge Skodvin

Kultur

Samlaren

Einar Økland vil helst høyra noko han ikkje har høyrt før – og så skriv han ein lyrisk tekst som han ikkje visste at han kunne skriva. Deretter held han fram med å samla.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis