Taktikarane vann
Venstre har særs illojale veljarar og vart berga av Høgre. Men blokkene ser ut til å ha stabilisert seg på ny, syner den fyrste valgranskinga. Dessutan løner det seg å røysta taktisk.
Trine Skei Grande arbeidde og sleit under valkampen. Ho kunne truleg ha slappa meir av. Høgre kom å berga henne.
Foto: Mariam Butt / NTB scanpix
SAMTALEN
Bernt Aardal
professor og valforskar
AKTUELT
Den fyrste valgranskinga
SAMTALEN
Bernt Aardal
professor og valforskar
AKTUELT
Den fyrste valgranskinga
Jon@dagogtid.no
Onsdag denne veka kom det fyrste dryppet om kva som skjedde under valet. Då publiserte valforskarane Bernt Aardal og Johannes Bergh den fyrste valgranskinga om veljarvandringar. Aardal er professor ved Universitetet i Oslo.
– Kva funn overraska deg mest?
– Vel, eg har no gjort dette før, så eg vert ikkje så forundra, og det har vore målingar som har vist delar av funna våre. Men det vi kan seia, er at dei ulike meiningsmålingane har sprikt mykje før valet. Våre tal får vel ei viss tyngde i den forstand at vi kan visa kva som har vore likt og ulikt frå meiningsmålingane. Og det partiet som overraskar mest, er altså Venstre. Ja, det var visse målingar som tydde på at dei hadde ein lojalitet på ned mot 30-talet frå førre val. Men mange viste ein klart høgre tendens. Dei hamna på 34 prosent. Det er ekstremt lågt til og med til Venstre å vera.
– Trine Skei Grande likte ikkje det du sa der?
– Nei, ho har polemisert mot meg og sagt at Venstre alltid har hatt illojale veljarar, og det er nok delvis rett. Men hugs at seinast i 2013 var 59 prosent av Venstre-veljarane lojale. Men dei vart berga av tidlegare Høgre-veljarar.
– Så det løner seg å røysta taktisk? Eg har alltid trutt at det var bingo.
– Taktisk røysting kan løna seg i sterk grad. I boka vi skreiv om valet i 2013, hadde vi faktisk eit eige kapittel om taktisk røysting, så dette har vi studert tidlegare. Nei, det treng ikkje vera slik at alle Høgre-veljarane frå førre val som Venstre fekk, røysta taktisk, men det er openbert eit element av taktisk røysting her. Etter at vi fekk sperregrensa på 4 prosent, har dette slått mykje kraftigare ut. Berre ved å passera 4 prosent kan ein gå frå ein eller to til minst sju eller åtte representantar. I Sverige har dei halde på slik lenge. Sossarane har røysta på Venstern og i alle år kalla dei «Kamerat 4 prosent». Når Centern får likande utslag, er namnet «Traktor 4 prosent».
– Men å røysta taktisk har noko ureint ved seg, meiner mange?
– Poenget er at fenomenet finst. Det er heller ikkje mindreverdig i eit demokrati at ein tek ulike omsyn og ser samanhengar. Ein røystar elles ikkje på eit parti ein verkeleg ikkje liker. Eit parti er ikkje meir eller mindre dårleg om det får taktiske røyster.
– Kan vi seia at blokkene no har frose fast att?
– Eg vil seia både og. Før 2001 var tendensen at folk sa at dei såg liten skilnad mellom partia og blokkene, men mellom 2001 og 2005 såg vi ei resementering. Vi fekk det raudgrøne alternativet, og den borgarlege sida vart etter kvart meir samde seg imellom. Då vart det meir polarisert att. Men vi ser likevel ved dette valet at det har vore ein del vandring mellom Høgre og Arbeidarpartiet. Hovudtrenden er likevel at det er mest vandring internt i blokkene. Ap har tapt mest til dei andre raudgrøne partia. Ved førre val tok H mange røyster frå Frp. Desse har no vandra attende.
– De seier ikkje noko om kva tema folk har vore opptekne av. Fekk Frp og Listhaug innvandring på agendaen til veljarane?
– Den fyrste rapporten om dette kjem måndag, så du får nok venta. Men jau, alt før valet var det meiningsmålingar som viste at innvandring var eit tema veljarane la meir vekt på enn ved førre val. For å seia det sånn: Eg trur mange vil finna rapporten interessant.
– Leiarskapen i Ap har køyrt ei stor intern evaluering etter valnederlaget. Men er dei som «eig» eit parti og sakene dei rette til å gjennomføra slike granskingar?
– Veka etter valet var eg på ein konferanse der mellom anna Bård Vegar Solhjell var til stades. Han sa noko klokt. Han fortalde at han hadde vore med på mange evalueringar, særleg etter nederlag. Det han hadde lagt merke til, var at dei som tok ordet, kom opp med dei same kjepphestane dei alltid hadde hatt. Og det er vanskeleg for partileiinga å verna seg mot desse kjepphestane. Når ein har eit dårleg resultat, kan ein ikkje seia at ein førte ein god valkamp på basis av dei rette sakene. Når det er sagt: Særleg dei store partia, Ap og H, gjennomfører store meiningsmålingar og analysar etter val og finn heilt sikkert interessante ting. Men desse har ikkje eg hatt tilgang til, og det lek lite frå desse analysane, sett vekk frå når partileiinga meiner dei tener på det. Til dømes har Ap leke at tapet av LO-medlemmar til Frp var lite denne gongen.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Ved førre val tok Høgre mange
røyster frå Frp. Desse har no
vandra attende.
Fleire artiklar
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»
150-årsjubilant: den austerrikske komponisten Arnold Schönberg (1874–1951).
Fredshymne
Kammerchor Stuttgart tolkar Schönbergs «illusjon for blandakor» truverdig.
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.