Nyval eller mindretalsstyre
Tyskland går anten mot eit heilt uvanleg nyval eller mot noko like uvanleg – ei mindretalsregjering, seier professor Elin Nesje Vestli.
Kva gjer Merkel no? Vert det for fyrste gong i Tyskland ei mindretalsregjering eller eit nyval rett etter eit val?
Foto: Axel Schmidt / NTB scanpix
SAMTALEN
Elin Nesje Vestli
professor ved Høgskolen
i Østfold
AKTUELL
Dei tyske regjerings-forhandlingane
SAMTALEN
Elin Nesje Vestli
professor ved Høgskolen
i Østfold
AKTUELL
Dei tyske regjerings-forhandlingane
post@rem.no
To månader etter det tyske valet har regjeringssonderingane brått stogga. Kring bordet sat Merkels Kristendemokratane (CDU), som samarbeider med delstatspartiet Kristensosial Union (CSU), miljøpartiet Dei grøne og dei økonomiskliberale Fridemokratane (FDP), eit slags systerparti av norske Venstre, utan grøn profil. Kva som skjer no, er uklårt. Professor Elin Nesje Vestli ved Høgskolen i Østfold kjenner Tyskland og følgjer utviklinga frå dag til dag.
– Kvifor kom det til eit brot?
– Fridemokratane erklærte at det ikkje fanst tilstrekkeleg gjensidig tillit til vidare sonderingar. Det kom uventa. CDU/CSU og FDP hadde signalisert at dei snakka godt saman, og at Dei grøne hadde kome dei i møte.
– Kva går usemja i?
– Realpolitisk handlar det om usemje i klima- og innvandringspolitikken.
– Kva har vore klimausemja?
– Spørsmålet om kolindustrien har hatt ein del å seia. FDP lyttar til næringslivet og vert difor for passivt, slik Dei grøne ser det. Generelt er det stor klimapolitisk avstand mellom Dei grøne og CSU, men dei såg ut til å finna saman i landbrukspolitikken, overraskande nok.
– Kva har koalisjonspartnarane vore usamde om i innvandringspolitikken?
– Det mest synlege har vore spørsmålet om familieinnvandring. Der har det vore Dei grøne mot resten. Dei grøne er liberale medan FPD og CSU ynskjer ein streng politikk. I mellom står Merkels CSU som har vorte pragmatiske i innvandringsspørsmål.
– Når vert det eventuelt nyval?
– Truleg ikkje før mot påske. Det skal gå minst 60 dagar frå nyvalet vert utlyst til sjølve valdagen. Men fyrst vil president Frank-Walter Steinmeier gjera sitt ytste for å stabla ein koalisjon på beina.
– Når var det sist ein slik situasjon i Tyskland?
– Det har aldri vore nyval under slike omstende som no, rett etter eit val. Berre når koalisjonar har brote saman eller kanslarar har gått av.
– Kven kan tena på dei usikre tilhøva no?
– Eigenleg ingen. Den parlamentariske situasjonen i Tyskland er stabil. Merkels parti har vore godt over og aldri under 30 prosent i dei tolv åra ho har vore kanslar. Det har ikkje vore store svingingar som elles i Europa.
– Kva kjem den tyske stabiliteten av, anna enn av ein god økonomi, no etter migrasjonskrise, brexit og Trump?
– At eit ytre høgre-parti ikkje har vorte større, som elles i Europa, kjem dels av at Tyskland har ei stor og opplyst ålmente, dels av den historia landet hadde på 1930- og 1940-talet, og dels av at tyskarane rett og slett er vande med og likar stabilitet.
– Men med nær 13 prosent av røystene fekk innvandringskritiske Alternativ for Tyskland (AfD) eit gjennombrot i det fyrste valet etter folkevandringa hausten 2015.
– Ja, dei har ete av dei andre partia og vonar nok å gå fram i eit eventuelt nyval, men så langt tyder ikkje målingane på at dei vil gjera det. Jamvel om partiet skulle gå fram eit par prosentpoeng, vil det tyda lite av di dei er heilt uaktuelle som koalisjonspartnar.
– Somme seier at samanbrotet i sonderingane er «byrjinga på slutten for Merkel»?
– Alle veit at ho er inne i den siste perioden sin. Ho stiller ikkje i 2021. Ho er svekt, ja, men det er usannsynleg at ho trekkjer seg no. Då ville alt vorte langt meir ope. Men partiet hennar skjønar at dei må finna ein arvtakar på sikt.
– Kva koalisjonar kan du sjå føre deg, anten i staden for eit nyval eller etter eit eventuelt nyval?
– Etter å ha vore i koalisjon med Merkel, har Sosialdemokratane (SPD) insistert på å gå i opposisjon …
– … etter eit dårleg val i september …
– … ja, men no er somme i SPD på gli. Den koalisjonen som ikkje kom lenger enn til sonderingar, vart kalla Jamaica av di dei tre partia har same fargar som det jamaikanske flagget. Men kjem SPD på gli, kan me i staden få Kenya …
– … svart, grønt og raudt …
– … fargane til CDU/CSU, Dei grøne og SPD. Andre SPD-arar seier at partiet kan støtta ei mindretalsregjering leia av Merkel. I så høve vert det Tysklands fyrste freistnad med ei mindretalsregjering. Jamaica var ikkje mogeleg. Ein raudraudgrøn koalisjon er heller ikkje sannsynleg.
– Kvifor ikkje?
– SPD sokk på meiningsmålingane då dei flørta med venstresidepartiet Die Linke.
– Det ligg uansett an til noko uvanleg: nyval eller mindretalsregjering?
– Slik ser det ut no.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Merkel er svekt, ja, men det er usannsynleg at ho trekkjer seg no. Då ville alt vorte langt meir ope.»
Fleire artiklar
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»
150-årsjubilant: den austerrikske komponisten Arnold Schönberg (1874–1951).
Fredshymne
Kammerchor Stuttgart tolkar Schönbergs «illusjon for blandakor» truverdig.
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.