– Eg trur ikkje Trump veit kva aktør han har med å gjere i Putin, seier forskar Karen-Anna Eggen ved Institutt for forsvarsstudium.
Russlands president Vladimir Putin og USAs president Donald Trump har historisk sett hatt eit godt forhold. Her er dei under eit G20-møte i Japan i 2019. I dag gjentek Donald Trump mykje av russiske talepunkt, seier forskar Karen-Anna Eggen ved Institutt for forsvarsstudium. Foto: Kevin Lamarque / ReutersFoto: Kevin Lamarque / Reuters / NTB
Det er
ikkje lett å overskode følgjene av samtalane som denne veka har starta mellom
USA og Russland i Riyadh i Saudi-Arabia, men éin ting verkar sikkert: Dei lovar
dårleg både for Ukraina og for resten av Europa. Når alt kjem til alt, er samtalane
kan hende berre lovnadsrike for Russland.
Forskar
Karen-Anna Eggen ved Institutt for forsvarsstudium ser ikkje vekk
frå at USAs president Donald Trump no gjer opp rekning utan vert.
– Eg trur
ikkje Trump veit kva aktør han har med å gjere i Putin. Dei to leiarane deler
verdsbilete, og dei er nærare kvarandre i verdisett enn det Trump og europeiske
leiarar er. Trump er også autoritært anlagt, så der er det nok ei kopling. Men
eg trur ikkje Trump forstår i kor stor grad russisk strategi byggjer på manipulasjon som verkemiddel,
både mot den amerikanske befolkninga og mot den amerikanske leiinga, seier ho.
Ho syner
til at russarane har jobba målretta mot Trump og den amerikanske befolkninga, med ein storstilt informasjonskampanje som har bygd opp om egoet til Trump og teikna
eit bilete av europearane som krigshissarar og Ukrainas president Volodymyr
Zelenskyj som illojal, for å unngå at dei får vere med i fredsforhandlingar.
No har
dei fått det som dei ville.
– Skal vi sjå Trumps forsøk på å presse Ukraina økonomisk og skuldingane om at det er
Ukraina som har starta krigen, som teikn på kor godt dei har lukkast?
– Det er vanskeleg å seie sikkert. Ein god del kan nok tilskrivast Donald Trump sjølv og verdssynet han og rådgjevarane hans har. I tillegg har Trump og Putin historisk sett hatt eit godt forhold. Men Russland har i lang tid aktivt ført ein informasjonskonfrontasjon overfor Vesten, og uansett kva som er årsak og verknad her, gjentek no Donald Trump mange av dei russiske talepunkta, seier Eggen.
Russiske
premissar
Eggen tek
doktorgrad om russisk informasjonskonfrontasjon og informasjonsoperasjonar i
Norden og var ein av forskarane som føresåg den russiske invasjonen i 2022.
Ho ser
ikkje føre seg at det går mot fredelegare tider no. Tvert om.
– Trump
uttalar seg som om han trur Putin ønskjer fred, men alle signal frå russisk side
peikar i motsett retning, seier ho.
Karen-Anna Eggen var ein av forskarane som føresåg den russiske invasjonen i 2022. Foto: Terje Pedersen / NTBFoto: Terje Pedersen / NTB
Slik Eggen
ser det, er den einaste grunnen til at det er ein forhandlingsdynamikk no, at
Putin, med Trump som motpart, ser høve til å presse gjennom ei våpenkvile og
stillstand i krigen på russiske premissar, som vil seie at Russland får behalde
okkuperte territorium, og at landet får vetorett over ukrainsk
tryggingspolitikk.
Ein
eventuell slik avtale, diktert over hovudet på Ukraina, kjem verken Ukraina
eller Europa elles til å godta. Spørsmålet er om dei vil klare å gjere noko med
det, og om Europa kan klare å samle seg med styrke og kraft, legg Eggen til.
– Ein
fase
For den politiske og militære leiinga i Russland er våpenkvile og fredsavtale berre å sjå som ein fase i krigen, ifølgje
Eggen.
– Ei våpenkvile vert sett på som eit verkemiddel for å fremje Russlands militære og storpolitiske mål. Det vil vere ein pause for å byggje seg opp og anten gå til åtak på Ukraina igjen eller utvide krigføringa vidare. Russland ser seg sjølv i vedvarande konfrontasjon med Vesten og har også gjort det tydeleg kva landet ønskjer.
Ho syner
til ultimatumet Russland la fram i eit brev til Nato og USA i desember 2021, under
opptakten til fullskalainvasjonen. Brevet inneheldt krav om at Nato ikkje skal
utvide vidare, i alle fall ikkje ta inn Ukraina, og trekkje tilbake styrkar
og våpen frå alle land som har kome til alliansen etter 1997, som inkluderer
Baltikum og resten av Aust-Europa.
– Når Trump
no signaliserer at USA vil trekkje seg meir tilbake, er det mykje som peikar
mot at Putin får det nett som han vil, seier ho.
– Men
kva om det no skulle verte ein avtale mellom USA og Russland av noko slag. Kjem
Putin til å halde avtalen?
– Berre
om det er truverdig avskrekking og makt bak krava. Russarane forstår maktspråk. No ser dei, nok ein gong, at valdsbruk løner seg: Det får ikkje konsekvensar å ha gått til fullskalakrig. Det har smerta litt, men samstundes
har Putin fått omstilt heile økonomien til ein krigsøkonomi og fått ei
militarisering av samfunnet. Det er det han treng for å vidareføre stormaktsambisjonane,
seier Eggen.
– Det er mykje som peikar mot at Putin får det nett som han vil.
Karen-Anna Eggen, Institutt for forsvarsstudium
Splitting og ekspansjon
– Om
det vi ser no, berre er ein fase i ei større krigføring, kva for andre land bør
vere uroa?
– Det er
vanskeleg å seie, men får vi eit scenario med ein dårleg avtale for Ukraina, og
der amerikanarane trekkjer seg tilbake frå Europa, og Europa sjølv ikkje klarar
å samle seg med styrke og kraft, er det nok i fyrste omgang Ukraina igjen som
får merke det, i tillegg til Georgia og Moldova. Dessutan peikar fleire mot at Russland kan freiste å ekspandere og finne på å
utføre åtak i andre europeiske land. Truleg ikkje store åtak i fyrste omgang, men alvorlege nok
til å få testa om europeiske land klarar å stå samla og faktisk gjere
alvor av artikkel 5 i Nato-traktaten (som seier at eit åtak på eitt eller fleire
av landa skal sjåast på som eit åtak mot dei alle, journ. merk.). Det kan også vere at russarane ser mot Svalbard, som er strategisk viktig og utan norsk militært nærvær.
– I
tillegg til den militære dimensjonen veit vi også at Russland driv med
sabotasje og aktiv destabilisering og splitting i europeiske land. Russland
brukar heile spekteret frå fred til krig, legg ho til.
– Kor
sårbart er Noreg i dag?
–
Amerikanarane har jo ei interesse av Noreg, i og med at vi ligg så nær Russland og den strategiske slagkrafta på Kolahalvøya, og Noreg si rolle i å
vakte området og overvake og halde kontroll vil truleg vere viktig for
amerikanarane framover også. Samstundes er det eit dilemma her, for det igjen
kan gjere at Noreg kjem i skvis mellom EU og USA. Held USA fram den autoritære
vendinga, vert spørsmålet om Noreg er tent med den amerikanske interessa.
Hardt mot hardt
Slik Eggen ser det, er det ikkje anna enn at Nato set hardt
mot hardt, som kan stoppe Russland no.
– Slik eg les situasjonen, er det det som er tilfellet. Europa har eit handlingsrom her, for Russland er ikkje uovervinneleg. Landet er heller ikkje særleg
sterkt om vi tenkjer på kva det har vist av kampkraft i Ukraina. Der nærmar
det seg ein million drepne og skadde, og Russland har teke over knapt 20
prosent av landområda trass i at Ukraina ut frå dei fleste parametrar er mindre.
Så Russland har ikkje imponert. Økonomisk er landet også svært pressa, men frykta for kva ein kollaps i Russland vil medføre, har truleg vore førande for
at det ikkje er sett hardt mot hardt før, i tillegg til atomtrugselen. Men på
eit tidspunkt er spørsmålet om vi ikkje må auke risikoviljen til å påføre
Russland større tap. Klarar Europa no å samle seg, få til ei faktisk opprusting
og få opp produksjonskapasiteten, vil det vere ein beskjed Kreml vil ta til seg.
– Kor
stabilt er Putins Russland internt i dag?
– Putins
regime verkar svært stabilt nett no. Eg har ikkje registrert nokon teikn til at
det har motstand verken i befolkninga, i den militære leiinga eller i det
større russiske apparatet. Men vi har den klassiske lærdomen om at det er
stabilt heilt til det ikkje er det. Då Sovjetunionen braut saman, gjekk det fort. Problemet
er at vi ikkje veit når eller om det skjer denne gongen. Og med dei amerikanske
signala no er oddsa for at ein skal klare å slite ut Russland, dårlegare.