Svineriet
Eg har ein kamerat som bur i Brasil. Han er glad i maten der, men han klagar over at han ikkje får noko som liknar Gildes røkte middagspølser, altså svinefarseprodukt med smak av kjemikal. Problemet er at der nede får ein tak i kvalitet for ein relativt billig penge. Og når ein er vand med kvalitet, ja, så vil ein ikkje ha noko som liknar på Gildes røykte middagspølser eller medisterkaker. Og det brasilianarar ikkje vil ha, finst det sjølvsagt ikkje ein marknad for.
Ja, det har vore nemnt før, men det bør nemnast i år også. Det austlendingane har i seg til jol, er ikkje festmat. Jau då, svineister er fantastisk som smult, eg ser det, men smult i seg sjølv er korkje her eller der. Dessutan er ikkje svin arbeid. Mat utan arbeid er ikkje festmat. I mi heimbygd var det berre dei mest drikkfeldige bøndene som hadde svin. For svin makta til og med dei. Og – kjenner eg meg trygg på – det som galdt heime, må vera universelt.
I Noreg kan det i grunnen berre vera to jolemiddagar som er akseptable: lam og torsk. Torsken må sjølvsagt vera heilt fersk, og helst må du ha fiska han sjølv. I naudstilfelle kan du kjøpa klippfisk om du ikkje kan fiska sjølv. Men då skal det vera høg kvalitet og dimed pris slik at du får dårleg samvit. Dessutan er torsk – i motsetnad til svin – godt. Svin er i grunnen berre eigna til bacon. Det er lov å kombinera torsk og bacon på julaftan. Svin som hovudrett vert forbode når Erna har hatt makta lenge nok.
Men best er sjølvsagt pinnekjøt, og det skal vera røykt. Bak pinnekjøt ligg det innsats. Det er difor det kostar fem–seks gonger så mykje som ribbe. Kva er det beste på ribba, seier austlendingen? Svoren, som skal vera sprø. Det er noko trist over ein matkultur som ser på svidd smaklaus hud som noko ein skal gje borna til jol.
På hundebutikkar får ein kjøpt svidd turka svinehud frå Kina. Det er knytt saman til noko som liknar eit bein. Hundar nyttar gjerne eit par timar på å gnaga i seg noko slikt. Det skal vera bra for tennene. Kinesarane steiker det slik austlendingar steiker ribbe.
JH
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Den høgaste prisen eg har selt eit bilete for, er 40.000 kr. Eg veit jo ikkje om det er selt vidare for ein høgare pris.
Per Kleiva til Dag og Tid
17. desember 1987
Fleire artiklar
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»
150-årsjubilant: den austerrikske komponisten Arnold Schönberg (1874–1951).
Fredshymne
Kammerchor Stuttgart tolkar Schönbergs «illusjon for blandakor» truverdig.
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.