Tillit kan ikkje kjøpast for pengar
Julegåvetipset mitt til NIF er: Kjøp Tillitsmannen.
Bølgjene har ikkje lagt seg etter alkoholflyten og pengebruken i Norges Idrettsforbund (NIF), før Paradise Papers flagrar fritt over heile jordkloden. Det kan bli tøft for mange utan magemål og skam i livet framover.
Lat oss først sjå på NIFs bruk av pengane til medlemane. Middag for ti personar enda opp i 17.885 kroner. Alle veit det er dyrt i Noreg, men vinflasker til over tusen kroner høyrer ikkje heime i dette selskapet. Det høyrer ikkje heime i ein organisasjon bygd på dugnad og frivillig innsats. Det kunne vere formildande om maktfolket i idretten hadde betalt frå eiga lomme. Dei er vaksne menneske og må sjølv vurdere om dei vil ha alkohol til biffen eller østersen, som visstnok er det som står på menyen når norske idrettsleiarar møtes.
I glashus
Alle tillitsvalde sit i glashus i desse dagar. Har du reint samvit?
I skrivande stund er eg på styreseminar i Berlin som leiar for frilansjournalistane i Norsk Journalistlag. Tiltaksplanen er alltid med; det er den me skal levere på. Oppdraget fekk me på årsmøtet. Om eit år må me syne at me har levert varene, og at me har gjort oss fortent til tilliten. Så enkelt og så vanskeleg.
Men styreseminar i Berlin, med medlemane sine pengar, harmonerer det med å styrke tillit og syne måtehald?
Der NIF betalte nærare 18.000 kroner for middag for ti, kom me unna med om lag 2.500 kroner totalt for ti journalistar. «Middag og to einingar». Einingar er øl eller vin, men ikkje i klassen Brunello. Eg er inne på tanken om å dele kvitteringane på medlemssidene, slik at medlemane aldri skal vere i tvil om at me køyrer ei nøktern linje.
Arbeidshelga i Berlin inkluderte også møte med toppleiinga i det tyske journalistforbundet. Det er nyttig å utvide horisonten utover norske forhold. Eg har ikkje dårleg samvit for turen. Eg har heller ikkje problem med å forsvare at tillitsvalde som har null i inntekt på arbeid dei gjer for organisasjonen, får løn i form av ein tur til ein by som Berlin.
Tillitsmannen
I dei mange timane med diskusjonar og strategi las organisasjonssekretæren vår opp frå «Bibelen» for alle tillitsvalde: Tillitsmannen av Einar Gerhardsen. Mest for underhaldning, men også til ettertanke. Som tillitsvald skal ein aldri gløyme at ein har denne posisjonen eine og åleine på vegner av medlemane.
Dette er mitt julegåvetips til NIF: Kjøp Tillitsmannen. Boka byggjer på Einar Gerhardsens legendariske bok Tillitsmannen – en håndbok for tillitsvalgte. Boka kom ut fyrste gongen i 1931 og er blitt revidert ni gonger sidan den tid. Gullkorna frå opphavsmannen har overlevd alle redigeringar.
«En god tillitsmann må derfor under alle forhold, i sin private som i sin offentlige optreden, huske sitt ansvar og sine forpliktelser overfor den organisasjon og de kamerater som har valgt ham.»
Sitat frå Tillitsmannen.
Følgjer
Attende til karane med makt. Dersom dei respektlause handlingane ikkje får følgjer, kvifor skal dei då endre åtferd? Dersom dei framleis får halde fast på sine posisjonar og lønningspose, korleis skal dei då få respekt for folket – som tydeleg er makteslause?
«Foreningen dømmes ikke ut fra det som skrives, kommuniseres, informeres eller makedsføres, men ut fra det den gjør.»
Sitat frå Tillitsmannen.
Som ein grim kontrast kan eg nemne litteraturmeldaren i Bergens Tidende (BT), Silje Stavrum Norevik, som klipte og limte litt for heftig utan å kreditere kjeldene. Til no er det funne fem – 5 – artiklar frå 2017. Fagbladet Journalisten plasserte henne saman med andre – meir alvorlege – juksemakarar som hadde dikta opp fiktive intervju med internasjonale politikarar og kjendisar.
Eg er usikker på kva følgjene vart for dei, men konsekvensane for frilansaren med lidenskap for bøker vart at oppdraget for BT er avslutta og eit bokprosjekt lagt på is. Det hjelpte lite at Norevik la seg flat og orsaka at ho hadde levert slett arbeid.
Straumen av sympatierklæringar frå nettopp forfattarar og litteraturelskarar har heller ikkje hatt noko formildande effekt på straffa: gapestokken og tap av inntektsbringande oppdrag.
Tillit kan ikkje kjøpast for pengar. Tap av tillit skal svi. Men det svir ulikt om du er mann med økonomisk kapital eller kvinne med kulturell kapital.
Oddrun Midtbø er journalist.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Som tillitsvald skal ein aldri gløyme at ein har denne posisjonen eine og åleine på vegner av medlemane.
Fleire artiklar
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»
150-årsjubilant: den austerrikske komponisten Arnold Schönberg (1874–1951).
Fredshymne
Kammerchor Stuttgart tolkar Schönbergs «illusjon for blandakor» truverdig.
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.