Trump lurer Iran i revolverduell
Presidentens utanrikspolitikk er reine, skire The Good, the Bad and the Ugly.
Til liks med Clint Eastwoods Blondie skjønar Trump at berre ein av motstandarane hans har ein ladd revolver. Nord-Korea må handsamast annleis enn Iran, på same viset som the Bad måtte handsamast annleis enn the Ugly.
Den største revolverduellen i westernfilmhistoria finn vi i The Good, the Bad and the Ugly, i eit trekantoppgjer mellom Blondie (Clint Eastwood), Tuco (Eli Wallach) og Angel Eyes (Lee Van Cleef). Det sentrale poenget er at før skytinga tek til, har Blondie tømt revolveren til Tuco for kuler.
For medlemar av det utanrikspolitiske establishmentet i Washington, utan omsyn til partitilknyting, er Donald Trumps avgjerd om å trekkje seg frå ein atomavtale (med Iran), berre for å slutte seg til ein annan (med Nord-Korea), langt bortanfor forvirrande. «På eit tidspunkt då vi alle heiar på eit vellukka diplomati med Nord-Korea», skreiv tidlegare president Barack Obama for eit par veker sidan, «gjer det å forlate JCPOA Joint Comprehensive Plan of Action at vi risikerer å miste ein avtale som får til – med Iran – nettopp det vi ønsker å få til med nordkoreanarane».
«Dersom vilkåra i Iran-avtalen vart nytta i ein avtale med Nord-Korea», skreiv CNNs Fareed Zakaria førre torsdag, «ville det forplikte Pyongyang til å øydeleggje atomvåpna sine». Richard Haas, som sit i rådet for utanlandske relasjonar (Council on Foreign Relations), var like uroa: Trumps avgjerd om å forlate Iran-avtalen «kan få Nord-Korea til å spørje seg kor nyttig det er å skrive under ein avtale med USA».
Det er tydeleg at desse gutane ikkje har sett The Good, the Bad and the Ugly. Til liks med Eastwoods Blondie skjønar Trump at berre ein av motstandarane hans har ein ladd revolver. Nord-Korea må handsamast annleis enn Iran, på same viset som the Bad måtte handsamast annleis enn the Ugly.
Eg skulle ønske eg hadde ein dollar – eller ein neve dollar – for kvar artikkel eg har lese det siste året om kor dum og omsynslaus utanrikspolitikken til Trump er. Det morosame er kor få av skribentane som har peika på kor mykje dummare og meir omsynslaus utanrikspolitikken til forgjengaren hans var. Det er sant at den kjølige, professorale stilen til Obama var meir i slekt med retorikken til ekspertar på nasjonal tryggleik enn twitterstormane til Trump. Men lat oss dømme utanrikspolitikk etter resultata han har å vise til.
Som eg streka under i juli 2015, var målet for Obamas Iran-avtale ikkje berre å utsetje at Iran skaffa seg atomvåpen med ti år. For at avtalen skulle vere meir enn ei rein utsetjing, laut han òg betre den relative strategiske posisjonen til USA og deira allierte, slik at dei i 2025 ville ha større styrke til å hindre Iran i å bli med i klubben for atommakter.
Obama sa sjølv den gongen at håpet hans var at «ved å byggje på avtalen kan vi halde fram med å samtale med Iran på ein måte som oppmuntrar dei til å oppføre seg annleis i regionen, vere mindre aggressive, mindre fiendtlege, meir samarbeidsviljuge (...) til å løyse saker som Syria og det som skjer i Irak, til å slutte å oppmuntre houthiane i Jemen».
Dette var eit ekko av det han sa til The New Yorker i 2014: «Om vi kunne få Iran til å opptre på eit meir ansvarleg vis – til ikkje å finansiere terroristorganisasjonar, til ikkje å fyre opp under sekterisk misnøye i andre land og ikkje utvikle atomvåpen – kunne vi oppleve at det utvikla seg ein balanse mellom sunnidominerte golfstatar og Iran.»
Målet til Obama var maktbalanse i regionen. Kjernespørsmålet var, som eg sa den gongen, om Iran-avtalen ville auke regional stabilitet eller ikkje. Utfallet har blitt mykje godt, som eg spådde. I byte mot berre å saktne farten i arbeidet med å skaffe seg atomvåpen, fekk Iran 150 milliardar dollar i tidlegare frosne verdiar, i tillegg til ein handelsbonanza då det vart fjerna sanksjonar.
Avtalen inneheldt ingen trugsmål om å vekke sanksjonar til nytt liv dersom Teheran valde å nytte dei nye ressursane til å auke den militære støtta til Hizbollah og Hamas, Bashar al-Assads regime i Syria og dei sjiamuslimske houthiopprørarane i Jemen. Og så gjorde dei nett det.
Like føreseieleg var det at rivalane til Iran i regionen – særleg Saudi-Arabia og Israel – ville svare med å trappe opp den militære aktiviteten sin på desse arenaene. Obama trudde at ved å kjøpe tid ville han kome nærare regional balanse. Det han fekk, var det motsette: opptrapping av konfliktane. Heile strategien verka smart og gjennomtenkt. I praksis var han dum og omsynslaus.
Kva med Nord-Korea-politikken til Obama? Når det kjem til stykket, innførte regjeringa hans ineffektive sanksjonar som ikkje gjorde noko som helst for å seinke farten på Kim Jong-uns atomvåpenprogram. Då Obama forlét Det kvite huset, vart vi forsikra om at Nord-Korea var om lag fem år frå å ha interkontinentale rakettar og eit stridshovud lite nok til å kunne monterast på dei. I løpet av nokre månader etter at Trump var innsett, vart det klart at Nord-Korea i røynda hadde vore berre fem månader frå å ha skaffa seg desse stridsmiddela.
Trumps tilnærmingsmåte er omtrent det motsette av Obama sin. Her må parallellen til Eastwood-filmen setjast til sides. (Ettersom han veit at Tuco ikkje har kuler i revolveren sin, skyt Blondie ganske enkelt Angel Eyes, og får så Tuco til å grave etter gullet dei er ute etter.) Trump byrja med the Bad, ikkje the Ugly. Han truga Pyongyang ope med «eld og vreide».
Ei stund var Kim trassig, men at Sør-Korea og Kina frykta for at Trump meinte alvor, hadde sin verknad. Sørkoreanarane tilbaud olivengreiner. Kinesarane strupte det økonomiske luftrøyret til Nord-Korea. Då gjorde Trump ein viktig framstøyt: Han gjekk med på eit toppmøte med Kim. I neste månad, i Singapore, får vi sjå kva som kjem ut av det. Eg tippar at avtalen vil få dei som kritiserer Trump på rein refleks, til sjølve å sjå dumme ut. Han vil ikkje oppnå full stans i all kjernefysisk aktivitet, men han vil få noko. I mellomtida vil store sørkoreanske og kinesiske investeringar i Nord-Korea starte prosessen med å opne eremittriket.
Eg trur ikkje skandinavane vil gje Trump Nobels fredspris, like lite som dei vil ta attende Obamas fordi at han rota det til i Syria, men det er ikkje poenget. Poenget vil vere at Trump fekk til eit gjennombrot der Obama feila så grundig.
Over til Iran. Strategien til Trump i år 1 var å forsikre USAs allierte i regionen – ikkje berre saudiarane og israelarane, men òg dei andre arabarstatane – om at han var på deira side mot iransk ekspansjon. Om ein ser vekk frå det vesle, lokale problemet med Qatar, lukkast han med det. I år 2 gjeninnfører han ikkje berre amerikanske sanksjonar mot Iran – og hugs at dei råkar ikkje berre amerikanske selskap, men europeiske òg – han nyttar også press på bakken i alle dei landa der Iran har intervenert. Fram trer den nye gruppa med ansvar for nasjonal tryggleik, utanriksminister Mike Pompeo og rådgjevaren for nasjonal tryggleik, John Bolton, namn berekna på å få mullaene til å skjelve.
«I denne verda finst det to slags folk», seier Blondie til Tuco etter den minneverdige duellen. «Dei med ladde våpen og dei som grev.» På grunn av Obama-administrasjonens ineffektive taktikk, hamna nordkoreanarane i den første kategorien: Landet vart ei atommakt. Men Iran lyt grave no.
Iran er så økonomisk svakt at det kan kome opprørsbølgjer i desember og januar, og det vil ikkje vere lett for iranarane å stå imot gjeninnføringa av sanksjonar og tilbaketrekkinga av iranske styrkar i utlandet. Og om du trur at russarane vil hjelpe dei, må du ha gått glipp av handtrykket mellom Benjamin Netanjahu og Vladimir Putin i Kreml for to veker sidan.
Einerett: The Sunday Times / Dag og Tid
Omsett av Lasse H. Takle
Niall Ferguson og Paul Krugman skriv denne spalta annakvar veke.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Ei stund var Kim trassig, men at Sør-Korea og Kina frykta for at Trump meinte alvor, hadde sin verknad.
Fleire artiklar
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»
150-årsjubilant: den austerrikske komponisten Arnold Schönberg (1874–1951).
Fredshymne
Kammerchor Stuttgart tolkar Schönbergs «illusjon for blandakor» truverdig.
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.