Kommentar

USA frå garantist til trugsmål

Når Donald Trump truar med å gå i tospann med Vladimir Putin og nærmast er likeglad med allierte lands interesser, bør alarmen gå i dei europeiske landa.

Publisert Sist oppdatert

Etter at USAs president Donald Trump flytta inn i Det kvite huset, tek gamle allierte til å oppfatta USA meir som eit trugsmål enn som ein garantist for tryggleik.

Den vestlege diplomatiske boikotten av Russland blei avslutta denne veka. Det skjedde då Trump onsdag snakka i halvannan time på telefonen med Vladimir Putin. Dei to blei einige om å forhandla om Ukraina-krigen – utan at ukrainarane skal vera til stades.

Samstundes strøymde det inn med andre dårlege nyhende: USAs forsvarsminister Pete Hegseth sa i Brussel at ukrainarane berre kan gløyma å få att dei folkerettsleg anerkjende grensene sine. Eit Nato-medlemskap, som kan garantera Ukraina mot ny russisk aggresjon, kjem heller ikkje på tale, sa Hegseth.

Problemet som me har i Europa, er at me heile tida møter oss sjølve i døra.

Sidan lenge før Trump kom inn i Det kvite huset, har det gått rykte om at nett dette ville skje: Trump kan koma til å slutta ein avtale med Putin om Ukraina over hovudet både på dei Nato-allierte og på ukrainarane sjølve.

Om nokon skulle vera overraska over dette, kunne ein kasta eit blikk på noko som skjedde tidlegare denne veka. Då underteikna Trump ein presidentordre som la 25 prosent toll på import av stål og aluminium inn i USA. Det er korkje Russland eller Kina som blir mest råka av dette, men derimot Canada, ein av USAs næraste allierte.

Eit mønster

Å forhandla med Putin over hovudet på ukrainarane er sjølvsagt langt verre enn å innføra straffetoll mot gamle allierte. Likevel heng det saman, og ein har sett det sidan Trump flytta inn i Det kvite huset: Leiaren for supermakta USA skil ikkje mellom vener og fiendar. Han skil derimot mellom det som er hans, nemleg USA og tilliggjande herlegdomar på den eine sida, og alle andre på den andre sida.

Typisk var det at då Trump underteikna ordren om å leggja 25 prosent toll på stål og aluminium, la han til at det heile eigentleg ikkje var noko problem. Om Canada vil sleppa unna tollen, så var det berre for kanadiarane å slutta seg til USA. Den dagen Canada blir den 51. delstaten i USA, vil heile problemet med straffetoll forsvinna av seg sjølv, sa han.

Frå tidlegare hugsar me trugsmåla mot Danmark og mot Panama. Då Trump ikkje utelukka å bruka militære middel for å skaffa seg kontroll over Grønland, blei det sagt litt på spøk at Danmark måtte søkja vern i artikkel 5 i Atlanterhavspakta. Artikkelen seier som kjent at eit åtak på eitt Nato-land er eit åtak på alle, og det er sjølve fundamentet i det transatlantiske tryggingssystemet.

Frå spøk til alvor

Det som blei sagt på spøk i dagane rett etter 20. januar, blir no meir og meir alvor. Ifylgje den britiske avisa The Guardian har leiinga for tryggingskonferansen i München, den fremste konferansen i sitt slag i verda, teke opp temaet i ein rapport. I rapporten, som blir lagd fram ved opninga av konferansen i dag, heiter det at stadig fleire vestlege land går frå å sjå på USA som ein garantist for stabilitet til å bli ein politisk risikofaktor.

Signala frå Washington tyder på at USA ikkje lenger ynskjer å garantera den liberale verdsordninga. Samstundes er det ikkje utsikt til at noka anna makt kan ta over den rolla som USA har spelt, heiter det.

Rapporten til München-konferansen er skriven i god tid før Trump kunngjorde at han hadde snakka med Putin om å forhandla over hovudet på ukrainarane. Om forfattarane av rapporten hadde visst det me no veit, hadde konklusjonane deira antakeleg vore endå meir pessimistiske.

Skulle det verkeleg visa seg, dei neste månadene, at Trump tek sikte på å slutta eigne avtaler med aggressive autokratar (les: Vladimir Putin) og meir eller mindre gje blaffen i interessene til allierte land, vil alarmklokkene ringja i dei europeiske hovudstadene.

Dersom me i tillegg ser at den same amerikanske regjeringa slår inn på ein politikk for å byggja opp ein slags Festung Amerika, der dei freistar å skaffa seg kontroll med Canada, Grønland, Panama-kanalen og kanskje også andre område, er me verkeleg inne i eit heilt ukjent terreng. At den amerikanske kongressen har godkjent diktatorbeundraren Tulsi Gabbard som ny toppsjef for amerikansk etterretning, bidreg heller ikkje til å roa nervane.

Problemet som me har i Europa, er at me heile tida møter oss sjølve i døra. Dei siste åra har eit utal europeiske politikarar proklamert igjen og igjen at verdsdelen står last og brast med Ukraina, og at me ikkje kan leva med ein russisk siger i Ukraina. Samstundes har me visst ganske lenge at ein ny presidentperiode for Trump har vore fullt mogleg, og at Trump kunne koma til å gjera nettopp det han no gjer.

Det både Trump og alle me andre har visst like lenge, er at Europa på eiga hand hadde hatt meir enn nok musklar til å berga Ukraina. Om Europa hadde starta opprustinga då Putin invaderte Krym og Donbas i 2014 og no hadde brukt ein like stor del av sitt BNP til forsvar som det USA bruker, ville det ha vore kapasitet både til å forsvara Ukraina og til å byggja opp robuste militære apparat i alle europeiske land. Men europearane valde heile tida smør framfor kanonar. Når me måtte velja mellom å skjera ned på velferda i Europa og å la Putin ta over Ukraina, då ofra me heller Ukraina.

300 russiske milliardar

Den europeiske maktesløysa i møtet med både Trump og Putin er blitt demonstrert gjennom mykje anna som me kunne ha gjort, men som me har valt ikkje å gjera. Til dømes kunne dei europeiske landa i fellesskap ha teke over dei 300 milliardar dollarane med russiske pengar som står i europeiske bankar. Eit fond på meir enn 3000 milliardar kroner ville ha sett ukrainarane i stand til å produsera mykje meir våpen enn det dei gjer i dag.

Grunnen til at pengane ikkje er konfiskerte, er at ein manglar lovheimel for å gjera det. Men Europa kunne ha grunngjeve ein slik aksjon med at Russland fyrst braut folkeretten ved å gå til åtak på Ukraina.

Dessutan kunne Europa også ha stansa store delar av den russiske skuggeflåten som kvar dag seglar inn pengar til krigskassa til Putin. Heller ikkje det har Europa vore i stand til.

Det Trump les ut av dette, er at europearane tener stort på handelen med USA, samstundes som dei tappar det amerikanske forsvarsbudsjettet.

Europa er med andre ord eit tapsprosjekt.

Då er det betre å laga nokre avtalar med Putin, ein mann som veit kva militærmakt er, og som tenkjer nokolunde likt som han sjølv.

Halvor Tjønn er forfattar, journalist og fast skribent i Dag og Tid.