JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Dei norske landsdelane er i flytsona, i takt med statsmakt og regional identitetspolitikk.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Vegen over Vikafjellet knyter fylka Hordaland og Sogn og Fjordane saman. Regionreforma kan gje dei to fylka eit fellesnamn: Vestlandet.

Foto: Berit Keilen / NTB scanpix

4819
20170609
4819
20170609

hompland@online.no

Bakkar og berg, fjordar og fjell ligg fast i vårt «furete og værbitte» land, men det gjer ikkje landsdelane; dei er i flyt. Vestlandet – kyst-, fjord- og dalstroka frå Rogaland til Romsdal – er ikkje eldre enn dryge 100 år, og vestlendingane er like unge. Så når Hordaland og Sogn og Fjordane slår seg saman til det reviderte Vestlandet, juksar dei litt med namnet, men er innanfor språkleg og kulturgeografisk tradisjon. Dei hadde ikkje eingong trunge å gøyma det fusjonerte fylket i den sære namnekonstruksjonen Vestlandsregionen.

Kongelig forordning av 1273 kalla området frå og med Agder og vidare vestover og nordover til Hålogaland «nord i landet». Frå 1400-talet kom «nordafjells» og «sønnafjells» i bruk, men det var ikkje Dovre som var grensa; det var Langfjella. Når austmennene drog oppover dalane og over fjella for å koma til kysten, brukte dei nordmannavegar til Nordlandet, til dømes Nordmannsslepa på Hardangervidda. Til Røldal kom dei ned Austmannalia.

Midt på 1800-talet sette Eilert Sundt grensa mellom Nordlandet og Austlandet ved Egersund, for slik meinte han det hadde vore frå alders tid. Det vestenfjældske Norge kom ikkje i vanleg bruk før mot slutten av 1800-talet, og då som motsetnad til det østenfjældske. Det vestenfjældske var Christianssands stift og Bergens stift – altså strøka frå Agdesiden til Stadlandet.

Me må sjølvsagt tilbake til sunnmøringen Ivar Aasen som nyskapar. I Ordbog over det norske Folkesprog i 1850 presenterte han «vestlending» slik: «Indbygger af den vestlige Deel af Norge – det Vestenfjældske. Ogsaa Indbygger af det søndensfjældske Vestland eller Arendalssiden (Bamble og Nedenæs Fogderier m.m)».

I seinare utgåver snevra Aasen inn Vestlandet og vestlendingar, men det gjekk trått med å få gjennomslag. Telemarkingen Aasmund Olavsson Vinje brukte Vestlandet om dei sørlege kystområda i Norge, og for han var «dei reine Vestlændingar» frå Jæren og Lister. Som typisk vestlandske politikarar trekte han fram Ole Gabriel Ueland frå Dalane og Søren Jaabæk frå Lister og Mandals amt.

identitetspolitikk hadde ei regional stordomstid i nasjonsbyggingas siste fase. Namnet Nord-Norge blei lansert i 1884 av komponisten Ole Olsen frå Hammerfest ved eit kafébord på Hotel Royal der «Nordlændingernes forening i Kristiania» hadde møte. Hålogaland var vurdert som fellesnamn på dei tre nordlegaste amta, men blei forkasta som gammalmodig og utan framdrift.

Namnet Sørlandet blei introdusert av Wilhelm Krag i Morgenbladet 16. mars 1902 og fekk sitt offisielle stempel då Stortinget i 1913 døypte om jernbanen mellom Kristiania og Stavanger frå Vestlandsbanen til Sørlandsbanen. Det skjedde mot sterke protestar frå rogalendingane, som meinte at Sørlandet var eit motepåfunn som snart ville gå over. Det gjorde ikkje det: «Sørlandet» var Vilhelm Krags mest vellykka dikt. Dei skjønte ikkje det i Arendal, der høgre-
avisa heitte Vestlandske Tidende heilt fram til 1967.

Då Vilhelm Krag gav ut sine bløde viser i 1898, var tittelen Vestlandsviser, og titteldiktet begynte slik: «O, vestland, du min moderjord». I nyutgåva i 1917 var «vestland» blitt til «Sørland». Handlinga i folkekomedien «Baldevins bryllup», som stadig er Kristiansands byepos, la han til «en liden vestlandsk by» ved uroppføringa i 1900. I 1925 var byen rimelegvis blitt «sørlandsk».

Då Ivar Aasen skreiv «Millom Bakkar og Berg ut med Havet heve Nordmannen fenget sin Heim», i Symra i 1863, heitte diktet «Nordmanden».

Historisk sett budde nordmennene frå Agder og nordvegen langs kysten til sivilisasjonens ytste grense. Harald Hårfagre var konge over nordmenn og austmenn då han samla landet til eitt rike, men han heldt seg mest i «midtlandet», det som seinare blei Gulatinget, frå Rygjarbit i Bamble til tvers over Midtøya i Romsdalsfjorden. Det var i vest det var rettelege nordmenn – i motsetnad til sjølvmedvitne trønderar, dansk- og svenskinfiserte austlendingar og finnmarkingar av samansett opphav.

Vestlandet la seg etter kvart til rette vest for Åna-Sira, og flytta etter kvart nordover til den språkleg, politisk og kulturelt tilfeldige fylkesgrensa mellom Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag. Til det nå snevrar seg inn att til grensene for det gamle Bergenhus amt.

Kjelde: Dette stykket vestlandsk inndelingsarkeologi har eg i hovudsak grave ut av Knut Helles og Narve Bjørgos glimrande artiklar i det mang-slungne trebindsverket Vestlandets historie – utgitt av bergensforlaget Vigmostad & Bjørke og finansiert av Sparebanken Vest sin allmennyttige avleggar for gulatingsbygging og regional bankekspansjon.

Andreas Hompland
er sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

«Millom Bakkar og Berg ut med Havet heve Nordmannen fenget sin Heim.»

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

KommentarSamfunn
Halvor Tjønn

Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.

Tusen dagar med russisk katastrofe

Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.

Foto: Thomas Fure / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Mingleklubben for makt og pengar

Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.

KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.

Thomas Fure / NTB

Samfunn
Christiane Jordheim Larsen

Utfordrar kjønnsundervisninga

Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.

Einar Økland heime i Valevåg.

Einar Økland heime i Valevåg.

Foto: Helge Skodvin

Kultur

Samlaren

Einar Økland vil helst høyra noko han ikkje har høyrt før – og så skriv han ein lyrisk tekst som han ikkje visste at han kunne skriva. Deretter held han fram med å samla.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis