Dialog med reven
Epistel
– Gå og hent mat til meg, elles et eg deg, sa løva til reven som gjekk rundt han som ein skugge på ein sommardag.
– Et du meg, herre? Eg mettar deg ikkje medan eselet ventar i nærleiken.
– Stikk og hent mat!
Reven drog til eselet og sa:
– Esel, skund deg! Løva er gamal og lei av alt arbeidet som jungelkonge. Han leitar etter ein etterkomar som kan styra jungelen som ein konge. Her har du sjansen!
Eselet trudde på reven og spankulerte på ein forfengeleg måte bak reven medan han fantaserte om makta og prakta han skulle få. Då eselet stod framfor løva, slo løva, og han reiv det eine øyret av eselet, som hoppa av skrekk og la på sprang.
– Gå og hent eselet! Elles et eg deg, sa løva til reven.
Reven drog attende til eselet og spurde kvifor det hadde rømt frå jungelkongen.
– Løva var i ferd med å eta meg. Såg du ikkje korleis slaget tok øyret mitt?
– Esel, ikkje avvis rådet mitt. Du må læra å halda dialogen levande mellom oss. Kvifor tenkjer du berre negativt? Har du ikkje tenkt på at løva vil setja krona på hovudet ditt? Ho kan ikkje festast på hovudet ditt når øyra står opp som to søyler. Kom att og tenk fornuftig! Denne sjansen får du berre éin gong i livet.
Eselet tok følgje med reven att og gjekk like innbilsk inn i løvehola. Løva slo til eselet og amputerte halen denne gongen. Eselet stakk livredd av att.

Reven sprang til eselet og sa:
– Du stadfestar at du har den lågaste IQ-en i jungelen, din tosk. Kvifor gjer du det, spurde reven.
– Sjå! Løva amputerte halen min denne gongen. Ho var i ferd med å eta meg.
– Ditt esel, korleis skal du elles kunne sitja på trona? Løva førebur deg på å verta jungelkonge, din idiot.
Eselet kom attende saman med reven og stod for siste gong framfor løva. Det bøygde seg fram slik at løva kunne setja krona på hovudet, men løva slo eselet i nakken og tok livet av det.
– Rev, ta eselet, flå det og gje meg hjernen, levera og lungene!
Reven tok eselet med seg og kom att med levera og lungene.
– Kvar er hjernen? brølte løva.
– Eselet har ingen hjerne, sa reven.
– Kva?
– Om eselet hadde hjerne, ville det ikkje ha kome attende til deg for tredje gong etter at Dykkar høgverdige hadde amputert øyret og halen.
Walid al-Kubaisi er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»
150-årsjubilant: den austerrikske komponisten Arnold Schönberg (1874–1951).
Fredshymne
Kammerchor Stuttgart tolkar Schönbergs «illusjon for blandakor» truverdig.
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.