Dumskapen
Illustrasjonsfoto: NTB scanpix
Epistel
To froskar budde ved kvar sin by: Den eine etablerte heimen sin i eit hol nær byen Basra ved Eufratelva. Den andre budde i ferskvatnet i Tigriselva nær byen Bagdad. Dei kjende ikkje kvarandre, men tilfeldigvis la begge to ut på ei reise samtidig for å sjå verda utanfor byen.
Ein vårdag drog dei av garde utan å vite om kvarandre. Bagdadfrosken drog mot Basra. Basrafrosken drog mot Bagdad. Dei var ikkje vande med å reisa, så turen var slitsam for begge to. Begge måtte over eit fjell, og dei sprang og hoppa heilt til dei kom til topps, slitne og andpustne.
Då froskane nådde toppen samtidig, såg dei undrande på kvarandre. Etter ei kvilestund snakka dei om reisa. At dei var på veg til å vitja byane til kvarandre, vart begge glade for.
– Det er uheldig at vi ikkje er høge nok til å sjå byen vi dreg til frå denne fjelltoppen, slik at vi kan finna ut om det er verdt å halda fram denne krevjande turen, sa frosken frå Basra.
– Å, det klarer vi lett. Vi kan stå på bakføtene medan vi støttar kvarandre med å halda handa i skuldra til den andre. Dermed får vi begge sett byane, meinte frosken frå Bagdad.
Basrafrosken vart imponert over framlegget og strekte seg med å leggja handflata på frosken frå Bagdad. Slik kunne dei stå oppreiste og hindra at dei fall. Men slik dei stod, vart andletet og augo vende attover mot byane dei kom frå.
– Å, eg har kasta vekk mange krefter på denne turen. No ser eg at Bagdad er identisk med Basra. Hadde eg visst det, ville eg ikkje ha drøymt om å sjå verda utanfor. Eg reiser heim att. Det er ingen vits i å fullføra reisa, sa frosken frå Basra.
– Om eg hadde ana at Basra er ein kopi av Bagdad, ville eg ikkje ha lagt ut på denne turen, sa frosken frå Bagdad.
Begge sleppte skuldra til den andre og fall ned i graset. Dei drog heim att og vart resten av livet gåande uvitande, dumme og sta nok til å meina at Basra og Bagdad er identiske byar, trass i at dei to byane er svært ulike.
Walid al-Kubaisi er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen