Frykt
Illustrasjon: Kristin B. Bruun
Epistel
1.
Nikita Khrusjtsjov heldt ein tale i Kreml om terrorperioden til Stalin. Han kritiserte diktatoren og frykta folket hadde opplevd då han hadde makta.
Medan han tala, fekk han ein lapp med eit spørsmål frå ein anonym medlem i Kreml. Khrusjtsjov las spørsmålet høgt: «Khrusjtsjov, du var Stalins medarbeidar. Kvifor sa du ikkje til Stalin det du seier no, medan du kunne seia det i andletet hans?»
Etter å ha lese spørsmålet bad Khrusjtsjov den som hadde skrive spørsmålet, om å reisa seg for å svara han framfor alle medlemene. Ingen reiste seg.
– Grunnen til at du ikkje torer å reisa deg, er den same som hindra meg i å kritisera Stalin då han var leiar, sa Khrusjtsjov.
2.
Ein gong såg fuglane at ein elefant sneik seg forsiktig ut av jungelen i den mørke natta. Fuglane følgde elefanten. Då han var i ferd med å forlata jungelen, spurde fuglane plystrande og kvitrande kvar han skulle og om han var redd for noko eller nokon.
Elefanten stoppa og svara med dempa røyst:
– Eg rømmer frå jungelen fordi eg fryktar for livet mitt om eg held fram med å bu her.
Fuglane vart sjokkerte. Dei såg på elefanten som eit stort og sterkt dyr som tok stor plass, medan dei sjølve var små og hadde lite dei skulle ha sagt.
– Kvifor trur du at du skal misse livet? Har du gjort noko mot jungelkongen?
– Nei, men eg høyrde løva seia at ho ville gje rådgjevaren sin ordre om å drepa alle sjiraffar i jungelen.
Då lo alle fuglane så høgt at det støya heilt ut i enden av jungelen.
– Kva skjer med deg, elefant? Løva vil drepa alle sjiraffar. Kva har det med deg å gjera? Du er då elefant.
– Rådgjevaren til løva er eselet. Når eselet får ordre om å drepa alle sjiraffar, vil det råka meg òg.
Fuglane skaka på hovudet.
– Eg veit at eg er elefant og ikkje sjiraff. De veit òg at eg er ein elefant og ikkje ein sjiraff. Men kan de forsikra meg om at det dumme eselet veit at eg ikkje er sjiraff, men elefant?
Fuglane samla seg i ein skare bak elefanten og flaug som ei sky over han ut av jungelen. Dei tenkte at eselet kan hende heller ikkje ville skilja dei frå sjiraffane.
Walid al-Kubaisi er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»
150-årsjubilant: den austerrikske komponisten Arnold Schönberg (1874–1951).
Fredshymne
Kammerchor Stuttgart tolkar Schönbergs «illusjon for blandakor» truverdig.
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.