Intelligens
Epistel
1.
Ein mann kom til kong Salomo og klaga over at ein av naboane, uvisst kven, stal gjæser frå hønsehuset hans.
Då kong Salomo heldt ei preike i tempelet i Jerusalem, sa han:
– Kva er det som hender her? Ein av dykk stel gjæser frå naboen og kjem til tempelet med gåsefjører hengande i håret.
Ein av dei som var til stades, strauk straks fingrane gjennom håret.
Kong Salomo sa til vaktene:
– Ta denne mannen. Det er han som stel gjæser frå naboen som kom og klaga til meg.
2.
I 20 år kryssa ein belgisk statsborgar grensa til Tyskland på sykkel, med ein sekk på ryggen. Dei tyske grensevaktene var sikre på at han dreiv med noko ulovleg, men i sekken fann dei berre rusk og rask. Løyndommen vart ikkje avslørt før den belgiske statsborgaren døydde. Då fann dei følgjande setning i dagboka hans: «Sjølv kona mi visste ikkje at eg bygde formuen min på å smugla syklar til Tyskland.»
Den utspekulerte metoden var å føra grensevaktene bak ljoset med å få dei interesserte i sekken og ikkje sykkelen.
3.
Då ein mann frå Bagdad var på reise gjennom ørkenen, gjekk han tom for vatn. Då han såg ein beduin gå forbi med ein vasstank på kamelen, spurde han om å få vatn.
– Kor mange pengar har du med deg, spurde beduinen.
– 100 dinarar, svara mannen.
– Du får vasstanken mot at eg får pengane dine, sa beduinen.
Mannen frå Bagdad skjøna at vatnet neppe kunne kosta meir enn ein dinar, men han var nøydd til å drikka for ikkje å døy av tørst. I vissa om at han var i ferd med å gje frå seg alle pengane, kom han på at han hadde ein sjokolade i bagasjen.
– Her har du 100 dinarar og ei gåve frå meg, sa han og gav beduinen sjokoladen i tillegg til pengane.
Beduinen, som aldri hadde smakt sjokolade før, heiv sjokoladen i seg. Han vart naturlegvis tørst og bad om ein glas vatn.
– Eit glas kostar 100 dinarar, sa mannen frå Bagdad.
Sidan beduinen var så tørst, gav han frå seg dei 100 dinarane han hadde tent for å få litt av vatnet han nett hadde selt.
Mannen frå Bagdad hadde både vasstanken og pengane han hadde gjeve frå seg.
Walid al-Kubaisi er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»
150-årsjubilant: den austerrikske komponisten Arnold Schönberg (1874–1951).
Fredshymne
Kammerchor Stuttgart tolkar Schönbergs «illusjon for blandakor» truverdig.
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.