Illustrasjon: Kristin B. Bruun
Epistel
Det var ein gong ein gjerrigknark som levde av å be om pengar. Han ville alltid ha, men aldri gje. Han levde av gjestfridomen til folket og sjenerøsiteten til landsbyen. Han leigde eit hus heilt i utkanten av byen, det siste huset mot ørkenen. Her samla han alle pengane, og han vart svært rik. Alle kjende til dette, men likevel gav innbyggjarane han pengar og mat når han bad dei om det, for dei var gåvmilde.
Ein gong gav ein nabo han ei geit for at han skulle få drikke mjølk og lage ost og yoghurt i staden for å gå rundt og tigge frukost. Då tenkte gniaren at folk kan hende ville banka på døra ein dag og vitja han, slik at han vart nøydd til å servera dei noko. Difor bygde han ei dør på baksida av bustaden som vende mot ørkenen. Slik kunne han gå ut og inn utan at nokon ville koma forbi gatedøra og be han om noko.
Ein dag kom ein riddar til hest frå ørkenen, sliten, svolten og tørst. Han såg den næraste døra mot steppa, kom dit og ville stiga ned frå hesten. Då gjerrigknarken såg han, sa han til han:
– Ikkje kom ned frå hesten. I huset mitt har eg ikkje noko å by på: ikkje mat, ikkje drykk, ikkje eingong halm til hesten.
Riddaren vart så sjokkert at smerte og ekstrem trøyttleik synte seg i andletet. Han snudde hesten og drog inn til landsbyen. Her banka han på ei dør og vart positivt overraska. Huseigaren tok imot han og ynskte han velkomen. Han gav hesten fôr og vatn. Han henta vatn slik at riddaren fekk vaska andlet og hender, gav han mat og drykk og lét han kvile og sova ut utan å stilla eit einaste spørsmål.
Dagen etter vakna riddaren, overraska over at verten framleis ikkje spurde kven han var, og han tok hesten og forsvann.
Etter eit par dagar dukka han opp att med ein heil hær av riddarar. Dei marsjerte inn i landsbyen med hestar og esel lasta med gåver, gull og vakre gjenstandar. Landsbyfolket kjende att kongefana. Opptoget stansa ved døra til mannen som hadde vist stor gjestfridom. Kongen takka husverten og gav både han og andre i landsbyen gåver.
– Eg takkar Gud for at det finst gjestfrie menneske som deg i riket mitt.
Då innbyggjarane fryda seg og var glade, høyrde kongen ei røyst som ropte og gret. Alle visste at det var gniaren, som sa:
– Alt det kongen har henta av gåver, er eigentleg min eigedom.
Kongen høyrde det han sa, og bad han forklare nærare:
– Dykkar majestet kom først til meg. Om eg hadde teke imot deg og vore gjestfri, ville du ha gjeve desse gåvene til meg. Med den gjerrige åtferda mi avviste eg alt dette.
Walid al-Kubaisi er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen