Ord for 2018
Foto: Lise Åserud / NTB scanpix
Ikkje stol på dei som hjarta ditt ikkje slappar av med, for hjartet kan sjå klarare enn auga.
Alle kjenner ueigennytta, men somme ofrar seg for deg, medan andre ofrar deg for dei.
Du er ikkje berre ansvarleg for det du har sagt, men for det du ikkje sa då det var naudsynt å seia noko.
Ikkje døm ein person ut frå fortida hans. Fortida til diamanten var kol.
Når du finn venleiken i hjarta ditt, vil du finna han i alle hjarta.
Dyret vert farleg når det er svolte. Mennesket vert farleg når det er mett.
Det einaste handikappet som finst er hjernar som har gått i stå.
Livet er kortare om du er saman med menneske som du må legitimere handlingane dine for heile tida.
Du lever inne i meg. Eg lever inne i deg. Du veit det. Eg veit det.
Eg leitar i deg etter deg. Du leitar i meg etter ein annan.
Det finst mange som er døde, men orda deira er ikkje døde.
Opplysing er nok for å jage bort alle dei som elskar mørkret, slik ljoset jagar bort flaggermusene.
Planta har ingen hjerne, men om du dekkjer ho med ei boks med eit hol i eit hjørne, finn ho holet og går ut av boksen mot ljoset.
Vi har hjernar, men kvifor følgjer vi ikkje ljoset?
Eg kan ikkje ta att mot personar som sårar meg med ord. Eg kan ikkje symja i søla.
Den døra som vert stengd i andletet ditt med vilje, ikkje bank på ho ein gong til.
Gud har enno ikkje skapt eit menneske som ikkje gjer feil.
Om du mislukkast, bør du berre endra framgangsmåten din, ikkje prinsippa, for trea endrar blada, ikkje røtene.
Walid al-Kubaisi
Walid al-Kubaisi er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Ikkje stol på dei som hjarta ditt ikkje slappar av med, for hjartet kan sjå klarare enn auga.
Alle kjenner ueigennytta, men somme ofrar seg for deg, medan andre ofrar deg for dei.
Du er ikkje berre ansvarleg for det du har sagt, men for det du ikkje sa då det var naudsynt å seia noko.
Ikkje døm ein person ut frå fortida hans. Fortida til diamanten var kol.
Når du finn venleiken i hjarta ditt, vil du finna han i alle hjarta.
Dyret vert farleg når det er svolte. Mennesket vert farleg når det er mett.
Det einaste handikappet som finst er hjernar som har gått i stå.
Livet er kortare om du er saman med menneske som du må legitimere handlingane dine for heile tida.
Du lever inne i meg. Eg lever inne i deg. Du veit det. Eg veit det.
Eg leitar i deg etter deg. Du leitar i meg etter ein annan.
Det finst mange som er døde, men orda deira er ikkje døde.
Opplysing er nok for å jage bort alle dei som elskar mørkret, slik ljoset jagar bort flaggermusene.
Planta har ingen hjerne, men om du dekkjer ho med ei boks med eit hol i eit hjørne, finn ho holet og går ut av boksen mot ljoset.
Vi har hjernar, men kvifor følgjer vi ikkje ljoset?
Eg kan ikkje ta att mot personar som sårar meg med ord. Eg kan ikkje symja i søla.
Den døra som vert stengd i andletet ditt med vilje, ikkje bank på ho ein gong til.
Gud har enno ikkje skapt eit menneske som ikkje gjer feil.
Om du mislukkast, bør du berre endra framgangsmåten din, ikkje prinsippa, for trea endrar blada, ikkje røtene.
Walid al-Kubaisi
Walid al-Kubaisi er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.
Fleire artiklar
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»
150-årsjubilant: den austerrikske komponisten Arnold Schönberg (1874–1951).
Fredshymne
Kammerchor Stuttgart tolkar Schönbergs «illusjon for blandakor» truverdig.
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.