Tidskrukka
Illustrasjon: Kristin B. Bruun
Epistel
Eg har ein ven som eg har kjent i årevis, heilt sidan han var ungkar. Kvar gong eg tilfeldigvis støyter på han, seier han:
– Vi tek ein kaffi ein dag, berre eg får tid. No har eg kone og to born. Eg er ikkje ungkar lenger, veit du.
Eg møtte han for eit par dagar sidan. Då fortalde han at ferien snart stod for tur. Eg hadde ein legetime, så eg hadde ikkje tid til nokon prat, men lurte på om vi ikkje kunne møtast i ferien. Då sa han at han måtte ta omsyn til familien i ferien.
Eg kjende meg som ein tjuv som ville stele tida hans, og kom på ei likning om tid.
Ein dag stod ein professor i psykologi framfor studentane i auditoriet og viste fram ei stor glaskrukke. Han fylte krukka med steinar så store som tennisballar. Han spurde studentane om krukka var full, og fekk eit samstemt ja.
Deretter kom han med steinar i valnøttstorleik, og fylte i krukka. Dei små steinane sneik seg mellom dei store. Endå ein gong stadfesta studentane at krukka var full. Så slo professoren sand i krukka. Sanden fann vegen mellom steinane.
– No då? undra professoren.
– No er ho stappfull. Ho rommar ikkje meir, sa studentane.
Professoren henta to koppar kaffi og slo kaffien over steinane i krukka. Kaffien vart sogen opp av sanden.
Studentane forstod ikkje, men professoren forklara:
– Eg vil få dykk til å skjøna at denne krukka er livet dykkar, tida dykkar: dagar og netter. Dei store steinane symboliserer dei viktigaste tinga i livet dykkar: familie, vener, helse og anna de set pris på. Om de misser alt anna enn dette, er livet framleis vanleg og meiningsfullt. Steinane i valnøttstorleik er mindre viktige ting i livet, som bil, hus og arbeid. Slikt kan erstattast om de misser det. Sanden representerer resten av dei små tinga, men merk dykk ein ting: Om de har plassert sanden i krukka først, får de ikkje plass til store og små steinar. Sand må aldri prioriterast. Om de brukar all energien på slikt som sanden representerer, små og unødvendige ting, vil de ikkje ha plass til dei store. Difor må de gje mest merksemd til det som lukka dykkar er avhengig av.
Professoren stoppa. Alle forstod likninga.
– Men kva representerer kaffien? ville ein av studentane vite.
– Kaffien signaliserer at same kor travelt du har det, vil du finne tid til å drikke ein kopp kaffi saman med andre.
Walid al-Kubaisi er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen