JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Sidene 2-3

Tru og svik

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1889
20171117
1889
20171117

Epistel

1. Imamen

Ein son kom frå moskeen til faren og sa:

– Imamen spådde i Koranen for meg og sa at eg snart kjem til å verta martyr i Paradis.

Faren såg på sonen som var vorten ein ung mann, og oppfatta at imamen ville verva sonen som terrorist. Faren fortalde sonen om Stalin:

– Stalin hadde ein sekretær som kom inn på kontoret til han og sa: «Ein mann står ved døra di og påstår at han kan spå framtida di.» Stalin gav ordre om å avretta han, og grunngav det slik: «Dei som påstår at dei kan sjå inn i framtida, får ein lærepenge. Om denne spåmannen kjenner framtida, ville han ikkje ha kome til meg for å døy.»

Faren gav så følgjande råd til sonen:

– Gå til imamen og sei til han: «Far min spådde for deg i Koranen og fann ut at du kjem til å døy som martyr to år før meg. Trur du at spådom i Koranen alltid fungerer?»

Sonen gjorde som faren sa. Imamen forstod poenget og sa:

– Son, det stemmer ikkje alltid.

Då skjøna sonen at spådomar ikkje er Guds openberring, men fantasien til imamen.

2. Dei fem livsballane

Konsernsjefen i eit amerikansk selskap heldt ein tale på 60 sekund der han sa:

– Tenk deg eit spel med fem ballar som hoppar mellom hendene dine medan du prøvar å hindra at nokon av dei fell i golvet. Ein av ballane er av gummi, resten av glas. Dei fem ballane er: arbeid, familie, helse, vener, ånd. Det tar ikkje lang tid før du skjønar at «arbeid» er ein gummiball når han sprett opp att, og at dei andre er laga av glas. Viss éin av dei fell, vert han skadd eller øydelagd. Du må innsjå det og streva for det. Administrer arbeidet ditt effektivt i arbeidstida, men lat ikkje arbeidet slita deg ut. Gå heim att med godt samvit etter arbeid. Gje tid til familie og vener, kvil deg godt og ta vare på helsa di. Viss du misser helsa, er det vanskeleg å få henne attende som før.

Walid al-Kubaisi er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ivo de Figueiredo.

Ivo de Figueiredo.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Få kjenner Munch betre

Ivo de Figueiredos tobindsbiografi om Edvard Munch er nyansert og underhaldande.

Henrik Martin Dahlsbakken

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis