Illustrasjon: Kristin B. Bruun
Epistel
Det var ein gong ein munk som dreiv eit gamalt buddhistisk tempel med tilhøyrande kloster. Han var trist og uroleg fordi ingen søkte seg til tempelet lenger, og han kjende at livsprosjektet hans var mislukka. Ingen kom med offergåver eller røykjelse for å heidre munkane som budde i klosteret. Ingen gav pengar friviljug for å halde det åndelege livet gåande i tempelet. Før var tempelet stappfullt, men færre og færre menneske kom for å venda seg til Gud. Klosteret var blitt uråd å styre.
Munken vurderte å stenge alt, men valde å få råd frå ein gamal vismann som budde åleine i skogen. Munken forklarte situasjonen og bad om råd. Vismannen med langt, kvitt skjegg såg munken inn i auga og sa:
– Grunnen til at tempelet ditt er mislukka, er at sjølvaste Buddha bur hjå dykk i klosteret. Han skjuler seg mellom dykk, og de kjenner han ikkje att. De verdset han ikkje, respekterer han ikkje og tek ikkje vare på han slik som han fortener.
Munken skunda seg ut medan han tenkte høgt:
– Buddha den store bur sjølv hjå oss, og så veit eg det ikkje? Kven kan det vera? Munk Tsi? Nei, han er lat og ikkje flink. Munk Kim? Uråd, for han er keisam. Men Buddha skjuler seg hjå oss. Kan henda er latskap og keisemd dei beste maskene å skjula seg attom?
Munken samla alle munkane i klosteret og alle tenarane i tempelet. Han fortalde det den gamle vismannen hadde sagt.
– Buddha er her. Han er ein av dykk.
Alle munkane byrja å sjå på dei andre som om dei var Buddha i munkeskapnad. Alle byrja å respektera kvarandre, verdsetja kvarandre og ta vare på kvarandre som om den andre var Buddha den store. Andleta byrja å skina, og blikka gav glans av beundring, verdsetjing og vilkårslaus kjærleik.
Brått byrja unge menn å verva seg som munkar i klosteret for å tena den store Buddha. Folk søkte attende til tempelet og viste respekt for munkane, fordi ein av dei kunne vera sjølvaste Buddha. Dei kjende at Buddha var nærverande når dei såg korleis munkane levde i bøn og harmoni.
Walid al-Kubaisi er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen