JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

QuizTidtrøyte

Hint for hint

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2768
20240524
2768
20240524

Kva musikal?

5 POENG: Dette er heimlandets første vinnar av Tony-prisen for beste musikal. Han kom først ut som plateinnspeling. Det var i 1976, to år før scenepremieren.

4 POENG: Han er av britane Andrew Lloyd Webber og Tim Rice. Den nyaste norske oppsetjinga går no om dagen på Oslo Nye Teater.

3 POENG: Ein av songane er «On This Night of a Thousand Stars». I tittelrolla har me sett til dømes Elaine Paige (scenepremieren), Madonna (filmen frå 1996) og Mia Gundersen.

2 POENG: To andre viktige roller er Juan Perón og Che.

1 POENG: Heidi Gjermundsen Broch på Det Norske Teatret song «Gråt ikkje meir, Argentina».

Kva selskap?

5 POENG: Dette selskapet går tilbake til eit patent frå 1909 av ein sykkelfabrikant i Tønsberg. Han overlét rettane til Sverre Young, som fekk i gang produksjon i Oslo. Det vart ein internasjonal suksess.

4 POENG: Som med mange andre Oslo-bedrifter vart produksjonen sidan flytta ut, til Nord-Odal i 1970, seinare til Asia. I Noreg kan du få reparasjon i butikk og hos ein omreisande systovebil.

3 POENG: Patentet var ein ny type ryggsekk med beremeis. I dag lagar dei mange typar turutstyr.

2 POENG: Nokre konkurrentar er Devold, Norrøna, Stormberg og svenske Haglöfs og Fjällräven.

1 POENG: Sykkelfabrikanten heitte Ole F. Bergan.

Kva amerikansk president?

5 POENG: Dette er den einaste presidenten frå Missouri. Han la ned veto mot Taft–Hartley-lova, som Kongressen likevel fekk gjennom. Lova gav mindre makt til fagforeiningane.

4 POENG: Han og kona Bess fekk eitt barn, den kjende kulturpersonen Margaret.

3 POENG: Han var med i eitt presidentval og vann mot Thomas E. Dewey. Utanriks lyt me nemne doktrinen hans (mot kommunismen), Marshallplanen, Berlinblokaden, Nato og Koreakrigen.

2 POENG: Demokraten måtte ta avgjerda om atombombene over Japan.

1 POENG: Han sat frå 1945 til 1953, mellom Roosevelt og Eisenhower. Initialen S. står ikkje for noko, på grunn av usemje i familien.

Kva kommune?

5 POENG: Denne kommunen har eit allsidig næringsliv, til dømes Andersens Mek. Verksted og spekematprodusenten Svindland. Blømingstida til garveria er derimot historie. Ein tradisjon er Spira, jonsokbålet ute på fjorden.

4 POENG: Trehusområdet Hollenderbyen minner oss på handelen med Nederland då byen voks fram på 1600-talet. Du kan gå av toget på Sira stasjon og Gyland stasjon.

3 POENG: Det er den vestlegaste kystkommunen i fylket. Sverre Anker Ousdal og Eirik Verås Larsen kjem herifrå.

2 POENG: Dei andre byane i gamle Vest-Agder er Farsund, Lyngdal, Mandal og Kristiansand.

1 POENG: Dei 9000 innbyggjarane vert kalla flekkefjæringar.

Svar på hint for hint:

Kva musikal: Evita

Kva selskap: Bergans (Ryggsekken fekk namnet Bergans Meis.)

Kva amerikansk president: Harry S. Truman

Kva kommune: Flekkefjord kommune

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Johan Sverdrup feltsenter ved den offisielle opninga i 2020. Dette feltet vart oppdaga i 2010 og er det siste verkeleg store oljefunnet på norsk sokkel.

Foto: Carina Johansen / NTB

ØkonomiSamfunn

Ser ei slagside i direktoratet

Sokkeldirektoratet overdriv verdien av norsk
olje og gass, meiner universitetsrektor og petroleumsøkonom Klaus Mohn.

Per Anders Todal

Politiet har sperra av eit område etter at ein 16 år gammal gut har skote to personar, ei småbarnsmor og ein småbarnsfar, i bustaden deira i eit villaområde i Västberga i Stockholm i oktober i fjor. Mannen mista livet, medan kvinna slapp med livstrugande skadar.

Foto: Nils Petter Nilsson / TT / NTB

Samfunn

Rekordlang straff etter trippeldrap

To svenske tenåringar vart førre veke dømde til 10 og 12 år i fengsel. Dommen viser kva rolle mindreårige speler i kriminelle nettverk. Og at dei kan verte straffa hardt.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis