Dyr

Under tårnfalkblikket

Under det skarpe blikket til ein vaksen tårnfalkhann. Som hos mange rovfuglar er hoa større. Ho er spraglete rustbrun på hovud og stjert.
Publisert

Eit titals meter over bakken dirrar ein raudleg silhuett. Det er tårnfalken som «stiller»: Ved å flakse raskt i motvind maktar han å halde seg lenge på same plass i lufta – ein flygeteknikk som på fransk har fått namnet «heilagande-flukt».

Målet er å drepe: Tårnfalken har vunne oversikt over bakken og sporar eit bytte. Brått stuper han. Men berre eit fåtal forsøk, cirka eitt av fem, vert vellukka: Oftast stig han opp igjen før han har nådd bakken. I tillegg til eit svært skarpt syn kan han sjå i UV-spekteret. Avføringa til smågnagarar reflekterer lys i desse bølgjelengdene. Tårnfalken kan bruke slike spor for å lokalisere tilhaldet til bytta sine.

Tårnfalken tel blant dei vanlegaste rovfuglane i Noreg, ein reknar at hekkebestanden utgjer mellom 6000 og 20.000 individ, og han var truleg meir talrik i låglandet før midt på 1900-talet.

Den store spreiinga i estimata har blant anna samanheng med at bestanden fluktuerer i takt med det som går føre seg hjå smågnagarane. Hjå desse pattedyra, som er ei viktig næringskjelde for mange rovfuglar, gjennomgår bestandane, særleg i nordlege strok, ei syklisk utvikling: I nokre år, ofte to–tre, aukar populasjonen, før han når ein topp og stuper, og så går det opp igjen. 2024 har teikna til å vere eit smågnagarår, og det kan ventast suksess i hekking for ei rekkje rovfuglar, ikkje minst ugler, i 2025.

Tårnfalken treng ope habitat for å kunne jakte, i brei forstand: Til og med i storbyar finn han seg til rette. Sjølv om han er avhengig av å finne mus, har tårnfalken eit breiare kosthald: Han tek også insekt, firfisler, froskar og småfuglar.

Fleire stader i Europa har han, til liks med mange rovfuglar, lide under oppsamlinga av pesticid i næringskjeder og intensiveringa av landbruket, som har ført til nedgang i bestandar av byttedyra hans.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement