Intervju

Når avvik vert normalt

Eldre vert gløymde att på toalettet og sitjande i urin i timevis. Forskar Øyvind Kirkevold seier det hastar å få endra organiseringa av eldreomsorga.

– Eg trur mange politikarar ville kasta seg rundt og gjort noko om dei visste korleis ting var i dag, seier forskar og professor Øyvind Kirkevold om eldreomsorga.
Publisert Sist oppdatert

Ein pasient på ein sjukeheim vert oppdaga sitjande i ein dam av urin i senga. På grunn av låg bemanning på sjukeheimen må pasienten vente i endå tre timar på hjelp.

Ved ein annan sjukeheim vert det oppdaga at ein pasient har vorte gløymd att på toalettet. Det er uvisst kor lenge pasienten har sete der, men ho er bleik og uroleg når ho vert oppdaga.

Ved ein tredje sjukeheim vaknar ein pasient i 10-tida, men får ikkje mat før klokka 14.

Dette er innhaldet i tre av avviksmeldingane frå tilsette ved sjukeheimar og heimesjukepleia i 14 kommunar i Sør-Rogaland i 2023.

Samtalen

Øyvind Kirkevold er assisterande forskingssjef ved Nasjonalt senter for aldring og helse

Aktuell: Fleire tusen avviksmeldingar i eldreomsorga

Samla det året vart det meldt frå om 14.500 såkalla avvik i eldreomsorga i dei 14 kommunane. Journalistar i Stavanger Aftenblad har lese gjennom alle og avdekt 500 hendingar som opprører fagfolk og ekspertar.

Øyvind Kirkevold er assisterande forskingssjef ved Nasjonalt senter for aldring og helse, professor i klinisk sjukepleie ved NTNU og forskar ved Sjukehuset Innlandet. Han seier avviksmeldingane er dyster lesing.

– Mange av avvika er alvorlege, og det var også tilfelle der avvik hadde ført til dødsfall. Det er ille. Samstundes er det omfanget her eg synest er verst.

– Ja, 14.500 avvik i 14 kommunar over eitt år. Det vil seie 2,8 avvik per kommune per dag. Ser det slik ut i resten av landet òg?

– Aftenposten hadde for litt sidan ein serie om vald mot pasientar og personell på sjukeheimar, og der var det også svært høge tal, så det er ikkje grunn til å tru at Rogaland skil seg ut på nokon måte. Det er nok verken dårlegare eller betre der enn i resten av landet. Vi veit jo også at mange avvik ikkje vert registrerte, så det er heller ikkje grunn til å tru at det er snakk om overrapportering.

­– Men er det å gløyme pasientar på do eller gløyme å tilby dei mat, ting som kan skje kvar som helst, eller skil enkelte kommunar og sjukeheimar seg ut som verre enn andre?

– Eg vil tru dette kan skje mange stader. Det syner også undersøkinga til Aftenbladet. Der var det mange ulike sjukeheimar og heimetenester som var involverte. Så dette er ikkje ei samling av enkelttilfelle, det er systemisk. Når det er sagt, finst det nokre stader og sjukeheimar som fungerer betre enn andre.

– Er det skilnad mellom offentleg og privat eldreomsorg her?

­– Det har eg ikkje føresetnader for å seie noko om. Frå internasjonale studiar ser vi at dei som driv etter profitt, ofte ikkje er så gode som dei som ikkje gjer det, men studiane gjeld forhold som ikkje kan jamførast med norske.

– Er det skilnad mellom store og små kommunar?

– Vi har prøvd å sjå på det, og ser at det er skilnad mellom sjukeheimar og mellom avdelingar. Men eg trur det er meir slik at det oppstår kulturar internt. Nokre stader kan ha ei god bølgje. Ei god leiing kan bidra til godt fagleg miljø og at ein får til meir. Men vi kan ikkje konkludere med at kommunestorleik eller urban eller rural plassering har noko å seie.

– Dei over 12.000 avviksmeldingane frå tilsette i eldreomsorga i Stavanger i 2023 er ikkje inkluderte i tala over. Stavanger kommune har ikkje gjeve Aftenbladet innsyn i desse. Kva tenkjer du om det?

– Grunngjevinga til kommunen er interessant, for det synte seg at det var vanskeleg å hente informasjonen om avviksmeldingane ut frå systema. Det betyr at kommunen ikkje sjølv har oversikt over avvika. Veit politikarane då nok om kva som står på?

Dette er ikkje ei samling av enkelttilfelle, det er systemisk

Øyvind Kirkevold

– 500 av avvika over kan ifølgje Stavanger Aftenblad knytast til låg bemanning, tidspress og svikt. Kor mykje av uønskte hendingar i eldreomsorga generelt kan forklarast med låg bemanning og tidspress, slik du ser det?

– Heilt opplagt mykje. Med for få sjukepleiarar på jobb, til dømes, vert andre sette til jobbar dei ikkje har kompetanse og oversikt over, og så slit ein over tid ut personell, noko som også aukar sjansen for faglege gleppar. Men vel så utfordrande som at det manglar folk, er det at arbeidet er dårleg organisert og strukturert, med leiarar som ikkje får følgt opp godt nok, og folk som vert sette til oppgåver dei ikkje har kvalifikasjonane og kompetansen til. I heimetenesta i dag kan ein leiar ha både 40 og 60 tilsette under seg. Skal han då følgje opp alle med til dømes sjukemeldingar etter reglane frå Nav, så har han ikkje meir tid att til anna, seier han.

– Samstundes trur eg at ei av dei største utfordringane, særleg i heimetenesta, er systemet der folk får vedtak om kva dei har rett på av tenester. Då får dei berre det og verken meir eller mindre. Den som då kjem, gjer det som står på lista, kryssar av for at det er gjort, og dreg att. Det har også Ukom (Statens undersøkingskommisjon for helse- og omsorgstenester, journ. merk.) peika på. Men skjer det endringar i tilstanden til pasienten, vert ikkje det fanga opp av systemet. Det kan kome mange ulike personar innom same pasient i løpet av ei veke. Og det er heller ingen som ser heilskapen og kan følgje opp folk over tid. Dette er ein stor systemsvikt.

– Kor mykje av problema avviksmeldingane avdekkjer, ville kunne løysast ved system­endring og anna organisering?

– No veit eg ikkje kor mange det er som jobbar med tildeling av omsorgstenester i til dømes Stavanger i dag, men sei det er nokre titals sjukepleiarar: Godt kvalifisert helsepersonell brukar altså tid på å skrive vedtak og lister i staden for å sjå pasientane og kunne ta ansvar for at dei har det bra. I tillegg er faget teke vekk frå dei som må jobbe etter sjekklister frå andre, og det gjer jobben deira mindre attraktiv. Så eg trur det er mogleg å gjere ting på ein betre måte enn i dag, seier han.

– Til Aftenbladet seier du at det hastar å gjere noko. Kva er det fyrste du ville gjort om du hadde ansvar på feltet?

– Det er å sjå på den bestillar–utførar-modellen der dei som vurderer kva hjelp ein person treng, er uavhengige av dei som utfører hjelpa. For nokre år sidan prøvde Helsedirektoratet ut nokre modellar for oppfølging av personar med demens, og fellestrekka der var at det å ha ein fast person å forhalde seg til, var viktig for pasientar og pårørande. Eg ville difor ha prøvd ut ein modell med primærkontaktar der kvar tilsett har ei handfull pasientar han er ansvarlege for, og ein fast sjukepleiar å gå til for å få fagleg oppfølging. Med ein slik modell ville også både pasienten og pårørande ha ein kontakt å gå til om det var noko. Framover må vi også klare å rekruttere fleire til eldreomsorga, og då trur eg det er viktig å få faget tilbake i jobben. Det trur eg både vil gjere yrket meir attraktivt og betre tenestene, seier han.

– Og så trur eg det er svært viktig at leiarar rundt om i kommunane har innblikk i korleis ting fungerer, og får orden på avviksmeldingane. Eg trur mange politikarar ville kasta seg rundt og gjort noko om dei visste korleis ting var i dag.

– Helsepersonellkommisjonen skildrar eit framtidsscenario med fleire eldre, færre i yrkesaktiv alder og kritisk mangel på helsepersonell. Kva for eldreomsorg må vi bu oss på framover?

– Det overraskar kanskje mange, men avviksmeldingane syner jo at dette er eit scenario vi alt står i. Det er kritisk mangel på helsepersonell. Framover trur eg fleire må omskulerast til å jobbe i eldreomsorga, og så trur eg terskelen for å få hjelp kjem til å måtte hevast.

– Slik at vi i større grad enn i dag sjølve tek vare på eldre generasjonar?

­– Nokre kommunar har alt kutta i tilbod som matinnkjøp for eldre og gjeve dei beskjed om å bruke Oda i staden, så også dette har alt byrja. Kanskje vil lågterskeltilbod som dagtenester og friviljugsentral i større grad måtte verte styrt av friviljuge, medan det offentlege fyrst og fremst tek seg av dei som treng helsehjelp. Og så finst det jo alt nokon som ser på alternative bu- og tenesteløysingar og korleis vi kan bu tettare og nærare på dei som treng tilsyn, og korleis vi kan få til gode løysingar i fellesskap, utan at det kostar all verda. I Tyskland finst studentar som får billeg hybel mot at dei bidreg med hjelp i slike fellesskapar. Så alt ser ikkje berre svart ut. Dessutan er vi i dag friskare litt lenger. Ein 80-åring er i snitt i betre form i dag enn for 25 år sidan.