Jon. B. Rysstad:
Hev du vakna sumardagjen
høgt til fjells i solarsprett?
Skoddi sveiper seg som drakjen
ikring tind og snjokjædd klett.
Soli yver stilla strålar,
sprengjer morgondisen grå.
Lette gufsar panna svålar,
ledar linnt i dogga strå.
Båra sender soleglitter,
klukkar lydt kring strandestein;
blandar seg med fuglekvitter
ifrå horg og høgste hein.
Rundt i rapo rjupa skarrar,
kallar kløkkt på makjen sin.
All natur i fysna darrar
for den dag, som no bryt inn.
Bøygd i andakt vil du stande
her i Herrens eigji slott!
Liv og lendi tykkjest ande
frå ein herleg allheims drott.
(Kvadet vart framført 14. september
i Aulaen ved Universitetet i Oslo
i samband med utdelinga
av Anders Jahres kulturpris.)
Frå: Arven: Bjørkemål II
Eige forlag 1953
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Jon. B. Rysstad:
Hev du vakna sumardagjen
høgt til fjells i solarsprett?
Skoddi sveiper seg som drakjen
ikring tind og snjokjædd klett.
Soli yver stilla strålar,
sprengjer morgondisen grå.
Lette gufsar panna svålar,
ledar linnt i dogga strå.
Båra sender soleglitter,
klukkar lydt kring strandestein;
blandar seg med fuglekvitter
ifrå horg og høgste hein.
Rundt i rapo rjupa skarrar,
kallar kløkkt på makjen sin.
All natur i fysna darrar
for den dag, som no bryt inn.
Bøygd i andakt vil du stande
her i Herrens eigji slott!
Liv og lendi tykkjest ande
frå ein herleg allheims drott.
(Kvadet vart framført 14. september
i Aulaen ved Universitetet i Oslo
i samband med utdelinga
av Anders Jahres kulturpris.)
Frå: Arven: Bjørkemål II
Eige forlag 1953
Fleire artiklar
Hovudaktørane bak Oslo-avtalen, då han blei signert i Parkveien 45 i Oslo. I midten sit tidlegare utanriksminister Johan Jørgen Holst og rett bak seg har han Israels dåverande utanriksminister Shimon Peres. Holst er flankert av den israelske forhandlingsleiaren Uri Savir (til høgre) og den palestinske motparten hans Abu Ala. Bak Peres står dei tre norske diplomatane som var mest aktive i dei hemmelege forhandlingane i Noreg i 1993: statssekretær Jan Egeland, Mona Juul og Terje Rød-Larsen.
Foto: Overvakingspolitiet / NTB
UD-dokument finst i israelske arkiv
Professor Hilde Henriksen Waage har i årevis jakta på dokument frå Oslo-prosessen som manglar i arkivet til Utanriksdepartementet. Nå har ho funne nokre av dei i israelske arkiv.
Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.
Foto: Fredrik Varfjell / AP / NTB
Den livsviktige satiren
Satiren må framleis ha ein heim. Ti år etter attentatet trengst det nytenking i Charlie Hebdo.
Øyvind Vågnes var professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Foto: Universitetet i Bergen
Øyvind Vågnes (1972–2025)
«Øyvind Vågnes var eit funn for ein avisredaksjon.»
Google byggjer nytt datasenter utanfor Skien i Telemark. – Vi kjem til å måtte byggje meir i åra framover, men vi må gjere det med ei anna forståing av at også natur og areal er ein knapp ressurs, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).
Foto: Cornelius Poppe / NTB
Naturplan utan samling
Få opposisjonspolitikarar er nøgde med korleis Noreg skal følgje opp måla i naturavtalen. Mathilde Tybring-Gjedde (H) er ikkje viss på at naturforvaltinga i Noreg kjem til å verte betre.
Ein politimeister les opp ein rettsordre som stoppar ein protest for veljarregistrering i Selma i Alabama i USA 9. mars 1965, framfor borgarrettsaktivistane Martin Luther King jr. (t.h.) og Andrew Young.
Foto: AP / NTB
Vald, hat, mot
Historia om kampen til dei svarte i USA er soga om ei frigjeringsrørsle som vann – til slutt. Men også om tvisyn og botnlaus menneskeleg fornedring.