UD-dokument finst i israelske arkiv
Professor Hilde Henriksen Waage har i årevis jakta på dokument frå Oslo-prosessen som manglar i arkivet til Utanriksdepartementet. Nå har ho funne nokre av dei i israelske arkiv.
Hovudaktørane bak Oslo-avtalen, då han blei signert i Parkveien 45 i Oslo. I midten sit tidlegare utanriksminister Johan Jørgen Holst og rett bak seg har han Israels dåverande utanriksminister Shimon Peres. Holst er flankert av den israelske forhandlingsleiaren Uri Savir (til høgre) og den palestinske motparten hans Abu Ala. Bak Peres står dei tre norske diplomatane som var mest aktive i dei hemmelege forhandlingane i Noreg i 1993: statssekretær Jan Egeland, Mona Juul og Terje Rød-Larsen.
Foto: Overvakingspolitiet / NTB
Politikk
vidar@dagogtid.no
I 2004 kunne forskaren Hilde Henriksen Waage gjennom rapporten med tittelen Peacemaking is a Risky Business avsløre at arkivet i Utanriksdepartementet (UD) heilt mangla dokument om Oslo-prosessen for perioden januar–september 1993.
Det var i denne perioden forhandlingane mellom Israel og PLO gjekk føre seg i største løyndom. Waage hadde alt i 2001 oppdaga manglane då ho på oppdrag frå UD hadde gjennomgått arkivmaterialet om Oslo-prosessen. Ho varsla leiinga i UD om funnet, men UD har ikkje vilja opplyse kva som vart gjort med det.
At det eksisterte norske dokument frå denne perioden, hadde kome til syne gjennom sitat i bøker av den israelske utanriksministeren Shimon Peres, av viseutanriksminister Yossi Beilin og den israelske forhandlingsleiaren Uri Savir, fortel Waage i ein artikkel ho publiserte i Historisk tidsskrift nr. 3–2024, med tittelen «Drømmekanalen. Norges rolle i fredsprosessen i Midtøsten».
Waage fortel nå til Dag og Tid at ein kan vente seg «ein straum» av norske dokument om Oslo-prosessen som vil bli tilgjengelege og publiserte av det israelske statsarkivet, dokument som ikkje finst i norske arkiv.
Hilde Henriksen Waage med dokument ho har funne i israelske arkiv.
Foto: Vidar Ystad
Dokumentjakt
I 2005 gav NRK-journalisten Odd Karsten Tveit ut boka Krig og diplomati: Oslo-Jerusalem 1978–96. Her siterte han frå fleire UD-dokument som tidlegare ikkje var kjende, og som mangla i UD-arkivet. Etter dette tok riksarkivaren, historieprofessor John Herstad, i 2006 affære overfor UD for å få departementet til å skaffe til veges og sikre det verdifulle materialet. UD og Riksarkivet delte oppgåva mellom seg. UD skulle kontakte dei UD-tilsette, Mona Juul (gift med Terje Rød-Larsen) og Jan Egeland. Riksarkivet skulle kontakte Terje Rød-Larsen.
I prosessen kom det fram at Terje Rød-Larsen, som hadde vore sentral i Oslo-prosessen, sat på det han omtala som eit «omfattande privatarkiv». Men det ville han ikkje levere korkje til UD eller til Riksarkivet i Noreg. Han sa derimot at han ville deponere det hjå eit internasjonalt arkiv han hadde tillit til. Dette kunne vanskeleg oppfattast annleis enn at han ikkje hadde tillit til Riksarkivet.
Støre stoppa
Initiativet frå Herstad munna ut i at utanriksminister Jonas Gahr Støre sette strek for arkivsaka ved å kunngjere at UD ikkje sakna nokon dokument.
«Vår konklusjon er at det ikke finnes dokumenter han (Terje Rød-Larsen, red.merk.) har fra Oslo-prosessen som er savnet i UDs arkiver. Vi anser saken som avsluttet», uttala pressetalspersonen i UD på vegner av Støre i 2006.
«For å opprettholde glansbildet av Norges rolle beskyttet Jonas Gahr Støre, da han var utenriksminister, Terje Rød-Larsen slik at han slapp unna kravet fra granskingen til den norske riksarkivaren om å levere dokumentene tilbake til den norske stat, i noe som helt åpenbart var et brudd på norsk arkivlovgiving», skriv Waage i Historisk tidsskrift.
Statsminister Støre takkar høfleg nei til å kommentere dette.
I eit brev til Jan Egeland, som hadde vore statssekretær i den aktuelle perioden, datert 6. juni 2006, skreiv UD mellom anna:
«Vi er også klar over at flere involverte personer som deltok i Oslo-prosessen ikke var ansatt i Utenriksdepartementet i det gitte tidsrommet, og at disse dokumentene ikke er/ vil bli en del av vårt arkiv.»
UD opplyser nå at det aldri vart laga noka juridisk vurdering før denne konklusjonen vart trekt.
Fråsegna frå utanriksministeren gjekk eit steg vidare: «UD var svært lite involvert i de hemmelige forhandlingene.» Det uttala pressetalspersonen trass i at det var utanriksministeren sjølv, Johan Jørgen Holst, som var ansvarleg for forhandlingane. I brev til utanriksminister Peres omtalar Holst Terje Rød-Larsen og Mona Juul som «mine spesialutsendinger», «som tilhører mitt sekretariat» og «har begge spilt en nøkkelrolle i å administrere ’den norske kanalen’».
Ny sjanse for Støre
Støre fekk ein ny sjanse til å korrigere kursen i 2012 då Dag og Tid kontakta Utanriksdepartementet om dokumenta som mangla. Støre var framleis utanriksminister. Men beskjeden var den same: UD mangla ingen dokument, fastslo Støres pressetalsperson overfor Dag og Tid i august 2012.
Forvaltningsrettseksperten professor Jan Fridthjof Bernt gjekk sterkt i rette med synspunkta til UD om «privatarkiv». Han slo i Dag og Tid 10. august 2012 fast at dokument frå prosessen tilhøyrde UD, og at dei som hadde vore involverte, var å rekne som offentlege tenestemenn.
Etter dette tok riksarkivar Ivar Fonnes ny kontakt med UD om dei manglande dokumenta. Men Fonnes møtte til liks med Herstad «veggen» i UD.
Manglande «interesse»
– Det var inga interesse i UD for å fylgje opp, seier Fonnes til Dag og Tid i dag.
Han trur forklaringa på at dokumenta ikkje finst i UD-arkivet, er at dei som dreiv prosessen i si tid, ikkje hadde interesse av at dokumenta vart arkiverte i UD.
Dette er også den konklusjonen Hilde Henriksen Waage har kome til etter alle sine år med forsking omkring Oslo-prosessen og dokumentjakt. Ho kallar den offisielle framstillinga av Oslo-prosessen for ei «eventyrfortelling», der dei norske tilretteleggarane fekk ei helterolle. Realitetane var derimot at nordmennene spela på lag med og fremja Israels interesser, og at jobben gjekk ut på å overtale palestinarane og Yassir Arafat.
Waage meiner vidare at både Mona Juul og Terje Rød-Larsen nytta «eventyrfortellinga» om Oslo-prosessen i bygginga av ein vidare yrkeskarriere. Difor har dei inga interesse i at dei manglande dokumenta blir tilbakeførte til UD og Riksarkivet, går det fram av artikkelen til Waage i Historisk tidsskrift.
Støre vil ikkje svare
Dag og Tid har stilt spørsmål til Støre om opplysningar som vi har fått om at han stoppa pågangen av di han ynskte å dra nytte av Terje Rød-Larsen sine kontaktar i USA.
– Statsministeren har ingen kommentar til dette, uttalar kommunikasjonssjefen ved Statsministerens kontor, Anne Kristin Hjukse, på vegner av Støre.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Utstillinga opnar med eit enormt fotografi av kunstnaren i sine glansdagar.
Foto: Øystein Thorvaldsen / Henie Onstad Kunstsenter
Side om side med Munch
Utstillinga Mot det moderne løftar fram Christian Skredsvig internasjonalt og viser at han sette merke på samtida si. Kunsten hans er langt frå smålåten.
Bra harepus
«Kongen av latin-trap» blandar puertoricansk musikktradisjon med moderne popproduksjon.
Hovudaktørane bak Oslo-avtalen, då han blei signert i Parkveien 45 i Oslo. I midten sit tidlegare utanriksminister Johan Jørgen Holst og rett bak seg har han Israels dåverande utanriksminister Shimon Peres. Holst er flankert av den israelske forhandlingsleiaren Uri Savir (til høgre) og den palestinske motparten hans Abu Ala. Bak Peres står dei tre norske diplomatane som var mest aktive i dei hemmelege forhandlingane i Noreg i 1993: statssekretær Jan Egeland, Mona Juul og Terje Rød-Larsen.
Foto: Overvakingspolitiet / NTB
UD-dokument finst i israelske arkiv
Professor Hilde Henriksen Waage har i årevis jakta på dokument frå Oslo-prosessen som manglar i arkivet til Utanriksdepartementet. Nå har ho funne nokre av dei i israelske arkiv.
Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.
Foto: Fredrik Varfjell / AP / NTB
Den livsviktige satiren
Satiren må framleis ha ein heim. Ti år etter attentatet trengst det nytenking i Charlie Hebdo.
Google byggjer nytt datasenter utanfor Skien i Telemark. – Vi kjem til å måtte byggje meir i åra framover, men vi må gjere det med ei anna forståing av at også natur og areal er ein knapp ressurs, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).
Foto: Cornelius Poppe / NTB
Naturplan utan samling
Få opposisjonspolitikarar er nøgde med korleis Noreg skal følgje opp måla i naturavtalen. Mathilde Tybring-Gjedde (H) er ikkje viss på at naturforvaltinga i Noreg kjem til å verte betre.