Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Arvingane til Amundsen

Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt

18432
20250110

Ski eller sykkel

Det er mange måtar å kome seg til klodens sørlegaste punkt på:

1911: Roald Amundsen nådde Sørpolen saman med Olav Bjaaland, Helmer Hanssen, Sverre Hassel og Oscar Wisting. Robert F. Scott kom fram 33 dagar seinare, men døydde på veg tilbake.

1986: Briten Robert Swan og to kompisar gjekk på beina og drog sledar. Dei følgde ruta til Scott.

1992: Japanaren Shinji Kazama var den fyrste som nådde Sørpolen på motorsykkel.

1993: Erling Kagge var den fyrste som gjekk aleine med start på Berkner Island.

1994: Liv Arnesen var den fyrste kvinna som gjekk aleine. Ho starta på Hercules Inlet.

2009: Iren Mark Pollock var den fyrste blinde på Sørpolen,

2011: Nordmannen Christian Eide sette ny fartsrekord på 24 dagar, 1 time og 13 minutt. Barbara Hillary var fyrste svarte kvinne på Nordpolen og Sørpolen. Ho var då 79 år.

2014: Daniel Paul Burton sykla på ein fatbike frå Hercules Inlet med forsyningar undervegs. Spanjolen Juan Menéndez Granados nådde Sørpolen med ski og sykkel.

2023: Franskmannen Vincent Colliard sette ny rekord – 22 dagar, 6 timar og 8 minutt.

2024: Dersom Karen Kyllesø kjem fram, vil ho vere den yngste som har gått aleine til Sørpolen.

Ekspedisjon

redaksjonen@dagogtid.no

Det var nyttårsaftan og dag 17 i ekspedisjonen til Arne-Kristian Teigland (43). Bondesonen og speidaren frå Øystese i Hardanger med sans for heavy metal og tysk elektronika nærma seg målet i rekordtempo. Alle som følgde «AK» på Instagram, fekk denne tysdagen høyre ein grunnsliten polfarar leggje fram rapport over satellittelefon:

– Ei lita oppdatering: I dag var det ein...

Han stansa seg sjølv, tok sats, byrja på ny.

– Eg har gått mange turar i mitt liv. Mange lange turar, mange seige turar, men turen i dag var faktisk den tyngste eg har gått. Det var ikkje ein kamp, det var ein krig.

Arne-Kristian Teigland var komen til 87 grader og hadde hatt ei dårleg kjensle heilt frå han vakna i teltet. Det var total whiteout, som han sa, han måtte føle seg fram med stavane, jobbe med skia. Terrenget var rotete og uryddig, jo, han sa det slik, med sprekker, skavlar og sastrugiar, ruglete høgder og furer skapt av vinden, og altså null sikt. Pulken forsvann ned i ei grop, og han måtte av med skia for å slite han opp att. Det var på grensa til uforsvarleg, sa han. Sjølv under desse tilhøva pressa Teigland seg til å gå 50 lange kilometer, og under normale omstende ville han teke ein høgst nødvendig kviledag.

– Men dette er ikkje ein slik tur, så eg må berre gønne på.

For Arne-Kristian Teigland skulle setje ny verdsrekord. Raskaste mann til Sørpolen. Han reiste lett, pulken vog berre 50 kilo, dunjakke var det ikkje plass til, og målet var å gå dei 1130 kilometrane på under 22 dagar, 6 timar og 8 minutt under fyndordet: «Seige spenar mjølkar best.»

Ein annan stad i isøydet sleit fleire landsmenn seg fram. Det var politibetjenten Hege Victoria Dypdalsbakk (41) frå Ålen og Buvika, som vil setje ny rekord for kvinner. Målet var å kome fram på under 31 dagar. Når det røyner på, høyrer ho på marsjar frå Gardemusikken. Også Kristin Harila (38) frå Vestre Jakobselv hadde hive seg med på ein tur i siste liten.

«Hvis du tror at Antarktis er uberørt villmark... Det æ´kke det.»

Jarle Andhøy

Harila, den samiske fjellklatraren som i 2023 gjekk til topps på verdas 14 høgste fjell på 92 dagar, ville no forsøke seg på Sørpolen. Ho fekk tidleg problem med ryggen, og etter 20 dagar hadde ho gått 700 kilometer og var tom for smertestillande. Ho åt ein Kvikklunsj, og på den las ho fjellvettreglane: «Vend i tide, det er ingen skam å snu.»

Ho snudde, det vil seie: Harila blei henta ut med fly.

Og den siste av dei norske er ho som kallar seg «Friluftsjenta» på Instagram. Karen Kyllesø frå Årdal på Hjelmeland er berre 21 år. 14 år gamal kryssa ho Grønland, ho blei 15 undervegs, og ho har trena mot denne ekspedisjonen over fleire år. Kyllesø er den yngste som har fått løyve til å gå til Sørpolen aleine.

– Det har aldri vore så mange nordmenn på veg til Sørpolen samstundes og aleine. Denne sesongen er heilt spesiell, seier Lars Ebbesen. Han gjekk til Sørpolen saman med Odd Harald Hauge og Cato Zahl Pedersen i 1994. «Unarmed to the South Pole», heitte ekspedisjonen, eller som det blei vitsa om: Cato Zahl Pedersen var den fyrste som gjekk til Sørpolen utan vottar.

Dei siste åra har polarguruen Lars Ebbesen vore ein kommandosentral for ekspedisjonar både i Arktis og Antarktis. Frå heimen sin ved foten av Holmenkollåsen i Oslo er han eit bindeledd mellom dei på isen og media.

Men lat oss ta det frå byrjinga. Året var 1910, det var september. Ute i Atlanterhavet, nærare bestemt i hamna i Funchal på Madeira, hadde Roald Amundsen noko å fortelje mannskapet om bord i skonnerten «Fram». Dei skulle ikkje mot nord, som han hadde sagt, dei skulle mot sør.

Frå Madeira sende Amundsen eit telegram til kongen: «Deres Majestet, jeg skriver for å informere Dem om at ekspedisjonen har endret kurs mot Sydpolen.»

Roald Amundsen visste det ville bli ein kamp mot snø, is, kulde, svolt, vind og det ukjende, men òg mot engelskmannen Robert Falcon Scott, som var komen langt i førebuingane til å erobre det sørlegaste punktet på kloden. Også Scott fekk eit telegram frå Madeira: «Captain Robert F Scott, Beg leave to inform you. ’Fram’ proceeding Antarctic».

I midten av januar 1911 ankra «Fram» opp i Hvalbukta, om lag 50 mil aust for der Robert Scott hadde etablert leiren sin. I land bygde dei basen Framheim. Den antarktiske vinteren nytta dei til å slakte 60 tonn sel. Dei fiksa på klede og sledar og køyrde ut depot med mat og utstyr. I september gjorde dei fyrste framstøyten mot polpunktet, men måtte snu. I oktober forsøkte dei på ny. Denne gongen med 5 mann, 4 sledar og 52 hundar.

Etter 35 dagar nådde dei polplatået, der dei slo leir og blei liggande vêrfaste. Det var då dei gjorde det som i ettertid skulle skape overskrifter og avsky. Dei slakta 26 av hundane. Nokre blei etne av dei andre hundane, nokre av dei sjølve, mens resten blei lagde att som proviant til returen.

Torsdag 14. desember 1911 nådde dei polpunktet – «en uhyre flat sneslette». Dei hadde vore undervegs i 57 døgn, men var dei framme? Det var ikkje lett å orientere seg. Dei sirkla rundt i området. To dagar seinare, då er vi komne til laurdag, noterte Amundsen i dagboka si: «Vi regnet nu at vi var på Polen. Selvfølgelig visste enhver av oss at vi ikke stod på polpunktet – det ville være en umulighet med den tid og de instrumenter vi hadde til vår rådighet.»

Det skal leggjast til at dette er den korrekturlesne versjonen, for eigentleg skreiv Amundsen slik som han snakka. Eit døme er korleis dei der inne såg etter Scott: «Vi har alle brukt kikkertene flitti fårrå se åmm dær var tein til liv på noe håll – menn fårrjeves. Vi ær nåkk di første på stede.»

Dei sette opp telt, fyrte opp sigarar og skreiv eit brev til kong Haakon og eit til Scott. For Amundsen visste at dei berre var komne halvvegs. No skulle dei tilbake, og om han overlevde for å fortelje om bragda, var uvisst.

Roald Amundsen var altså fyrstemann på Sørpolen, og sidan har mange vore der. I 1993 var Erling Kagge den fyrste som gjekk dit aleine. På 50 dagar la han bak seg nær 1400 kilometer utan hjelp utanfrå eller kontakt med omverda. Han gjekk frå Berkner Island og fekk mykje merksemd for den turen. Året etter, og då er vi i OL-året 1994, var læraren Liv Arnesen den fyrste kvinna som gjekk aleine. Ho starta på Hercules Inlet. Dei var fyrst, så kva kunne dei komande polfararane gjere?

Dei kunne gå raskare. No starta idrettifiseringa av polferdene, no starta stoppeklokkene. I 2006 sette briten Hannah McKeand ny rekord med 39 dagar, 9 timar og 33 minutt på dei 1130 kilometerane frå Hercules Inlet til Sørpolen. Den rekorden stod i to år. Då gjekk amerikanaren Todd Carmichael på 39 dagar, 7 timer og 49 minutt.

Ja, berre 1 time og 16 minutt skilde dei, men Todd var raskast. Fram til 2011. Då la Christian Eide frå Bærum av garde, han fekk flyt, han var ustoppeleg og sette ein vanvitig, ny rekord på 24 dagar, 1 time og 13 minutt. Det blei eit paradigmeskifte, kan ein seie. I fjor blei rekorden til Eide slått av franskmannen Vincent Colliard, som brukte 22 dagar, 6 timar og 8 minutt.

Det var denne rekorden Arne-Kristian Teigland skulle slå. Han låg hårfint føre, men sist fredag kom ei ny oppdatering på Instagram: «AK fekk eit illebefinnande under marsj og svima av på isen. Han fekk opp teltet og varsla ALE som er på veg til å fly han ut. Han skal til medisinsk sjekk på Union Glacier og har det etter forholda bra.»

Her er det to ting å merke seg: ALE og Union Glacier.

Det fyrste fyrst: ALE er ei forkorting for Antarctic Logistics & Expeditions og er eit amerikansk selskap, ja, ein slags turoperatør for mange av dei som vil forsøke å gå til Sørpolen. Historia starta på 1980-talet med to kanadiske fjellklatrarar som ville klatre Mount Vinson, det høgste fjellet i Antarktis (4892 moh.). Toppen inngår i det dei kallar Seven Summits – dei høgste fjella på kvart av dei sju kontinenta. Saman med ein røynd britisk pilot flaug dei inn med ein DC-4 og klarte å lande på ein isbre.

– Dei kom til topps, og dei tenkte at dette måtte dei la fleire få oppleve. I 1985 starta dei selskapet ANI, Adventure Network International, med fokus på klatring av Mount Vinson, fortel Lars Ebbesen.

I 2003 blei ANI kjøpt opp av ALE.

– Dei organiserer turar for folk som vil gå til Sørpolen på ein rimelegare og enklare måte enn Roald Amundsen: låne ein båt, segle ned, overvintre og gå.

ALE har 30 års røynsle med ekspedisjonar i Antarktis og har vinterbase i Punta Arenas i Chile. Tidleg i sesongen, som er i slutten av oktober, flyg dei til det som heiter Union Glacier.

– Då flyg dei fyrst inn med ein Twin Otter med ski, og der inne har dei alt av utstyr. Det er traktorar, snøryddingsutstyr, telt, ja, alt. Så grev dei opp utstyret, set opp ein stor teltleir og klargjer ein rullebane til sesongen startar i november–desember. No brukar dei to fly mellom Punta Arenas og Union Glacier, eit transportfly, og i tillegg leiger dei ein Boeing av Iceland Air som kan ta passasjerar.

– Altså eit vanleg passasjerfly?!

– Ja, tidlegare brukte dei Hercules-fly, slike som Forsvaret har, og så gjekk dei over til russiske Iljusjin-maskiner. Men no er rullebana i så bra stand at dei faktisk kan lande med ei vanleg Boeing-maskin. Det er òg ein del private fly som landar der i løpet av sesongen.

I Union Glacier kan dei ta imot 70 gjester, som blir husa i romslege tomannstelt på 5 gonger 2,4 meter med tregolv og sprinkelsenger. Det sosiale navet i leiren er det store matteltet, der kokkar bakar brød og serverer varme måltid med vin eller øl til.

– Leiren og logistikken er berekna for forskarar, fjellklatrarar, eventyrarar og turistar som berre vil vere i Antarktis.

Til saman har ALE fem leirar i Antarktis, og ein av dei ligg like ved polpunktet.

For å gå til Sørpolen i regi av ALE må ein søke. Søkarar må vise til relevant erfaring, treningsopplegg og sjølvsagt legeattest. Blir ein søkar godkjent, er ALE ansvarleg, og alle dei tek inn i Antarktis, må dei òg hente ut att. Før dei sender folk ut i isen, må dei potensielle polfararane gjennom ein ny legesjekk og ein sikkerheitssjekk. Dei blir utstyrte med ein sporingssendar og må melde seg ein gong i døgnet. Under ekspedisjonen fungerer ALE som ein operasjonssentral, og om det går gale, kan dei hente folk ut med fly.

Dette sikkerheitsopplegget er årsaka til at polfararar i dag kan ta større sjansar. Før var mottoet å vere sjølvforsynt og klare seg sjølv. I dag kan dei ha mindre mat og brensel, som fører til mindre og lettare pulkar.

– Eg har lese at alle som vil gå til Sørpolen, må starte frå noko som heiter Hercules Inlet?

– Nei, dei må ikkje det, men dei fleste startar der. Tradisjonelt skal ein starte ved kysten, det var det Amundsen og Scott gjorde. Derfor blir dei flogne i ein Twin Otter frå Union Glacier til Herkulesfjorden eller Hercules Inlet. Dette blir definert som inner coastline, altså der kystlina ville vore om det ikkje var is. Om ein skulle gått frå den reelle kysten, blir det vanskelegare logistisk og ein ekstremt mykje dyrare tur.

Frå Hercules Inlet og opp til Sørpolen er det 1130 kilometer. Om lag same distansen som frå Oslo til Bodø, altså. Det er verdas lengste motbakke, blir det sagt, der ein går frå om lag 100 meter over havet til sørpolpunktet på innlandsisen som ligg på 2800 meter.

«Vi ær nåkk di første på stede.»

Roald Amundsen, 1911

Ingen veit kor mange som er på veg til Sørpolen i desse dagar.

– Nei, for det er ein del som går under radaren, som vi seier. Men i tillegg til dei fire norske, som du nemnde, veit eg om nokre, seier Lars Ebbesen og ramsar opp.

Den britiske tannlegen Cat Burford går frå Hercules Inlet til Sørpolen. Briten Freddie Fennessy går frå Berkner Island, mens Youngmi Kim frå Sør-Korea skal krysse heile Antarktis med start på Hercules Inlet. Kim får nye forsyningar på polpunktet før ho held fram til kysten. Også Akshay Nanavati, fødd i India, tidlegare narkoman og veteran i US Marines, skal krysse heile Antarktis. James McAlloon frå Australia går motsett veg, har slått seg saman med ein guide frå ALE og skal avslutte turen med å klatre Mount Vinson. Ali Riza Bilal frå Tyrkia går Messner-ruta til Sørpolen, det same gjer Jonny Huntington frå Storbritannia.

– Kva er Messner-ruta?

– Ho er kalla opp etter Reinhold Messner, som kryssa Antarktis i 1984. Og så er det ein danske som er ute og går. Rasmus Kragh er coach og eventyrar og starta samstundes med Karen Kyllesø, men ligg langt etter. Så det er litt morosamt.

– Fleire då?

– Ja, det er Morten Rostille, ein norsk guide som arbeider for ALE og leier ei kommersiell gruppe med tre deltakarar. Også dei går Messner-ruta med to forsyningar undervegs.

Om ein ikkje vil gå heile vegen, kan ALE sette folk av på 89. grad, og deretter går dei på ski i rundt 110 kilometer. Det vil ta 12–13 dagar. Og så er det dei som blir flogne heile vegen inn til polpunktet, og som overnattar i leiren til ALE. Slik får om lag 200 turistar oppleve Sørpolen kvart år.

Ein gong var ekspedisjonar eksklusive, dei fekk mediemerksemd og sponsorar. Slik er det ikkje lenger. Den unge Kyllesø har arbeidd systematisk over år og har klart å fullfinansiere turen, men dei fleste må betale av eiga lomme. Hege Victoria Dypdalsbakk måtte selje leilegheita si for å kunne gå. For det er ikkje å legge skjul på: Å gå til Sørpolen er ein egotripp, og for å kunne forsvare turen vil dei gjerne legitimere han med noko som er større enn dei sjølve. Dei må ha eit WHY, og dette kviforet kan ikkje berre handle om å realisere seg sjølv og sprenge grenser. Derfor knyter dei seg til humanitære organisasjonar og ideelle saker.

Hos nokre er det velmeint, hos andre avlat og hos atter andre rein marknadsføring. Danske Rasmus Kragh går til dømes «for å inspirere formål fremfor kortsigtet profit. #forandringindefra».

Og når – eller om – dei når målet, kan dei gjere som Roald Amundsen: livnære seg av å skrive bok og halde foredrag.

Så kva får ein sjå når ein nærmar seg Sørpolen? Lars Ebbesen fortel.

– Når du kjem 20 kilometer unna, dukkar det opp ein bitte liten flekk på horisonten. Etter eit par kilometer forsvinn han att, men så kjem du over ei lita høgd, og der, åtte–ti kilometer unna, ser du Sørpolen føre deg. Du kjem til eit punkt der det står eit skilt: «Welcome! You’re almost at the South Pole». Og så går du forbi der ALE har leir, og derifrå er det ein kilometer ned til sjølve polpunktet. Det ligg inne i baseområdet.

For i området som Roald Amundsen kalla «en uhyre flat sneslette», har amerikanarane sett opp The Amundsen–Scott South Pole Station på 7400 kvadratmeter i to etasjar. I sommarsesongen kan dei huse 150 menneske, mens det om vinteren bur om lag 40 menneske der. Dei har også ein flyplass. Frå basen går The South Pole Traverse, eller McMurdo–South Pole Highway, ei 1450 kilometer lang isløype ned til kysten.

På sørspissen av Rossøya ligg den amerikanske McMurdo-basen, som er knutepunktet for all transitt- og forskingsaktivitet til det vestlege Antarktis. Det er ein liten by med sjukehus, bibliotek, kino, kaffibar, butikkar, treningssenter og barar, og i sommarsesongen held over 1200 innbyggjarar til der.

Det var på denne vegen Jarle Andhøy og Samuel Massie ville erobre Sørpolen med to ATV-ar i 2011. Som Andhøy sa til Dagbladet: «Hvis du tror at Antarktis er uberørt villmark... Det æ´kke det. Da vi kom på slutten av sesongen var det godt oppkjørte spor. Det eneste som mangler på den strekningen der, er ei pølsebu. Det var bare å kjøre på, ren transport. Pumpe inn, pumpe ut. Opp mot 60 kilometer i timen.»

Om dei nådde heilt fram, er uklart. Sannsynlegvis ikkje.

Og dei siste metrane fram mot målet kan Harald Dag Jølle ta over. Han var på Sørpolen i 2011 og gjekk i sledespora til Amundsen 100 år etter. Kva fekk han sjå?

– Ein flyplass og ein stor forskingsstasjon, seier Jølle.

– Men så er det vel ei kule som markerer sjølve polpunktet?

– Ja, ho ligg gøymd bak stasjonen. Isen er i rørsle, så dei må flytte ho opp slik at ho alltid står på det geografiske polpunktet. Og så må du ta bilete rett veg, så det ser ut som du er i øydemarka. Men eigentleg står du midt i ein stor base med bygningar, konteinarar og køyretøy.

– Kva skjer så?

– Tidlegare kunne du bli invitert inn på stasjonen, men det er det slutt på. Då er det berre å gå tilbake til ALE-leiren, setje opp teltet og vente på at ein Twin Otter hentar deg ut.

Så kor mykje kostar det å gå til Sørpolen i våre dagar?

– Ja, altså, det kjem litt an på, men viss du reknar frå Punta Arenas til Union Glaciers..., seier Lars Ebbesen.

– Ja?

– Så vil ein Sørpolen-tur frå Herkules Inlet koste rundt 90.000 amerikanske dollar. I tillegg kjem utstyr, mat, forsikring, flybillett til Chile og opphald. Og ufatteleg mange treningstimar. For det vil eg legge til. Å gå til Sørpolen er framleis ein stor, stor prestasjon.

Idet avisa går i trykken, har Karen Kyllesø passert 89°. Det er tunge forhold, men ho sig jamt framover. Sannsynlegvis når ho Sørpolen måndag eller tysdag.

Hege Victoria Dypdalsbakk melde seg sist onsdag morgon. Ho var då på 89° 22“, og vurderte å legge inn nokre dobbeløkter. Rekordforsøket lever, men heng i ein tynn tråd.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt

Feature

Arvingane til Amundsen

Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.

Hallgeir Opedal

Google byggjer nytt datasenter utanfor Skien i Telemark. – Vi kjem til å måtte byggje meir i åra framover, men vi må gjere det med ei anna forståing av at også natur og areal er ein knapp ressurs, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Naturplan utan samling

Få opposisjonspolitikarar er nøgde med korleis Noreg skal følgje opp måla i naturavtalen. Mathilde Tybring-Gjedde (H) er ikkje viss på at naturforvaltinga i Noreg kjem til å verte betre.

Øyvind Vågnes var professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Foto: Universitetet i Bergen

MinneordSamfunn
Svein Gjerdåker

Øyvind Vågnes (1972–2025)

«Øyvind Vågnes var eit funn for ein avisredaksjon.»

Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.

Foto: Fredrik Varfjell / AP / NTB

KommentarSamfunn
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Den livsviktige satiren

Satiren må framleis ha ein heim. Ti år etter attentatet trengst det nytenking i Charlie Hebdo.

Denne hannen av munk vart fotografert i Oslo i desember 2019.

Foto: Sveinung Lindaas

DyrFeature

Vintermunkar

Fuglen munk har vore sentral i utgreiingar om fugletrekket.

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis