Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Vald, hat, mot

Historia om kampen til dei svarte i USA er soga om ei frigjeringsrørsle som vann – til slutt. Men også om tvisyn og botnlaus menneskeleg fornedring.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ein politimeister les opp ein rettsordre som stoppar ein protest for veljarregistrering i Selma i Alabama i USA 9. mars 1965, framfor borgarrettsaktivistane Martin Luther King jr. (t.h.) og Andrew Young.

Foto: AP / NTB

7417
20250110
7417
20250110

Sakprosa

Jonathan Eig:

King. Et liv

Omsett av Inger S. Holmes
Verbum 2024

Nokre gonger kan ein biografi lyfta fram ein heil epoke slik at du kjenner tåregassen riva i nasebora og vert våt av vasskanonane i ryggmergen. For oss som har levd ei stund, er borgarrettsrørsla i Amerika eit slikt døme.

Det kjem opp mange minne for det indre blikket når me tenkjer på kva som hende: Bileta av jenta i finstasen som vert følgd inn av den føderaliserte nasjonalgarden med eit andlet av redsle og trass når ho vil melde seg som student ved Alabama-universitetet; Martin Luther King jr. på kne i bøn med tilhengjarane sine i Birmingham i Alabama, medan glefsande schæferhundar kastar seg mot dei, berre så vidt haldne attende av dei hatefulle uniformerte folka til erkerasisten sheriff Th. Eugene «Bull» Connor.

Mot

Det som sit att etter å ha levd gjennom dei meir enn 600 sidene til Jonathan Eig, er fyrst og fremst kor modig Martin Luther King var. Ja, sjølvsagt visste me det. På eit slags intellektuelt plan. Men her skriv Eig om drapstruslar og slag mot andletet som daglegdagse hendingar mot han og familien hans. Me kjenner alle trua til King, at han rekna med «to be free at last». Og alle referansane til frelsa like før han vart skoten, er lesing som gjer inntrykk.

Eig legg ikkje skjul på mannens skuggesider: utruskap, litt for mykje alkohol, plagiering i doktoravhandlinga, depresjonar, vingling. Her er biografien ærleg. Men dette er likevel petitessar som berre gjer han meir menneskeleg, til liks med til dømes Bjørnson, som òg var full av slike kontrastar.

«Dette må vere ein av dei beste biografiane på mange år.»

Han var sårbar midt i kampen. For King spara seg ikkje. Eig skriv at King såg på seg sjølv som «et offer for tapte drømmer, for knuste håp».

Men han heldt fast på at «vi aldri må miste vårt evige håp».

Nei, Martin Luther King jr. gjorde ikkje det. Her ligg essensen i Eigs storslegne verk. Det gjev lærdomar for verda i dag.

Dette må vera ein av dei beste biografiane på mange år. Eig fekk Pulitzerprisen i fjor. King fekk Nobels fredspris i 1964, berre 35 år gamal.

Johnsons strategi

Det som Eig får fram på ein forvitneleg måte, er mellom anna kor vidsynt den demokratiske presidenten Lyndon B. Johnson var. Han visste særs godt kva dei politiske kostnadene ved borgarrettslovane innebar for han: Demokratane ville tapa sørstatane (det som seinare vert omtala som den republikanske «southern strategy», som Nixon reid på frå 1969 av, og som no er eit fullbyrda faktum).

Lyndon B. Johnson skal visstnok ha sagt då han skreiv under lovane: «Der miste vi sørstatane.» Men borgarrettslovane var noko han måtte innføra av moralske og rettslege grunnar, mot enkle kalkylar over tap og vinning. Her ligg det store ved Johnson, som me ofte gløymer når me veit kva lagnad som venta han i malstraumen under Vietnamkrigen i 1968.

Men Eig syner at det fanst ei anna side ved det amerikanske statsapparatet: FBI og sjefen der, J. Edgar Hoover. Sundag 18. november 1962 heldt King ei preike i Riverside Church i New York. Etter gudstenesta vart King spurd av ein journalist i New York Times om pastoren stolte på det føderale politiet. King svara då at det som var problemet, var at FBI alltid stod på dei kvite rasistane si side i sør. Dei heldt seg inne med dei lokale politistyrkane. Dersom FBI-agentane stør segregering, kan dei ikkje etterforska overgrepa «på en ærlig og objektiv måte», sa King.

Resultatet var at FBI var meir oppteke av å undersøkja Kings tilhøve til kommunistar enn av å verja han mot overgrep. FBI såg King og SCLP, organisasjonen til dei svarte, som berre ei anna utgåve av kommunistpartiet, og som eit trugsmål mot «amerikanske interesser».

Så den føderale staten var todelt: presidentmakt mot politimakt.

FBIs prosjekt mot King fekk eit eige namn: Cointelpro. Eig har som ein av dei fyrste gått gjennom arkiva og kan dokumentera overvakingsarbeidet i detalj, inklusive kvinnehistoriene, som FBI heile tida brukte for å kompromittera King.

Til sist måtte justisminister Robert F. Kennedy instruera Hoover om å styrkja arbeidet med å verja King mot Ku Klux Klan og politiet i sør. Seinare skulle Hoover bruka same taktikken mot dei som demonstrerte mot Vietnamkrigen.

Kampen internt

Dei svarte frigjeringsorganisasjonane var ingen sundagsskule. Frå venstre kom skuldingane, især frå muslimen Malcolm X og Black Panthers, om at King var for moderat. Vald var løysinga. Også innanfrå var det stemmer som meinte at King gjekk for langt i retning kompromiss med til dømes Washington og John F. Kennedy.

Det hende òg at lokale organisasjonar ikkje likte at King kom til og stal merksemda frå demonstrasjonane deira. Men King stod på sitt. Han utvikla sin eigen ikkjevaldsbodskap, i tett samband med tradisjonen for sivil ulydnad i USA, frå Henry David Thoreau til Mahatma Gandhi.

Men særs viktig var teologen Reinhold Niebuhr. I boka Moral Man and Immoral Society (1932) var Niebuhr klar på at dei svarte ikkje kunne bli frie med hjelp av væpna oppstand. Dei svarte ville bli knuste. Ikkjevald ut frå ein lågkyrkjeleg kristendom (baptisme) var det einaste alternativet for King.

Studenten Vivian Malone møter opp på Alabama-universitetet i 1963 og møter den rasistiske  guver­nøren George Wallace i døra.     Foto: AP / NTB

Sosial kamp

Martin Luther King jr. såg ikkje målet for virket sitt berre som svart frigjering og borgarrettar. På colleget sitt, Morehouse, hadde han lese Marx, og han ville knyte arbeidet sitt mot segregering til fattigdom og undertrykking, utan omsyn til hudfarge.

King gjekk til åtak på det han såg som hykleri blant kvite nordstatsliberalarar. Dei var ikkje seine med å peika på det urettferdige ved samfunnstilhøva i sør, men såg ikkje kor lik stoda var i nord, med skilnader i løn og diskriminering.

I Europa ville King vorte ein klassisk sosialist i tradisjonen frå Tranmæl og Gerhardsen, eller i Frankrike frå folk som Jean Jaurès og Léon Blum, intellektuelle sosialistar.

Men USA hadde ikkje nokon sosialistisk tradisjon, og rasespørsmålet stogga alle freistnader på å byggja bruer i retning den kvite arbeidarklassa.

King hadde også eit breiare amerikansk perspektiv. Han såg den svarte frigjeringskampen som ein kamp om Amerikas sjel. Ja, gjennom oppreising for dei svarte kunne Amerika frelsast, skreiv han.

Draumen

Då King 28. august 1963 i heit sumartemperatur på trappa framføre Lincoln-monumentet i Washington D.C. gav den vidgjetne «I have a dream»-talen, vart han del av det engelske språkets hall of fame. Dette var 100 år etter Lincolns emansipasjonserklæring under borgarkrigen.

Om Churchill er det sagt at han mobiliserte det engelske språket og sende det i kamp mot nazismen. Det same kan ein seia om talen til Martin Luther King jr. den dagen.

Med direkte referanse til Lincoln hundre år før tala King om at «Amerika har gitt de svarte en ugyldig sjekk som er returnert med ordene ikke tilstrekkelig med midler».

Essensen i talen gjer meg enno tankefull og rørt: «Jeg har en drøm om at dagen vil komme da mine fire barn vil leve i en nasjon der de vil bli verdsatt ikke etter fargen til deres hud, men etter innholdet i deres karakter.»

Hovudtemaet var heile tida at Amerika måtte finna fram til seg sjølv, til opphavsmyten, og at det var kampen til dei svarte som var nøkkelen til heile dette prosjektet.

Bernt Hagtvet

Bernt Hagtvet er professor i statsvitskap og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt

Feature

Arvingane til Amundsen

Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.

Hallgeir Opedal

Google byggjer nytt datasenter utanfor Skien i Telemark. – Vi kjem til å måtte byggje meir i åra framover, men vi må gjere det med ei anna forståing av at også natur og areal er ein knapp ressurs, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Naturplan utan samling

Få opposisjonspolitikarar er nøgde med korleis Noreg skal følgje opp måla i naturavtalen. Mathilde Tybring-Gjedde (H) er ikkje viss på at naturforvaltinga i Noreg kjem til å verte betre.

Øyvind Vågnes var professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Foto: Universitetet i Bergen

MinneordSamfunn
Svein Gjerdåker

Øyvind Vågnes (1972–2025)

«Øyvind Vågnes var eit funn for ein avisredaksjon.»

Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.

Foto: Fredrik Varfjell / AP / NTB

KommentarSamfunn
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Den livsviktige satiren

Satiren må framleis ha ein heim. Ti år etter attentatet trengst det nytenking i Charlie Hebdo.

Denne hannen av munk vart fotografert i Oslo i desember 2019.

Foto: Sveinung Lindaas

DyrFeature

Vintermunkar

Fuglen munk har vore sentral i utgreiingar om fugletrekket.

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis