Støre og krisa i sosialdemokratiet
Må det ein ny partileiar til for å berga restane av det sosialdemokratiske innslaget i norsk politikk?
Denne veka gjekk fristen ut for å nominera medlemmer til valnemnda i Arbeidarpartiet (Ap), og mykje kan alt vera avgjord. Men uansett må vi rekna med meir Støre-debatt utover våren. Det er jo også rimeleg. Partiet har rekordlåg oppslutning, og landsmøtet er staden for å velja kva mannskap ein vil ha.
Eg sit likevel med ei kjensle av at denne persondebatten bommar på målet. Han er døme på personifisering, om ikkje intimisering, av politikken. Jonas Gahr Støre er ein dyktig politikar: heiderleg, overjordisk tolmodig med pågåande journalistar, han er ein god diplomat og veit korleis han skal te seg i internasjonale forum, og han er empatisk nok til å møta menneske i krise. Han framstår som lite intrigant og maktsjuk, sjølv om alle kjempar om makt på dette nivået, og han er etisk reflektert. Difor burde ein ikkje diskutera Støre, men politikken hans.
Avgjerande endringar
Støre kom inn i politikken i Gro Harlem Brundtlands tid og vart med i regjeringane til Stoltenberg. Desse to gjorde avgjerande endringar i sosialdemokratisk politikk i Noreg. Dei fylgde opp Tony Blairs New Labour i Storbritannia. Blair gjorde stor suksess då han godtok nokre viktige premiss i Thatchers politiske profil. Det gjaldt særleg at offentleg sektor var for stor og for dyr og måtte effektiviserast.
Dette skulle skje gjennom såkalla outsourcing. Oppgåver statsforvaltninga hadde hatt, skulle gjerast om til oppdrag for privat næringsliv, som skulle konkurrera om oppdraga og dermed gjera dei langt billegare. Ein skulle ha eit styre som kosta langt mindre, men leverte langt meir. Dette var alt saman idear frå høgresida, men Blair overtok dei og hevda at det var betre at Labour utførte dette arbeidet, enn at høgrestida gjorde det. Dermed var motivet at næringslivet skulle få pengar frå staten til privat næringsdrift, tona ned. Det skulle gje billegare og betre tenester.
Stort gjennomslag
Desse ideane fekk stort gjennomslag i europeiske sosialdemokratiske parti. Dei kalla dette modernisering, som i praksis tydde nedbygging av statleg forvaltning og satsing på private aktørar. Men korleis var resultatet? Oxford-professoren Christopher Hood gav i 2015 ut ei bok der han – og andre forskarar – gjekk empirisk til verks og undersøkte to forhold: Vart styringa billegare? Og vart ho meir effektiv?
I boka A Government that Worked Better and Cost Less? svarar han resolutt nei på begge spørsmål. Det vart dyrare, og det vart mindre effektivt. Særleg dyrt viste det seg at det var å setja ut oppgåvene til privat sektor. Helseministeren i den nye Labour-regjeringa sa nyleg at det nasjonale helsestellet i Storbritannia ikkje var skadd, men at det ikkje finst lenger.
Likevel har ein halde fram med dette, også i norsk kontekst. Alt skulle bli AS. Helsestellet vart til føretak. Det har auka administrasjonane, innført ei ny klasse av økonomar og leiarar, ført til heilt uvettig pengebruk i planlegging av nye institusjonar og ikkje minst gjort det mogeleg for det amerikanske selskapet Epic å få betalt ut 6–7 milliardar kroner for eit system som ikkje verkar (Helseplattforma).
Dei gamle statsbanane (NSB) er splitta opp i tallause selskap og har ein slags europeisk rekord i avlysingar og utsetjingar. Mellom anna kan ikkje jernbanen gå dersom det er både minusgrader og snø på ein gong. Det gamle systemet med regulert straumpris er erstatta av europeisk marknadspris, som blir avdempa for private heimar, men ikkje for kommunar og næringsliv, med konkursaktige tilstandar som resultat begge stader.
I diskusjonen om energi har Støre aldri vike ein tomme: Vi må fylgja den internasjonale marknaden, noko anna er nærast naturstridig. Men når marknaden blir natur, er politikken ikkje mogeleg lenger. Alt er likevel bestemt på børsen.
Katastrofale fall
Dei problema eg skisserer her, er ikkje eineståande for Noreg og Arbeidarpartiet. Dei pregar heile kontinentet. Tarjei Skirbekk har gjeve ei systematisk framstilling av dette i boka De moderate folkepartienes fall i Europa. Ho viser at både moderate høgreparti og moderate sosialdemokratiske parti opplever katastrofale fall. Det er ei viss styrking av partia til venstre for sosialdemokratane, men først og fremst er det dei høgrepopulistiske partia som har vakse dramatisk, i eit spekter frå klart fascistoide parti som AfD i Tyskland til fullt demokratiske parti med høgrepopulistisk preg.
Den hjelpeløysa «folk flest» opplever når ein avpolitiserer politikken og viser til ubrytelege marknadslover, fører ikkje til at folk oppsøkjer parti som vil setja grenser for marknaden. Dei søkjer Trump-aktige parti, som senkar skattane for næringslivet, senkar lønene for arbeidsfolk og appellerer til individuelle draumar om rikdom og karriere.
Dette biletet burde etter mitt skjøn føra til at dei sosialdemokratiske partia søkte i sin eigen tradisjon for å finna måtar å balansera marknad og stat på. Men i staden held ein fram med å forstå staten primært som ein tilretteleggjar for konkurranse.
Dette er spørsmål som er langt viktigare å få diskutert enn kven som sit i leiinga. Den politiske diskusjonen må koma først, deretter persondebatten.
Jan Inge Sørbø er professor ved Høgskulen i Volda og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.