Kjartan Hatløy
Gravaren grov ei grav
Gravaren grov ei grav
No står vi her
Vi har nokon som skal ned i sitt svartaste rom
Då kjem det svaler fram og helsar
Fem svaler
frå det som er
Dei krinsar i vide ellipsar
Hastig frå molda og høgt opp i himmelen
Svaler har ein far i jorda
Med auge som ser innover
Han snakkar med dei når dei flyg
Utan ein lyd
Vi kjem frå ein annan kant
Vi får den vakre farten
Dei knappe kast, dei umogelege svingane
Vi ser og ser
Det kvite, under den mørke svalehaka
Frå Dikt i samling
Forlaget Oktober 2017
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Kjartan Hatløy
Gravaren grov ei grav
Gravaren grov ei grav
No står vi her
Vi har nokon som skal ned i sitt svartaste rom
Då kjem det svaler fram og helsar
Fem svaler
frå det som er
Dei krinsar i vide ellipsar
Hastig frå molda og høgt opp i himmelen
Svaler har ein far i jorda
Med auge som ser innover
Han snakkar med dei når dei flyg
Utan ein lyd
Vi kjem frå ein annan kant
Vi får den vakre farten
Dei knappe kast, dei umogelege svingane
Vi ser og ser
Det kvite, under den mørke svalehaka
Frå Dikt i samling
Forlaget Oktober 2017
Fleire artiklar
Google byggjer nytt datasenter utanfor Skien i Telemark. – Vi kjem til å måtte byggje meir i åra framover, men vi må gjere det med ei anna forståing av at også natur og areal er ein knapp ressurs, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).
Foto: Cornelius Poppe / NTB
Naturplan utan samling
Få opposisjonspolitikarar er nøgde med korleis Noreg skal følgje opp måla i naturavtalen. Mathilde Tybring-Gjedde (H) er ikkje viss på at naturforvaltinga i Noreg kjem til å verte betre.
Øyvind Vågnes var professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Foto: Universitetet i Bergen
Øyvind Vågnes (1972–2025)
«Øyvind Vågnes var eit funn for ein avisredaksjon.»
Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.
Foto: Fredrik Varfjell / AP / NTB
Den livsviktige satiren
Satiren må framleis ha ein heim. Ti år etter attentatet trengst det nytenking i Charlie Hebdo.
Støre og krisa i sosialdemokratiet
Må det ein ny partileiar til for å berga restane av det sosialdemokratiske innslaget i norsk politikk?
Ein politimeister les opp ein rettsordre som stoppar ein protest for veljarregistrering i Selma i Alabama i USA 9. mars 1965, framfor borgarrettsaktivistane Martin Luther King jr. (t.h.) og Andrew Young.
Foto: AP / NTB
Vald, hat, mot
Historia om kampen til dei svarte i USA er soga om ei frigjeringsrørsle som vann – til slutt. Men også om tvisyn og botnlaus menneskeleg fornedring.