Reiskap til omnsvarmen
Picasa
1. Kappsaga: Det meste av veden i Noreg har blitt til med bruk av handsag og øks. Det var ei stor lette då kappsaga kom til gards tidleg på 70-talet. Ho kom frå Brødrene Sundt på Røros. Hadde ein vett og brukte høyrselsvern, kunne ein nyte musikken frå sagbladet. Knepet var å nytte rette treslaget og å køyre strangane med vekslande fart gjennom bladet. Eg hadde mest lyst til å lyde etter orrhanen oppå åsane.
2. Vedkløyvaren: Ligg no kubben der, må han oftast kløyvast, skal han kome seg gjennom omnsdøra. Med åra svinn manndomskrafta, så øksa duger mindre etter kvart. Men gamle Jutul 802 A frå Vågå duger enno. Eg ser dei unge held seg til vedmaskinen som kappar og kløyver og nesten leier veden inn i omnen i eitt jafs. Sjølv går eg og ventar på roboten.
3. Traktoren: I 8000 timar har vi vore saman, eg og Ford 4000-en. Vi har opplevd store saker i lag. Han kom til i Vest-Tyskland og er snart 43 år no. Han er av det trufaste slaget, sviktar aldri.
Kolbjørn Bjørsnøs
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
1. Kappsaga: Det meste av veden i Noreg har blitt til med bruk av handsag og øks. Det var ei stor lette då kappsaga kom til gards tidleg på 70-talet. Ho kom frå Brødrene Sundt på Røros. Hadde ein vett og brukte høyrselsvern, kunne ein nyte musikken frå sagbladet. Knepet var å nytte rette treslaget og å køyre strangane med vekslande fart gjennom bladet. Eg hadde mest lyst til å lyde etter orrhanen oppå åsane.
2. Vedkløyvaren: Ligg no kubben der, må han oftast kløyvast, skal han kome seg gjennom omnsdøra. Med åra svinn manndomskrafta, så øksa duger mindre etter kvart. Men gamle Jutul 802 A frå Vågå duger enno. Eg ser dei unge held seg til vedmaskinen som kappar og kløyver og nesten leier veden inn i omnen i eitt jafs. Sjølv går eg og ventar på roboten.
3. Traktoren: I 8000 timar har vi vore saman, eg og Ford 4000-en. Vi har opplevd store saker i lag. Han kom til i Vest-Tyskland og er snart 43 år no. Han er av det trufaste slaget, sviktar aldri.
Kolbjørn Bjørsnøs
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.