Sarah Kirsch (1935–2013)
Mellomlandinga
Når det nærmar seg jul
reiser diktarane heim att
til dei dugande konene sine
og slik som dei har traska
jorda rundt, heile året
kva har dei ikkje høyrt kva
har dei ikkje tenkt over, skrive i avisa
spasert gjennom fabrikkar, dei gav potetene
leksjonar i menneskelege omgangsformer, såg
og røyken som ringlar seg og stig
og alt har dei slukt stundom Manhattan-
cocktails på grunn av namnet, dei fekk fart
i klassekampen mediterte
over det abstrakte ved fiskane, men omsider
kjem kulden gjennom dei tynne frakkane deira
lengsel
etter ein verkeleg fisk på fatet
kjem over dei og minnet
om ei kvinne som har varma seg ved peisen
da blir
harmen tilbake i storbyane, dei kjem
med rare hattar til barna
vaskar til og med klede spelar piano, men
på nyåret har dei fått nok, da
legg dei opp krangel, går sin veg, letta,
i hanskane som låg under juletreet
Til norsk ved Åse-Marie Nesse
Frå Poetisk modernisme
Det Norske Samlaget, 1995
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Sarah Kirsch (1935–2013)
Mellomlandinga
Når det nærmar seg jul
reiser diktarane heim att
til dei dugande konene sine
og slik som dei har traska
jorda rundt, heile året
kva har dei ikkje høyrt kva
har dei ikkje tenkt over, skrive i avisa
spasert gjennom fabrikkar, dei gav potetene
leksjonar i menneskelege omgangsformer, såg
og røyken som ringlar seg og stig
og alt har dei slukt stundom Manhattan-
cocktails på grunn av namnet, dei fekk fart
i klassekampen mediterte
over det abstrakte ved fiskane, men omsider
kjem kulden gjennom dei tynne frakkane deira
lengsel
etter ein verkeleg fisk på fatet
kjem over dei og minnet
om ei kvinne som har varma seg ved peisen
da blir
harmen tilbake i storbyane, dei kjem
med rare hattar til barna
vaskar til og med klede spelar piano, men
på nyåret har dei fått nok, da
legg dei opp krangel, går sin veg, letta,
i hanskane som låg under juletreet
Til norsk ved Åse-Marie Nesse
Frå Poetisk modernisme
Det Norske Samlaget, 1995
Fleire artiklar
Google byggjer nytt datasenter utanfor Skien i Telemark. – Vi kjem til å måtte byggje meir i åra framover, men vi må gjere det med ei anna forståing av at også natur og areal er ein knapp ressurs, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).
Foto: Cornelius Poppe / NTB
Naturplan utan samling
Få opposisjonspolitikarar er nøgde med korleis Noreg skal følgje opp måla i naturavtalen. Mathilde Tybring-Gjedde (H) er ikkje viss på at naturforvaltinga i Noreg kjem til å verte betre.
Øyvind Vågnes var professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Foto: Universitetet i Bergen
Øyvind Vågnes (1972–2025)
«Øyvind Vågnes var eit funn for ein avisredaksjon.»
Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.
Foto: Fredrik Varfjell / AP / NTB
Den livsviktige satiren
Satiren må framleis ha ein heim. Ti år etter attentatet trengst det nytenking i Charlie Hebdo.
Støre og krisa i sosialdemokratiet
Må det ein ny partileiar til for å berga restane av det sosialdemokratiske innslaget i norsk politikk?
Ein politimeister les opp ein rettsordre som stoppar ein protest for veljarregistrering i Selma i Alabama i USA 9. mars 1965, framfor borgarrettsaktivistane Martin Luther King jr. (t.h.) og Andrew Young.
Foto: AP / NTB
Vald, hat, mot
Historia om kampen til dei svarte i USA er soga om ei frigjeringsrørsle som vann – til slutt. Men også om tvisyn og botnlaus menneskeleg fornedring.