Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Alle kampsongars mor

Luther-salmen «Vår Gud han er så fast ei borg» danna grunnforma for verdsleg kampsong og dei fleste nasjonalsongane.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Martin Luther skreiv truleg «Ein feste Burg ist unser Gott» i 1527 eller 1528. Salmen blei truleg trykt første gongen i 1529, her i Geistliche lieder, som Luther sjølv stod for i 1533.

2885
20170929
2885
20170929

Der går ei meir enn tusen år lang språklinje frå Paulus til Luther. Paulus meistra sin retorikk og skreiv brev som var skriftlege å sjå til, men forma for å bli lesne høgt. Bibelforskaren C.E. Evans meiner språket i breva frå Paulus er det som ligg nærmast opp til gresk slik det blei snakka den gongen. Om så er, var Luther reformasjonens Paulus. Heile tida kombinerte han det munnlege og det skriftlege. I verka hans stod munnlege talemåtar side om side med stramme skriftlinjer.

Med reformasjonen skulle liturgien i gudstenesta vere på morsmålet, kyrkjelyden blei trekt inn i liturgien, og salmesongen blei viktigare. Martin Luther dikta sjølv 37 nye salmar.

Det språklege høgdepunktet i forfattarskapen er bibelomsetjingane. Som diktar var han helst middels. Det lysande unntaket er signatursongen «Ein’ feste Burg ist unser Gott».

Utgangspunktet var Salme 46 i Bibelen: «Gud er vår tilflukt og styrke». Truleg blei salmen første gongen trykt i 1529, same året som Luther gav ut katekismen. Om diktaren også komponerte melodien, rår enno uvisse.

Den tyske diktaren Heinrich Heine kalla songen Marseillaisen for protestantar, og Friedrich Engels snakka om Marseillaisen for bondekrigarane i 1520-åra. Det er godt sagt, men snur tida på hovudet: Marseillaisen var Luther-salmen for dei revolusjonære. Salmen frå 1520-åra er alle kampsongars mor.

Luther skreiv salmen i ei tid av pest og naud og forfølging. Ein pest herja frå 1527. Det osmanske riket var eit trugsmål. Mange heldt fast ved gamle trus- og læresetningar. Alt dette er det plass til mellom verselinjene.

Songen handlar om dei mot oss, vi er samla mot fienden der ute, noko står fast same kva som skjer, og sanninga er på vår side. Den formelen går att i kampsongar frå revolusjonære grupper, motstandsrørsler, folkerørsler av typen arbeidarrørsla. Slik er også grunnteksten i mange av nasjonalsongane og fedrelandssalmane frå 1800-talet og seinare. Eldst er nederlandske «Wilhelmus» frå om lag 1570, som først i 1932 blei offisiell nasjonalsong.

I Norsk salmebok er dette ein av dei salmane som står på både bokmål og nynorsk. Ivar Aasen gjendikta Luther-linjene to gonger, men det er orda til Elias Blix frå 1883 som er blitt ståande. Nesten.

Det står skrive i første strofa: «Vår gamle fiend gram/ med ålvor no fer fram. / Stor makt og mangfald list,/ det er hans våpen visst». «Gross Macht und viel List», skreiv Luther. Opphavleg skreiv Blix på luthersk vis: «Stor Magt og Lygn og List». På bokmål heiter det i tredje strofe: «Om verden full av djevler var/ som ville oss oppsluke,/ vi frykter ei, vi med oss har/ den mann som dem kan true.»

Tekst og melodi smeltar saman – lett å hugse, lett å synge, lett å forstå.

Ottar Grepstad

Neste veke: Dobbeltagenten frå Pommern

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

– Viss du vil ha meg til å smile, må du synge kjenningsmelodien til Laurdagsbarnetimen, seier Otto Prytz. Pilar følger med frå sofaen når vi syng: «Nå kommer barnetimen, nå kommer barnetimen, hysj, hysj, vær stille som mus...»

Foto: Hallgeir Opedal

Feature

Berre røre, ikkje sjå

Otto Prytz (81) er fødd blind, men takka vere ein ung franskmann blei han ikkje analfabet. Han blei akademikar.

Hallgeir Opedal

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Foto: Agnete Brun / NRK

KunstKultur
Kaj Skagen

Ikkje alt er politikk

Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.

Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.

Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB

HelseSamfunn
Marita Liabø

– ADHD-diagnosen skal henge høgt

Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar
Gjermund BakkeliHaga

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis