Andre utstillingar
Kjell Erik Killi-Olsen: «Rommet ved siden av».
Notis brødtekst brød feit:
«namn på utstilling»
Kor-når brød kursiv
Målaren, grafikaren og skulptøren Kjell Erik Killi-Olsen (fødd 1952) viser si første separatutstilling på sju år. Verka har det fabulerande, og temmeleg groteske, uttrykket som kunstnaren er kjend for. Måleria kling i sterke fargar, dekorative og ornamentale former er fletta saman med figurative motiv.
Kjell Erik Killi-Olsen startar
kunsthus i fødebyen Trondheim
Killi-Olsen har kjøpt ein bygard på heile 2500 kvadratmeter i Trondheim sentrum. Her skal det kome rimelege husvære for kunstnarar, kafé og store utstillings-
areal. Kunsthuset skal ferdigstillast om to år, men utstillingsprosjekta startar alt i vinter. Huset er tenkt som samlingsstad for alle som er interesserte i kunst, ikkje minst for å stimulere unge kunstnarar til å bli verande i byen.
Vibeke Slyngstad:
«Color me gone»
Haugar Vestfold Kunstmuseum, 14. oktober – 30. desember
Utstillinga viser verk frå 1990-talet til i dag. Måleria er figurative og har ein dåm av fotorealismens klare formspråk. Komposisjonane i serien Modern Classics er utforma som om dei var utsnitt frå ein film vi nesten dreg kjensel på, men som likevel ikkje finst. Her vandrar anonyme menneske rastlaust ikring i lyse og minimalistiske interiør.
Kitty L. Kielland: «Fri luft»
Stavanger kunstmuseum MUST
Utstillinga står til 29. oktober
Stavanger museum gir oss ein unik sjanse til å sjå ei større utstilling med Kitty L. Kielland (1843–1914). Ho er særleg kjend for storslegne og stemningsfulle landskap. Ho var ein av dei første friluftsmålarane, og ho innførte nyromantikken til landet. Som ei av dei første kvinnene måla ho seg inn i den norske kunsthistoria.
Catherine Opie:
«Et øye med verden»
Henie Onstad Kunstsenter,
6. oktober – 7. januar 2018
Vi kjem nær modellane i portretta til den amerikanske fotokunstnaren Catherine Opie. Opie har spesialisert seg på portrett og landskapsfotografering, og ho er særleg kjend for skildringane av amerikanske subkulturar, av det som utan henne ikkje ville blitt løfta fram og synleggjort.
Lise Schønberg:
«Hummer og kanari»
SKMU Sørlandets Kunstmuseum, 14. oktober – 1. mars 2018
Arbeida til Lise Schønberg er prega av humor, fantasi og materialrikdom. Separatutstillinga viser femti år med smykkekunst.
UTLANDET
«Being There»
Louisiana Museum for Moderne Kunst, Danmark
10. oktober – 25. februar 2018
I ei tid der digital og fysisk røyndom smeltar saman, har ti unge kunstnarar frå ulike land samla seg i ei utstilling. Dei skildrar fascinasjon over og frykt for den teknologiske utviklinga gjennom teknikkar som videokunst, skulptur og installasjon.
Bill Viola: «Inverted Birth»
Copenhagen Contemporary.
Utstillinga står til 26. november
Den amerikanske pioneren innan videokunst stiller ut i København! Her møter vi ein fem meter høg videoinstallasjon og står ansikt til ansikt med eksistensielle tema: Liv og død, og det som er imellom.
Venezia-biennalen 2017
13. mai – 26. november
Biennalen i Venezia er den eldste og største kunstbiennalen i verda. Annakvart år vert kunstverk plasserte over store delar av kanalbyen. Her kan du sjå 85 nasjonale paviljongar, 29 er permanente bygningar i Giardiniparken. Resten vert vist i nedlagde industribygg i Arsenale. Tema for året er «Viva Arte Viva».
November er ein god månad å reise til Venezia. Då er det få turistar, og du kan sjå utstillingane i ro og mak. Men hugs paraplyen.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.