Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Drama
Regi: Ryûsuke Hamaguchi
Hjortestien (Orig.tit.: Aku wa sonzai shinai)
Med: Hitoshi Omika, Ryô Nishikawa, Ryûji Kosaka, Ayaka Shibutani
Kinofilm
Takumi (Omika) hogger ved, hentar vatn frå bekken og hugsar alltid litt seint å hente den åtte år gamle dottera Hana (Nishikawa) på skulen. Slik går dagane i ei bygd i Nagano-området nokre timar frå Tokyo. Det vetle samfunnet heng godt i hop, og dei hjelper kvarandre.
Men eit utviklingsprosjekt skapar uro. Nokre byfolk frå Tokyo planlegg å opne for luksuscamping oppi dalen, såkalla glamping. To representantar frå eit talentbyrå stiller på eit folkemøte på vegner av selskapet. Stemninga er spent. Turisme i hjortestien med for liten septiktank oppstraums og lite kontroll på storbyfolk med hang til bål og fest er ikkje den draumen bygdefolket ber på.
Framdrift
Ryusuke Hamaguchi er i sanning ein produktiv filmskapar. Sjølv om han alt hadde vore nominert til Gullpalmen i Cannes med Asako I & II i 2018, tok han verkeleg verda med storm i 2021, ikkje med éin prisvinnande film, men to. Fyrst vann Wheel of Fortune and Fantasy jurypris på Berlinalen, før Drive My Car vann tre prisar i Cannes og Oscar for beste framandspråklege film. Båe er verkeleg gode. Det same gjeld Hjortestien.
Filmen opnar sakte, vakkert, med få ord og stort auge for detaljar. Frampeik no og då skapar uro. Eit og anna skot frå hjortejakta i åsane, eit gamalt skjelett av ein skadeskoten hjort. Det rike musikalske lydsporet tyder slett ikkje alltid på idyll.
Tonelaget
Musikken er skriven av Eiko Ishibashi, som òg hadde musikken på Drive My Car. Ho har samarbeidd ein del med Jim O’Rourke, for dei som har meir kjennskap til musikk frå USA enn frå Japan. Filmmusikken hennar her er fortryllande og skapar undring. Du kan ikkje lite på at ho fortel deg akkurat kva du skal kjenne. Litt utrygg lyt ein vere.
Yoshio Kitagawa tar originale val på foto. Ofte skimtar ein ting gjennom greiner. Kamera glir forbi stammene til trea og ser glimt av sola og opningar der bak. Bilen er òg nesten like sentral her som i Drive My Car. I ei lang scene går praten mellom dei to frå talentbyrået i Tokyo når dei er på veg til bygda i bil.
Den knappe stilen til Hitoshi Omika i rolla som Takumi fangar nyfikna. Mimikken held korta tett til brystet hjå den praktisk innstilte mannen, som kjenner naturen i området best. Ryo Nishikawa er sjarmerande som den fryktlause jenta Hana. Dei to konfliktsky firmafolka frå byen er meir nyanserte figurar enn ein først kan få inntrykk av. Ryuji Kosaka og Ayaka Shibutani bidreg båe til det.
Luringen
Hjortestien vann kritikarpris og jurypris i Venezia i fjor. Det er forståeleg. Ein grundar undervegs på kva som ligg i tittelen, både den norske og den engelske Evil Does Not Exist. Båe gjev fine rammer for å tenke vidare på filmen etterpå.
Ryusuke Hamaguchi er ein presis forteljar. Filmane hans ruslar av garde med små fakter og stor kvalitet i skildringa av menneske. Ein blir tankefull medan vinklar og vendingar breier seg taktfullt ut. Hjortestien er smart skriven, godt spelt, friskt filma, har engasjerande tematikk og meisterleg musikk. Det er ikkje lite.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.