Lawson, Dylan og Cave
Frå Festival Hall i moderne Melbourne er det kort veg og eit stort sprang til den vesle westernbyen der Nick Cave voks opp.
Kafeen Nature Boy i Warrumbeena er oppkalla etter ein Cave-song.
AUSTRALIA, DEL 2:
Håvard Rem tek toget gjennom Australia, i spora etter Niels Larsen frå Tromøya og son hans, Henry Lawson, fødd for 150 år sidan – ein diktar med minnesmerke over heile kontinentet.

I Australia er skilnaden på by og bygd større enn heime. Millionbyane er meir moderne, og utkantstroka mindre. Det urbane livet er strigla, velordna og framtidsretta, medan det rurale har ein fot i ei meir udisiplinert fortid. Det syner seg ikkje berre i verdiar og haldningar, men òg i arkitekturen. Få togminutt frå den futuristiske skylinen i Melbourne sentrum ligg storgata i Murrumbeena, heimstaden til Nick Cave, som ei westernfilmkulisse frå sist på 1800-talet, på den tida ein ung Henry Lawson busette seg i Melbourne. I Australia gir hovudgata i småbyen ei kjensle av å rida inn i ein cowboyfilm.
Når eg finn Melbourne-gata som Lawson budde i, Dudley Street, finn eg vill vest-arkitekturen i millionbyen òg, men som isolerte restar, ikkje dominerande som i småbyane. Me har den same skilnaden heime, rett nok mindre kontrastfylt, mellom Barcode i Oslo og bygardane frå sist på 1800-talet som framleis pregar sentrum i fleire norske distriktsbyar.
BALLADEDIKTAREN
Henry Lawson budde i Dudley Street då han som 20-åring, i 1887, drog til eit sjukehus i Melbourne av di han hadde vorte døv. Dei kunne ikkje gje han høyrsla att, og han fekk aldri høyra dei mange songane som voks ut av dikta hans. Og veks. Dei vert tonesette i dag òg. Dikta til den døve poeten er uvanleg melodiøse, som om dei vart skrivne til melodiar han fekk høyra før han miste høyrsla etter ein sjukdom som niåring. Då hadde han rokke å høyra skotske balladar, kan henda Robert Burns-songar sunge av foreldra til mor hans, oppvaksne i den gamle verda, kan henda norske sjømannsviser, sunge av faren, ein tidlegare styrmann frå Tromøya.
Jamvel om mange forbind Lawson med prosaforteljingane hans, vert han ofte omtala som balladist – ein som skriv balladar, forteljingar, ikkje på prosa, men på vers. På Lawsons tid var det episke diktet framleis levande i litteraturen. Kjend her heime er «Terje Vigen» frå 1862, for langt for framføring, skulle ein tru, men kvart år vert det framført ulike stader i landet. Ja, i dei traktene der far til Henry Lawson voks opp, på Strengereid, på landsida av Tromøy-kysten, var det – hundre år etter at diktet vart skrive – framleis ein tradisjon at nokre karar las det høgt og utanboks på 17. mai. «Et episk Digt» var undertittelen på Peer Gynt av Henrik Ibsen – eller Henry Gibson som han til å byrja med vart kalla i Storbritannia – då verket kom ut i 1867, fødselsåret til Henry Lawson, eller Henrik Larsen, som ville ha vore namnet i farens heimland.
Med modernismen forsvann meir eller mindre det episke diktet frå den skriftlege lyrikken, men balladar og storytelling songs overlevde i songlyrikken, og ein av dei som har sytt for det, er ein songpoet som i fjor fekk nobelprisen i litteratur, Bob Dylan. Ei slik oppvurdering av songlyrikken fører mellom anna med seg at ein les dikta til Henry Lawson med nye auge. Ein skjønar kvifor dei framleis er levande. Heller ikkje på parnasset vert dei no sett på som gamaldagse og utdaterte.
FESTIVAL HALL
I Dudley street, ikkje langt frå der Lawson budde, ligg Melbourne Festival Hall, som eg har visst om sidan eg var gut av di Bob Dylan og Nick Cave har spelt der. Opphavleg var Festival Hall ein boksearena, men då han vart bygd opp att etter ein brann, til sommar-OL i Melbourne i 1956 (der Egil Danielsen kasta Noreg til eit gull i spyd), vart staden etter kvart ein legendarisk konsertstad. I 1964 spelte Beatles der, og i 1966, under ein mykje omtala verdsturné, Bob Dylan.
Det var høgt spel å senda ein så eksentrisk artist til redneck-landet Australia. «Unge menn som ser ut som jenter, byrjar snøgt å tenkja som jenter, og unge kvinner som ser ut som menn, vil til slutt freista å spela ei rolle som mann», åtvara Melbourne News Weekly då Dylan kom, «og når dette hender, fell sivilisasjonen i sund, og ein meir primitiv og viril rase tek over». Nemnde eg boksing? Frykta for utviska kjønnsskilje minner om den frykta for utviska raseskilje som Henry Lawson sette ord på i «The Great Fight», eit dikt han skreiv då ein kvit og farga boksar for fyrste gong møttest til kamp i Australia. Men det var i 1908, ikkje i 1966.
«Kvar er alle cowboyane?» spurde ein sarkastisk Dylan dei australske journalistane. Dei svarte med å skildra sceneartisten som «ikkje større enn ein pygmé, eit bleikblått andlet med uttrykket til ein som vert trilla ut av operasjonsstova, framleis halvt i narkose».
Det som forvirra journalistane mest, var at den tidlegare protestsongaren ikkje lenger var politisk radikal, samstundes som kritikken av Vietnamkrigen elles nådde eit høgdepunkt.
– Kva tenkjer du om Vietnamkrigen, spurde ein journalist.
– Ingenting. Det er Australias krig, svarte Dylan.
– Men amerikanarane er jo der?
– Dei er der berre for å hjelpa australiarane.
I staden for å spela protestsongar som «Blowin’ in the Wind» eller «The Times They Are A-Changin’», sleppte han ein ny single, «Rainy Day Woman», som grunna dopreferansane vart forboden på australske radiostasjonar.
Ein australsk songpoet som har understreka påverknaden Dylan har hatt på han, Nick Cave, var for ung til å høyra han i 1966, men fem år seinare, då Cave var nær 14 år, var det i eit overfylt Melbourne Festival Hall han hadde si fyrste musikalske openberring, med Manfred Mann, eit band kjend for Dylan-tolkingar som Dylan sjølv har meint er av dei beste.
LONDON
Èin grunn til at mange australiarar ikkje forbind Nick Cave med heimlandet, er nok at han alt i 1980, som 23-åring, tok med seg bandet sitt frå Melbourne og etablerte seg i London. Henry Lawson drog òg til London, med same ambisjonen som Nick Cave: å etablera seg som kunstnar i verdsmetropolen. Han var ti år eldre enn Cave var då han drog, og i ein annan livssituasjon. Med på reisa var kone og to små born. Ambisjonen var realistisk, men kostnadskrevjande, og fortel ikkje berre om den sterke posisjonen og stønaden Lawson hadde i heimlandet ved hundreårsskiftet, men òg om den store interessa for bøkene hans i London, der dei kom ut på renommerte forlag.
I London var Lawson òg ein ambassadør for australsk litteratur. Ei tenåringsjente frå same New South Wales som Lawson voks opp i, sende han eit romanmanuskript som han tok med seg til gamleverda og sytte for å få gjeve ut. I dag er romanen My Brilliant Career av Miles Franklin (1879–1954) ei feministisk kultbok og eit pionerverk innan kvinneleg litteratur på kontinentet. Eg møtte fleire australske kvinner som dreiv og las My Brilliant Career, og som kunne fortelja meg at føreordet er skrive av Henry Lawson.
Nick Cave etablerte seg i London. Henry Lawson drog heim. Englandsopphaldet har vorte ståande som eit tragisk vendepunkt i livet og karrieren. Kona hadde eit psykisk samanbrot i London, borna fekk det vondt, og attende i Australia vart familien splitta. Lawson byrja eit rotlaust liv, og vart fleire gonger fengsla grunna manglande barnebidrag.
MERRUMBEENA
Det er ikkje mykje liv i den westernliknande hovudgata i Murrumbeena, men eg finn ein open kafé. Russell Crowe er ei levande legende i Australia, men Nick Cave? Heller ikkje på heimstaden finn eg spor etter ein av dei mest ikoniske songpoetane i verda i dag, som førre fredag fylte 60 år, og som to dagar seinare byrja den omfattande Europa-turneen som kjem til Oslo 16. oktober. Men så oppdagar eg at kafeen eg har funne – ein hyggjeleg og økologisk stad – heiter «Nature Boy», etter ein song Cave skreiv frå oppveksten sin der, i utkanten av Melbourne – anten Wangaratta, der han budde til han var 13 år, eller Murrumbeena, dit familien så flytta. Men det er ingen av gjestane som veit kvar i nabolaget barndomsheimen ligg.
Ein av dagens Lawson-tonesetjarar trekk liner til dystre Cave, men var det ein direkte påverknad? Eg høyrer med arkivaren på Caulfield Grammar School, der Cave var elev i tenåra, om den ikkje mindre dystre nasjonalskalden Henry Lawson var pensum på 1970-talet, og det vil ho ikkje utelukka. Rett nok finn ho ut at poesi ikkje var ein obligatorisk del av engelskpensumet den gongen, men ho gir seg ikkje, og finn fram til gamle Caulfield-lærarar som ho kan spørja. Men det syner seg at dei anten er daude, demente eller på andre vis ute av stand til å svara. Det går opp for meg at det eg tenkjer på som 1970-talet, snart ligg eit halvt hundreår attende i tid.
LAWSON PÅ NORSK
Alt i 1923, året etter at han døydde, kom ein «oversættelse av Henry Lawson» til norsk, i joleheftet til Nordmandsforbundet. Kring 1990 kom tre utval av dikta og forteljingane hans ved Ingvar Hauge og Eva Skodvin, og for tre år sidan sytte Åsmund Forfang og eg for endå eit utval. Gleda var stor då eg nyleg oppdaga eit særs verdfullt tilskot til norske Lawson-omsetjingar: Gunnar Reiss-Andersen (1896–1964) attdikta utdrag frå fleire dikt til eit Lawson-essay i tidsskriftet Vinduet i 1948, på eit tidspunkt då Reiss-Andersen var busett på Agder-kysten, ikkje langt frå heimstaden til Niels Larsen, Lawsons far. Eitt utdrag er frå eit av dei aller fyrste dikta Lawson fekk publisert, 20 år gamal: «The Wreck of the Derry Castle», skrive i 1887, på den tida Lawson budde i Melbourne, om eit særs dramatisk skipsforlis same år. Eit anna utdrag er frå «To Jim», eit dikt han skreiv til sonen, Joseph (Jim) Lawson, fødd om lag samstundes med Reiss-Andersen. Eit tredje utdrag er frå «The Last Review», eit dikt som i Vinduet vert presentert som det aller siste han skreiv, på dødsleiet. I avskjedsdiktet refererer han til London-opphaldet kring hundreårsskiftet. Og sjølvsagt tek han farvel med innlandet, bushen, the outback, der han vart fødd og voks opp, og dit eg dreg neste veke.
HÅVARD REM
Håvard Rem er forfattar, poet
og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Henry Lawson drog òg til London, med same ambisjonen som Nick Cave: å etablera seg som kunstnar i verdsmetropolen.
Fleire artiklar
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.