Rektangelriket
I eit Vest-Australia som ein gong vart busett av straffedømde,
fann eg verdas mest avsidesliggjande og velordna millionby, Perth.
Claisebrook Cove med Henry Lawson Walk til høgre og Perth sentrum i bakgrunnen til venstre.
AUSTRALIA, DEL 4:
Håvard Rem tek toget gjennom Australia, i spora etter Niels Larsen frå Tromøya og son hans, Henry Lawson, fødd for 150 år sidan – ein diktar med minnesmerke over heile kontinentet.

Oppkalla etter skotske Perth, fødestaden til han som grunnla den fyrste kolonien her, har byen eit namn som liknar lyden av nokon som spyttar. Venare er tilnamnet – City of Light (lysbyen) – som Perth fekk i 1962, då innbyggjarane ei natt tende inne- og utelykter for å gjera seg synlege for John Glenn, den fyrste amerikanske astronauten som gjekk i bane kring jorda. Dei gjorde det same ein mannsalder seinare, då Glenn passerte over dei i ei romferje.
Opplevinga av å verta sett eller sjølv å sjå jorda frå verdsrommet er i dag ei kvardagshending på Google Earth, men om du ser Australia frå ein satellitt eller ei drosje, er det eit rike av rektangel du får sjå. Linjalrette grenser på fleire tusen kilometer deler kontinentet i delstatar, og i delstatane ligg fylka som avlange boksar. Zoomar du inn til storbyane, ser du eit nytt rektangel. Attmed ei elv, Swan River, nokre kilometer innanfor hamnebassenget og havet, ligg sentrum i Perth som eit avlangt rutenett av gater, nett som i Melbourne.
SKVÆR
Slik held det fram. Heile kontinentet er seksjonert i firkantar, aller helst fysisk inngjerda: Delstatar og fylke, parkeringsplassar og gravstader, hageflekkar og idrettsparkar, åkerlappar og utmark, ja, til og med vasspyttane og bassenga som beitedyra skal drikka frå, er rektangulære.
Kan me sjå fenomenet i samanheng med at den jamne australiaren vert rekna som «square» – i tydinga A4? Då ordet vart lånt inn i norsk, fekk det i hovudsak ei positiv tyding som ordhalden og rettlinja: «Eg lit på deg, du er skvær». Som nemning for ein menneskeleg eigenskap er det engelske ordet nedsetjande – firkanta. Det svarar til stereotypiar om australiarane i både fortid og notid. For 100 år sidan var byborgarskapet kjent for viktoriansk konservatisme og bygdefolket for vill-vest-verdiar. I dag er Australia eit av dei mest gjennomregulerte og straumlineforma samfunna eg har vitja. Skal du inn i ei drosje, ein kafé eller ein park, vert du møtt med skilt som fortel kva som er forbode og påbode, tilrådd og frårådd. I Australia heiter det ikkje overvakingskamera, men tryggleikskamera. Jarnbanetilsette har kamera som ein del av uniforma. Opptak av bilete og lyd kan verta nytta av politi som ventar på toget på dei største stasjonane.
I drosja inn til sentrum freistar eg frå baksetet å gjera meg kjend med omgivnadane, men det går ikkje av di sidevindauget er klistra att med teikn som fortel kva som er lov og ikkje. Dei har skilt i søraustasiatiske drosjer òg, men der gjeld dei forståelege forbod, som mot å nytta skytevåpen eller narkotika i bilen, ha samlege i baksetet eller nyta den velsmakande, men illeluktande frukta durian. I lovlyduge Perth vert utsynet hindra av følgjande informasjon: Bilbelte er påbode. Førarhundar er tillatne.
Overalt utandørs heng plakatar som fortel at røyking er ulovleg innanfor ei sone fire meter frå plakaten. Ved inngangen til parkane står skilt du berre ser attmed motorvegane, med åtvaringar mot skarpe steinar, ballspelande ungdom, leikande born og ikkje minst fallande greinar, med forbod mot røyking, camping, forsøpling og all nytte av glas, men òg med ei kunngjering om at «parken er ein trygg tilfluktsstad ved skogbrann».
RADOMIR
Fjerne Australia vil kjennast som ein trygg stad om du er uvand med å reisa utanfor Europa. Så fjernt er landet heller ikkje. Frå nokre av hovudstadane i Søraust-Asia – dit fleire og fleire nordmenn dreg, ofte med eit norsk selskap som har daglege flygingar dit – er ikkje Perth lenger unna enn ein drygt femtimars flytur til ein tusenlapp eller to.
Plassert i det sørvestlege hjørnet av verdsdelen er Perth den mest avsidesliggjande millionbyen i verda. I vest er Madagaskar næraste nabo, i nord Jakarta og i sør Antarktis. I aust ligg ein endelaus ørken og små landsbyar, mange av dei forlatne, før du etter fire døger på toget kjem til Adelaide og Sydney. Om Perth låg der Tromsø ligg, ville næraste storby vore Odessa på Svartehavskysten.
I ein så isolert millionby er hotellprisane merkbart lågare enn i byane attmed den folkerikare austkysten. Perths rikdom har vore jarnmalm og metall, men prisane har falle og eksporten sokke i takt med lågare økonomisk vekst i Kina. Det er ikkje gode tider no. Kroaten Radomir, sjåføren min, er ingeniørutdanna, men må køyra taxi for å overleva. Han er vand til harde tider frå heimlandet. Han kom til Perth som ung flyktning under Balkan-krigane tidleg på 1990-talet.
HENRY LAWSON WALK
Eg går i eit rikmannsstrok i den austre delen av Perth, attmed elva Swan, eit par kilometer frå sentrum, ein stad der ei naturleg vik, Claisebrook Cove, har vorte eit like naturleg sentrum for dyre bu- og serveringsstader, strandpromenade, park og ei hamn med rutebåt til sentrum. Det er tidleg laurdag ettermiddag. På uterestaurantane i vasskanten sit dei fastbuande med eit glas vin. Andre luftar hunden i Victoria Gardens, ein velhalden park attmed breidda av Swan. På 1700-talet var det aboriginane som heldt til her i vika, grunna nærleiken til elva og ferskvasskjelder, og i dag vert dei minte med tolv granitt-
obeliskar plasserte attmed «ein heilag draumesti» gjennom parken. På 1800-talet var det gullgravarane og teltlandsbyen deira som sette preg på området. Strandpromenaden er oppkalla etter ein av dei: Henry Lawson.
Det var som nygift 29-åring Lawson og tenåringsbrura Bertha Bredt drog den lange vegen frå Sydney til eit Vest-Australia som enno ikkje var ein del av den australske føderasjonen, og som ikkje hadde utvikla litterære tradisjonar og institusjonar. I boka Into the West – When Australia’s bush poet Henry Lawson came to Western Australia (2005) skriv Chris Holiday at alle som ein av vestkystforfattarane vart påverka av Lawson, ja, at vestaustralsk litteratur i stor grad byrjar med vitjinga til Lawson i 1896.
Det er gravstader attende til den tida eg får sjå når eg rett bak Claisebrook Cove kjem til ein anglikansk kyrkjegard. Jamvel om han ligg i eit velståande strok, er han spartansk og minimalistisk, utan bileta og statuane som gjerne dominerer katolske kyrkjegardar. Det dominerande her, ved sida av dei nakne, uutsmykka gravstøttene, er dei påkosta smijarnsgjerda kring kvar einskild grav. Jamvel i dauden legg australiaren vekt på å markera rektangelet sitt.
KJØPESENTRA
Eg møter Chris Holiday i delstatsbiblioteket i Perth Cultural City. Han fortel:
– Lawson og kona budde i eit telt i vika du kjem frå no. Men teltleiren var nok berre ein base. Mykje tyder på at Lawson loffa kring i delstaten. For dei unge forfattarane her var det ei stor hending at han kom. Dei hadde alt lese han. Somme av dei nykomne hadde lese han i England før dei kom til Australia. No fekk dei møte forfattaren. Han var ein Mark Twain som medverka til at Vest-Australia tidlig på 1900-talet utvikla eit litterært særpreg.
Perth Cultural City ligg bak jarnbanestasjonen som eit eige bykvartal med bibliotek og galleri, teaterscener og hyggjelege kafear. Mellom jarnbanestasjonen og elva ligg sentrumsrektangelet. Der kan du vandra i fjonge handlegatar med ei imponerande rekkje av varemerkebutikkar og store, nye kjøpesenter, men utan å sjå ein pub eller restaurant. Når det syner seg at serveringsstadene er gøymde i ein kjellar i eitt av kjøpesentra, kjennest det rett. I dei sterile handlegatene herskar ei sakral, kyrkjeaktig shoppingstemning. Det minner meg om Arendal før 1980, då ingen utestader låg på gateplan i sentrum. Folk på veg til kyrkje og bedehus vart skjerma for synet av folk som åt og drakk.
I Perth er slike aktivitetar avgrensa til eigne kvartal i sentrumsrektangelet, om lag som bordellstrok, med drive in-utsal av sprit, kjøpt rett frå bilsetet, og overfylte beer gardens. På ein av desse pubane med uteservering får eg livshistoria til Mark, ein tidlegare løytnant som leia geværlaget sitt i oversjøiske operasjonar, mellom anna for å evakuera australiarar frå Fiji etter militærkuppet der. Mange har han skote og arbeidsfør er han ikkje. Han er sjølvsagt misnøgd med at styrkesmaktene kuttar i pensjonen, men med øl og røyk i den innegjerda ølhagen i nabolaget er livet til halda ut.
STRAFFANGANE
Kvifor har Australia vorte rektanglas rike? Rektangla som tidleg manifesterte seg i dei linjalrette grensene til delstatar og fylke, og i gatenettet i storbyane, kan ha vore uttrykk for eit tankesett som dei fyrste innvandrarane hadde med seg då dei kom. Kvar kom dei frå? Dei kom frå Storbritannia, sjølvsagt, men kvar i Storbritannia? Om ein ser bort frå einskilde oppdagingsreisande, soldatar og byråkratar, var dei fyrste store gruppene av innvandrarar til Australia straffedømde britar som fekk valet mellom soning i heimlandet eller deportering.
Mange vart sende til Perth, frå den opphavlege fangekolonien i Tasmania, men jamvel om 75 prosent av folkesetnaden i West Australia i dag bur i millionbyen, var det ikkje her den fyrste vestaustralske kolonien låg. Den fyrste kolonien vart etablert heilt i sør, 40 mil frå Perth, i det som etter kvart vart hamnebyen Albany. Dit vart òg Henry Lawson send som 22-åring i 1890, fleire år før han som nygift drog til Perth. Foreldra hadde vorte skilde, og eldstesonen flytta inn hjå mor si i Sydney. Ho livnærte seg mellom anna ved å ta inn leigebuarar, og då sonen innleidde eit forhold til ei av dei, ei gift kvinne, sende ho han 4000 kilometer til Albany.
For dei britiske straffangane må det ha vore ein stor overgang å gå i land på eit vidstrakt kontinent, rett frå den tronge lugarkøya og fengselscella, ikkje større enn ein smijarnsinnramma gravstad. Men dette urrektangelet vart malen for all inndeling av den nye verdsdelen.
HÅVARD REM
Håvard Rem er forfattar, poet
og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Kring kvar grav står eit smijarnsgjerde. Jamvel i dauden legg australiaren vekt på å markera rektangelet sitt.
Fleire artiklar
Dyrlegen kjem
Joachim Cooder er kjend som perkusjonist frå fleire utgivingar saman med opphavet, Ry Cooder.
Foto: Amanda Charchian
Motellet til drøymaren
Joachim Cooder opnar dørene til sju musikalske rom.
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»