Toget mellom verdshava
Kvar gong eg legg ut på ei av dei lengste togferdene i verda,
vert eg som ein liten gut att.
Indian Pacific er eit samband mellom to verdshav, Indiahavet og Stillehavet. Her er det tidleg morgon og soloppgang over Nullarbor.
Alle foto: Håvard Rem
AUSTRALIA, DEL 5:
Håvard Rem tek toget gjennom Australia, i spora til sambygdingen Niels Larsen og sonen hans Henry – ein diktar med minnesmerke over heile kontinentet.

Tysdag 17. oktober var ein australsk merkedag. Då var det 100 år sidan det store kontinentet vart forbunde med éi togline: 17. oktober 1917 vart jarnbanen frå Perth i vest kopla saman med banen frå Sydney i aust. Det hende om lag midtvegs, i Cook, dit eg no er på veg. Av di jarnbanen fysisk knytte saman delstatar som nyleg hadde vorte samla på papiret, var hendinga rik på både praktisk og symbolsk verdi. Markeringa var ikkje mindre enn om me i Noreg hadde opna eit togsamband mellom Stavanger og Tromsø – sett bort frå at banen frå Perth til Sydney er 4500 kilometer lang, og dimed dobbelt så lang.
HORISONTAR
Banen fekk namnet Indian Pacific av di han forbind to verdshav, Indiahavet og Stillehavet. Og det er på havet me finn ein norsk parallell: Hurtigruta. Båe er dei ei nasjonalferd som innbyggjarane må ta ein gong i livet. Det er den ferda utlendingane vel om dei har høve. Du flyttar inn i eigen lugar eller kupé. Du går til ein framifrå restaurant om bord og et og drikk til fastsette tider. Du vert godt kjend med dei medreisande. I somme hamne- eller stasjonsbyar dreg du på ekskursjon. I køya di om bord vert du vogga i søvn under stjernene etter å ha kjent på eksistensvilkår du ikkje har tenkt på sidan du var barn. Du er pakka inn i jamne, føreseielege rørsler og lydar. Kjensla av tryggleik vert forsterka av uvissa. Du ser ikkje noko der ute i mørkret, og du veit ikkje kva du får sjå når sola kjem opp. Naturen utanfor står rett på andre sida av vindauget, som ei aude og nådelaus forlenging av verdsrommet, som ein stad der du neppe ville ha overlevd på eiga hand.
Då eg gjekk om bord i Perth, vart eg synt kupeen av to tilsette – ein eksoffiser i den australske hæren som er hovmeister og gjesteansvarleg om bord, og den unge assistenten som opprømt fortel at ho er førstereisjente. I kupeen står to djupe, men stutte sofaar andsynes kvarandre med eit bord og eit stort vindauge mellom. Veggen bak den eine sofaen kan ein senka til ei seng. Når du går til middag, reiar dei senga for meg til natta, fortel dei, og medan eg et frukost, gjer dei senga om til sitjegruppe att.
Men måltida er så gode at eg lærer å gjera det sjølv. Etter lunsj ligg eg i senga, ser på landskapet og høyrer på togradioen. Har eg nokon gong sett ein 360 graders horisont heime? På havet har eg det, men på land? Jæren byr på horisontar, men då er det hav med i biletet. No er eg omgjeven av ein pannekakehorisont av landjord, utan fjell og dalar, utan ein bakkekam og i lange strekk utan tre. Når me dreg over Nullarbor, som tyder «ingen tre», dreg me over ei slette med verdas lengste jarnbanestrekning utan éin sving, som om toget frå Trondheim til Oslo aldri krenga i ei einaste kurve.
Det vert ikkje keisamt, men meditativt. Ei tjukk bok med dikt skrivne til og om Nullarbor har eg med meg. Eg høyrer på Indian Pacific-radioen: ei vitjing hos ein av dei attverande innbyggjarane i Cook. Ein reportasje om vassrøyret som går langs toglina, eit teknologisk underverk i si tid, gjort av ein visjonær irsk ingeniør som møtte så mykje motstand at han tok livet av seg like før den 530 kilometer lange Goldfields Pipeline stod ferdig. Eit stadig attvendande tema i radioprogramma er dikta, forteljingane og livet til Henry Lawson, jamvel om han ikkje har sterk tilknyting til korkje Vest-Australia eller jarnbanen dit. For meg høver det godt. Han som eg fer i spora til, har vorte reisefylgje om bord.
KAMELAR OG TRE
Kenguruar ser eg lite av, men kamelar dukkar støtt og stadig opp attmed toglina. Dei som kom med kamelane, og som kunne handsama dei her, vart berre kalla afghanarar, jamvel om dei kom frå andre land i Midtausten òg. Dei fyrste moskeane i Australia vart bygde av kameldrivarane. Dyra fann seg særs godt til rette og gjorde uvanleg stor nytte for seg. Dei var tungt involverte i bygginga av jarnbanen. Kven slepte togskjenene ut i dette enorme øydelandet, om ikkje kamelane? Dei kom frå ørken til ørken. På det meste var det 20.000 kamelar i Australia. Men då jarnbanen stod ferdig for hundre år sidan, og bilane dessutan vart fleire, trong ein ikkje kamelane. Dei vart sleppte laus. Dei tilpassa seg. Somme meiner at det i dag er ein halv million kamelar i Australia, andre seier nærare ein million. Kamelstammen har tydelegvis hatt godt av livet i Australia, for mellom kamelkjennarane i Midtausten er dei så ettertrakta at Australia no har byrja med kameleksport.
Medan eg ser på landskapet dag etter dag, får eg ei kjensle av at det ikkje er dei store pattedyra som er herrar her. Den opphavlege megafaunaen i Australia forsvann, truleg grunna menneska. Men heller ikkje menneska er herrar her. Nei, det er trea. Som ein kontrast til vidstrekte, flate, trelause Nullarbor byrjar ein verkelig å leggja merke til trea som dukkar opp. Ørkenen er slutt, Nullarbor er slutt, men framleis er det flatt, før topografien vert meir og meir norsk etter kvart som me kjem austover.
I Australia er det trea som strålar ut den individualiteten som ein andre stader forbind med menneske eller store pattedyr. Somme stader er det skog. Men ofte står trea der eitt og eitt i det flate landskapet. Aldri har eg sett så mange daude tre. Lynet har slått ned i dei og skapa dei om til gråkvite, sprikande daudingar. Det kjem vel òg av at dei står der åleine. Dei enno uskadde trea er tilsvarande levande og særprega.
Kan henda har dei alltid vore herrar i Australia. I radioen fortel ein australsk forskar om eit tre dei nyleg fann veksande i eit juv, eit tre med røter til tida før megafaunaen og menneska, eit tre med ei historie attende til den gongen dinosaurane gjekk på jorda. Som om ikkje alle trea i Australia er unike. Intervjuet vert følgt av eit program med dikt av Henry Lawson – dikt som har vorte songar.
HEMINGWAY
Er den australske kulturen mest britisk eller amerikansk? I restaurantvogna får du ei britisk kjensle, ikkje grunna sjølve maten – ein finn vel knapt britiske kjøken utanfor Storbritannia – men grunna kvaliteten og servicen. Matvogna er ein rullande gourmetrestaurant. Måltidet byrjar i nabovogna, barvogna, der du vert servert australsk og hollandsk øl, gode franske og italienske vinar og ypparlege whiskyar, inkludert i togbilletten, før hovmeisteren hentar deg og syner deg plassen din attmed eit av dei ti firemannsborda i restauranten. På det viset rullerer passasjerane, og ein vert kjend med mange. Dei som kjem frå vogner med einmannskupear, som meg, rekk å verta kjende med både australiarar, amerikanarar, kinesarar og europearar. Av par som kjem frå vogner med tomannskupear, vel nokre etter kvart å dela seg for å eta frukost, lunsj eller middag kvar for seg, med passasjerar dei ikkje kjenner.
Nett som på toget frå Beijing til Lhasa i Tibet for nokre år sidan, møter eg ein Ernest Hemingway-liknande globetrotter. Passasjeren er ikkje den same, no heiter han Phil O’Rourke, og han bur i hovudstaden Canberra. Han har dessutan vorte ti år eldre. Hemingway-en på Tibet-toget synte rutinen sin då han var den einaste vestlege som hadde fått plass på soft sleeper, ein slags kinesisk variant av fyrste klasse som dei andre vestlege, dei på hard sleeper, ikkje fekk plass på. Det kom ikkje av prisen, som var låg, men av di ein måtte tinga billett utanom dei vanlege, vestlege kanalane for å få plass i dei beste vognene. I Australia, på Indian Pacific, er det motsett. Her er det høg pris og høg standard både på Gold (andre klasse) og Platinum (fyrste klasse), men Platinum hadde vore utselt i vekevis då eg tinga billett. Som på Hurtigruta tingar mange billett eit år i førevegen. Dei 150 lugarane, enkle og doble, er fordelte på om lag ti vogner, dregne av eit kraftig, gulmåla dieselelektrisk lokomotiv. I tillegg kjem restaurant- og barvogna og ei vogn for dei som vil ha med bilen gjennom ørkenen.
Phil O’Rourke sit gjerne i barvogna og les. Når eg treffer han for ein øl før middagen, sit han med ei nyare Penguin-utgåve av novellene til Henry Lawson. Og når det vert kjent om bord at ein av dei utanlandske passasjerane er ein skandinav som dreg i fotspora til den store nasjonaldiktaren, kan førstereisjenta fortelja meg at Lawson har skrive føreordet i boka ho driv og les mellom øktene, My Brilliant Career av Miles Franklin.
NYTTE OG KOMFORT
Dette er endå ein likskap mellom Indian Pacific frå Perth til Sydney og Hurtigruta frå Bergen til Kirkenes: høg pris og høg komfort. I motsett ende av ein slik skala gløymer eg ikkje den burmesiske jarnbanen frå Yangon i sør til Myitkyina ved den kinesiske grensa i nord. I staden for dei kvite dukane og dei kvite og raude vinane på Indian Pacific, kom ein gut til setet med to øl og ein kylling. Men ølen var kald, kyllingen varm og måltidet eit minne. Like låg som prisen og komforten, like høg var nytteverdien for dei fastbuande. Dei hadde ikkje noko alternativ til toget når dei måtte sørover i landet.
I Australia er det motsett. Regelen ser ut til å vera: di mindre nytte, di meir komfort. Skal folk frå Sydney til Perth, tek dei flyet. På toget er me berre turistar, nett som på Hurtigruta – rabatterte pensjonistar og rike kinesarar. Skiftet kom for om lag 50 år sidan. Då hadde ein omsider fått bytta skjenegang til same sporvidde – 1435 mm, normalspor, som i Noreg – gjennom alle delstatane. For fyrste gong kunne dei same vognene gå heile vegen. Samstundes byrja flyreisa å verta eit alternativ for folk flest. Toget tok ein ikkje for å nå fram, men for å vera undervegs.
HÅVARD REM
Håvard Rem er forfattar,
poet og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Har eg nokon gong sett ein 360 graders horisont heime? På havet har eg det, men på land?
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.