Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Turke og hand­mjølking

Eg tek avgjerda. I kveld skal eg mjølka for hand, same kva.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Turken har slått inn. Elva er tom, og kyrne må brynnast kvar dag. Strevsamt, men det positive er at kyr og stølsdreg får enno betre kontakt.

Alle foto: Svein Gjerdåker

9598
20181005

Dag og Tid-stølen

Dag og Tid driv støl på femte året.

Dag og Tid-stølen ligg på Remlo på Voss. Eigaren er Anne Jorunn Nestås Tøn.

Vi har to kyr, to kalvar og to griser.

Vi mjølkar, ystar, driv grisehald og ryddar kulturlandskapet.

Klokka er halv ni om morgonen, og eg er ferdig med mjølkinga. Eller rettare sagt vaskinga av mjølkemaskina. Sjølve mjølkinga tek berre fem minutt per ku. Det er vaskinga som tek tid. Å bere vatn, koke vatn, skylje, så vaske, så skylje att. Og det går med mykje vatn.

Eg har difor tenkt på det lenge: Bør eg ikkje gå over til handmjølking? Eg har jo berre desse to små fyrsteårsmjølkekyrne som mjølkar ti–tolv liter for dagen kvar. Knappe seks liter kvar morgon og kveld. Ei røynd budeie ville brukt fem–seks minutt per ku. Eg må no klara det same på ti minutt?

Eg har prøvd før, det fyrste året på stølen i 2014, men gav det eigenleg ingen sjanse og gav raskt opp. Kyrne ville ikkje og var for urolege – det vart eitt. Og eg skjøna at det var tungt, at handledda fort vart slitne, og at eg ville gå lei etter nokre dagar. Eg vart òg frårådd av røynde handmjølkarar som sa at det tek lang tid før ein vert van nok med å handmjølka. Å tømma eit jur for mjølk er ein jobb. Så eg skaffa meg mjølkemaskin, vakuummaskin og aggregat.

Men det er altså eit styr med denne mjølkemaskina. Det er ikkje berre vaskinga av mjølkespanna og mjølkeorganet med spenekoppane. Eg må òg ha orden på vakuummaskina og aggregatet.

Dessutan har turken slått inn på stølen, og faren for å gå heilt tom for vatn er reell. Bekken vi vanlegvis hentar vatn frå, er alt tom. Vi har ein slange som vi har drege godt opp i lia og lagt ned i ein kulp. Men etter at snøsmeltinga er over, skal det ikkje gå så lang tid utan regn før bekken minkar kraftig.

Ti dagar seinare var det slutt. Då måtte eg draga vasslangen over til ei ny elv i ein liten sidedal. Fyrst kopla eg meg på slangen til nabostølen, deretter forlengde eg slangen nokre hundre meter og kom så høgt opp at trykket var kraftig nok til å koma ned dalen og opp på kollen som stølen ligg på.

Ingen kan minnast at den elva har gått tom nokon gong. Men no renn det likevel faretruande lite. Sola steikjer kvar dag, og regnet kjem ikkje. Kløveren heng ikkje med blada, men veksten på graset har teke til å skrumpa inn. Alt er litt gulare enn vanleg, særleg der jordsmonnet er grunt. Eit særtrekk er at stiane og trakka der dyra går, vert meir markerte og djupare. Jorda er så turr at ho forsvinn på eit vis, og steinane i stiane kjem tydelegare fram.

Det er ekstraordinært det som skjer. Eg ser det òg på kyrne og sauene som går i området. Dei trekkjer ned frå fjellsidene og til elva i dalbotnen for å drikka. Dei små bekkene som vanlegvis renn nedover fjellsidene, har turka inn.

Kyrne våre, som går innanfor eit stort stølstre, finn vanlegvis vatn frå elva som renn forbi heilt nedst på beitet. Men for ei veke sidan var den elva i praksis turr òg. Vatnet som ligg att, er stilleståande, ikkje friskt og gullande reint som fjellvatn skal vera.

Så no brynner eg kyrne med vatn frå slangen. 50 liter vatn per ku må til. 100 liter til saman for dei to kyrne. Eg har fått tak i ein liten plaststamp som fungerer godt som drikkekar, og tømmer i ti vassbytter for dagen.

All vassberinga får meg til å tenkja på Jean de Florette, spela av Gérard Depardieu, i den geniale filmen Kilden i Provence, der Jean ber og ber på vatn til den stadig meir kriseråka åkeren. Når eg ser på den innturka elva, skjønar eg kor snøgt alt står på spel når vatnet ikkje kjem. Turke er ei langsam, snikande landeplage.

Og på stølen treng vi mykje vatn. Kyrne må altså ha 100 liter for dagen. Grisene får myse og finn enno vatn sjølve. Vaskinga av mjølkemaskina krev 40 liter om morgonen og 40 liter om kvelden. 20 liter trengst kvar dag til vasking og skyljing av dei fire mjølkebyttene. 20 liter til vasking og skyljing av utstyret og kjelen etter ystinga. Og vi treng vatn til hushaldet – kanskje 30 liter. Det vert fort 250 liter vatn for dagen. Eg får låna to plasttankar på 1000 liter kvar som eg heile tider fyller opp etter kvart som eg tappar ut. Skulle vatnet frå slangen ta slutt, har eg likevel berre vatn for éi god veke i vasstankane.

Ein liten digresjon om turken: Det blir alltid litt søl frå vasstankane når ein tappar i byttene. Så rundt tankane er det vått og friskt – akkurat høveleg for ein frosk som har slått seg til for å overleva etter at myra turka inn. Og han ser ut til å klara seg, vert meir og meir modig og hoppar ikkje lenger like raskt vekk når eg kjem med vassbyttene.

Eg tek avgjerda. I kveld og i morgon tidleg skal eg mjølka for hand, same kva. Så får vi sjå om det er noko eg skal gå over til å gjera fast.

Eg har det teoretiske på plass. Handmjølking er godt skildra i Budeiebogen frå 1906, som seinare vart til Budeieboka og kom i seks opplag på til saman 17.000 eksemplar – skriven av direktør ved Norges Landbrugshøiskole, N. Ødegaard.

Sjølvsagt måtte det ei eiga budeiebok til. For avlinga som bøndene har streva med å få i hus kvar sommar, skal jo med hjelp frå kyrne gjerast om til mjølk og deretter seljast som smør og ost – eller berre mjølk. Då var det budeiene som gjorde arbeidet. Og til betre ei budeie var, til høgare avdrått fekk ein. Ein måtte fôra, stella og mjølka på beste måte. Tre til fire timar kvar morgon og kveld kunne arbeidet ta i eit litt større fjøs før mekaniseringa av fjøsstellet.

Handmjølking skal ifylgje Budeieboka gjerast på dette viset: Set deg på høgre side av kua på ein liten, låg mjølkekrakk. Vask og stimuler juret og spenane. Set så mjølkespannet på skrå og klem det fast mellom knea, rett under juret.

Ta tommel og peikefinger omkring spenen opp mot juret og klem til. Fyrst med dei to øvste fingrane, så den tredje, fjerde og femte fingeren. Alt dette samstundes som ein på beste måte held neven opp mot juret.

Dette grepet skal gjerast avvekslande med høgre og venstre hand. I byrjinga roleg – så raskare, taktfast og kraftig, slik at mjølkestrålane susar tjukke og lange ned i spannet. Overkropp og armar skal haldast i ro, berre hendene skal vera i arbeid. Det beste er å mjølka framjuret fyrst, deretter bakjuret.

Så skal ein mjølka ut all mjølk av juret – og litt til. Det siste skal ein gjera for å få meir blod til juret og gjera det skikka til å laga mjølk. Dessutan er den siste mjølka den feitaste, den fyrste mjølka er meir som lettmjølk. Og viktig for meg: Ved mjølking av ungkyrne, fyrste- og andreårs mjølkekyr, trengst det større tolmod, «vennlighet og en blødere hånd».

Kvelden kjem. Eg er åleine i fjøset. Det er varmt ute, men svalt inne. Kyrne har ete opp slumpen med kraftfôr i krubba og står og ventar på duren frå aggregatet og vakuummaskina, og at mjølkinga skal ta til.

Eg tenkjer at eg må gje dei litt ekstra merksemd for at dei skal stå roleg under mjølkinga, så eg startar med å kosta dei, særleg under halsen, det likar dei ekstra godt.

Eg tek Ameline fyrst, den rolegaste av dei to. Etter vaskinga av juret mjølkar eg eit par strålar i ein kopp frå kvar spene og sjekkar mjølka. Ho er fin. Dette er dei vane med. Ein må formjølka for hand før maskinmjølkinga òg.

Så legg eg hovudet inntil sida på kua, tek spenane i hendene og set i gang. Spenane er litt små, men det går merkeleg lett. Kua slepper mjølka med det same. Eg mjølkar ikkje så det skummar i bytta, men det går rimeleg greitt unna. Og kua står i ro. Heilt i ro. Ho flyttar ikkje eingong på føtene. Det verkar som ho likar det, iallfall har ho ikkje noko imot det.

Eg mjølkar i eitt minutt, to, tre. Eg har sett meg føre å halda på i eitt til eg er ferdig med framspenane. Til slutt har eg fått ut knappe tre liter, og ikkje noko bos i bytta i det heile. Bra.

Eg går i gang med bakspenane. Det er litt meir klurete, men det går greitt unna her òg. Men no kjenner eg det i hendene. Eg skjønar at ein urøynd lett kan få senebetennelse i handleddet etter nokre veker. I så fall må armane vera i ro, og eg er ute av stand til å mjølka.

Men eg lèt meg ikkje stogga. Optimistisk held eg fram, og stoggar ikkje før eg er ferdig. Seks liter kom det i bytta. For ei eksemplarisk ku.

Men no er oppturen over. Somrei er ikkje mykje interessert i handmjølking. Det var eigenleg ikkje uventa. Eg likar henne, men ho er ein annan type enn Ameline. Urolegare – og kanskje meir sjølvstendig. Eg vert ikkje heilt klok på henne.

Og ho gjev beskjed med ein gong eg set i gang. Ho flyttar stadig på beina og gjer mjølkinga vanskeleg. Vi er tilbake der vi var, før ho godtok mjølkemaskina. Då måtte ho kløast ved halerota for at ho skulle stå i ro. Det får eg jo ikkje til no.

Fordelen er at ho har mykje større spenar og er lettare å mjølka. Særleg framspenane er store. Og det sprutar godt i bytta. Slike små fjordfekyr er eigenleg skapte for handmjølking, men ikkje Somrei. Dette hadde ho ikkje særleg sans for. Det endar med at ho sparkar bort bytta med høgre bakfot, og mjølkeskvetten eg så langt har fått i bytta, renn ut på golvet. Eg prøver på nytt, men det same skjer. Ho godtek tre fire drag, men så vil ho ikkje meir.

Eg gjev meg. Fyrer opp aggregatet og vakuummaskina, finn fram organet med spenekoppane og mjølkar ho på fire minutt og tjue sekund. Alt går smertefritt, og den fine duren frå vakuummaskina er slik det skal vera på ein støl i dag. Eg takkar mjølkemaskinselskapet Alfa Laval – og både ku og budeie skjønar at tilhøvet mellom oss har det best slik.

Svein Gjerdåker

Svein Gjerdåker er stølsdreng og ansvarleg redaktør i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Turke er ei langsam, snikande landeplage.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Henry «Tippen» Johanson reddar i kampen mot Tyskland i OL i Berlin i 1936. Då det var 2‒0 til Noreg, gjekk Hitler og følgjet hans.

Foto: arkiv / NTB

BokMeldingar

Året 1936 bak nyhenda

Ingen medvitne nordmenn tvilte på storkrig.

Aage G.Sivertsen

Teikning: May Linn Clement

Feature

Flyplassblues

Ingen stad kjenner eg meg så trygg som på ein flyplass.

May Linn Clement

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis