Eit bilete på året som har gått
Språkdirektør Åse Wetås synest årets nyord er godt. At nye ord har stor påverknad, er fjorårets nyord, KI-generert, eit døme på.
Språkrådet har kåra «beredskapsvenn» til årets nyord. Direktør i Språkrådet Åse Wetås seier det var eit openbert val.
Foto: Mariam Butt / NTB
Samtalen
Åse Wetås, direktør i Språkrådet
Aktuell: årets nyord
Samtalen
Åse Wetås, direktør i Språkrådet
Aktuell: årets nyord
sofie@dagogtid.no
– Årets ord er beredskapsvenn, ein person du kan alliere deg med og dele på ansvar for eigen beredskap med. Sjølv har eg ikkje brukt årets nyord ein einaste gong i år. Var de for tidleg ute?
– Nokre år kan årets nyord verke som ei overrasking. Til dømes i 2021, då me løfta fram sportsvasking. Men det fekk raskt relevans etterpå. Beredskapsvenn synest me er eit godt ord. Det har interessante kvalitetar ved seg. Kombinasjonen av det litt alvorstunge og det nære og kjære gjorde at det var eit openbert val. Det har dukka opp i media i år, og så har jo alle fått brosjyre i posten frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap der dette ordet har blitt brukt. Me har difor alle blitt eksponerte for det i løpet av året, og om du då ikkje brukar det aktivt sjølv, er det eit ord som har vore synleg både i media og i postkassa.
– Korleis finn de fram til årets nyord?
– Me brukar store databasar med avistekst og samanliknar med fjoråret og ser om det er nokre store ulikskapar i ordbruken der. Då får me opp ei råliste me arbeider vidare med. Når me set opp den endelege lista med nyord, prøver me å vise fram tendensar og gjerne ord som har gode språklege kvalitetar, og som på ein interessant måte skildrar året som har gått. Og det var beredskapsvenn som segla opp i år. Me ser også etter ord som me trur er bestandige og blir med oss over tid, at me kan sjå ordet igjen ikkje berre i 2024.
– På kva måte speglar lista over nyorda året 2024?
– På lista med kandidatar stod mellom anna tekstlikskap. Det er ikkje heilt nytt, men har fått mykje merksemd i år, og me trur at fenomenet tekstlikskap kjem til å bli vanlegare etter kvart som me ser at fleire og fleire brukar maskinar til å generere og sette saman tekst. Så har me tinderifisert, eit adjektiv avleidd av datingappen Tinder. Det er eit ekte nyord i år, så vidt me kan sjå. Det er brukt om ein sjekkekultur som hentar mønsteret sitt frå korleis ein sjekkar på datingappar, og er brukt heilt spesifikt i eit ordskifte me har sett dette året, der påstanden er at nokre få menn får tilgang til kvinner, medan dei fleste blir valde vekk. Popkorngras står også på lista, det er jo eit herleg ord. I 2024 vart det ein trend å så upoppa popkorn, sjølv om Mattilsynet har åtvara mot å gjere det.
– Og djuphavsgruvedrift.
– Ja, eit nytt ord, det òg. Det knyter seg til dei nye industrisatsingane som går ut på å drive gruvedrift på sokkelen. Me har òg hundredagarshoste, exitskatt og drakedrone. Sistnemnde viser til ein drone som angrip fienden med brennande metall. Til saman vil eg seie at lista med nyord speglar ulike sider ved det offentlege ordskiftet i året 2024.
– Var det nokre ord i år som overraska deg, eller som du sakna?
– Nei, det var ikkje så mange overraskingar. Tidlegare har me sett ein god del nyord som handlar om klima og miljø, det er det mindre av no, og det er nok ein konsekvens av tendensen til at klima og miljø har fått mindre plass i det offentlege ordskiftet enn det hadde for få år sidan. Me ser elles at i periodar der det er krig, konflikt og økonomi som dominerer nyhendebiletet, er det mindre fart i nyordlaginga, for på desse områda har me etablerte ordforråd å ta av.
– Er det noko anna nytt som har skjedd med det norske språket i år, som du har merka deg?
– Me ser ein enorm vekst i bruken av KI-modellar til å produsere tekst, og det gjer noko med språket vårt. Både med normframstillinga og korleis me uttrykker oss. Det er grunn til å tru at jo meir maskingenerert tekst som er i omløp, jo meir vil det prege måten språkbrukarane oppfattar kva som er godt språk, på.
– På kva måte?
– Det er synleg at maskinane er trente på engelsk språkmateriale når me ser maskingenerert tekst på nynorsk og bokmål. Mange av setningane luktar engelsk i oppbygging og fraseval. Det uroar meg at dette i større og større grad truleg får prege oppfatninga av kva det er som er god og korrekt norsk. Det uroar meg også at desse verktøya er i bruk som skrivestøtte i skulen. Det handlar først og fremst om kven som skal bestemme korleis språket skal utvikle seg. Om det er OpenAI som skal ha makta over norsk, i staden for språksamfunnet som har gjort språket til gjenstand for demokratisk utvikling over dei 150 åra me har hatt dei to norske skriftspråka.
– Har du døme på korleis språket kan «lukte engelsk»?
– Eg testa tidlegare i år ut eit KI-verktøy som var laga for å hjelpe ungdommar å skrive jobbsøknader. Der kom det ut veldig mykje rart av typen «min lidenskap for salg vil gjøre meg til en verdifull tilføyelse til deres team». Dette håpar eg ikkje så mange ungdommar tyr til når dei skal søke arbeid.
– Ord som fairplay og policy er komne inn i den norske ordboka. Vil du tilrå at fleire slike ord kjem inn i språket?
– Alle levande språk låner ord frå andre. Slik har det vore til alle tider, og slik er det også med norsk språk. Men når den norske språkpolitikken har som hovudmål at norsk skal vere eit samfunnsberande språk, eit språk som er både brukeleg og i praktisk bruk i alle delar av samfunnet, må me passe på at det ikkje oppstår «lommer» der me ikkje har noko norsk språk å bruke i det heile. Innlån og utlån av enkeltord vil me sjå også i framtida, men me må ikkje erstatte norsk med engelsk.
– Kva trendsettarar har me i norsk språk i dag?
– Trendsettarane er i stor grad dei som har eit språk som når mange. I tillegg til media, store forlagshus og offentlege verksemder med tekst som når vidt ut, har me bloggarar og påverkarar i sosiale medium som er med på å styre utviklinga av språket.
– NRK-språket når mange, men dei har ikkje korrekturlesarar?
– Eg synest NRK i det store og heile gjer mykje godt språkarbeid. Dei har eit stort språkoppdrag, men det er klart at det er viktig at språket som kjem ut i skrift og på plattformene der NRK bruker skriftleg norsk, er korrekt og normert, og at det ikkje er fullt av feil.
– Kva meiner du med at NRK gjer mykje godt språkarbeid? Me ser stadig språkfeil i nynorsken på nettet.
– Min observasjon er at det skortar ein god del på språkleg kvalitetssikring av tekstar som kjem frå alle dei store mediehusa. Kvalitet i det språklege er viktig for at lesarar og sjåarar skal ha tillit til det som blir formidla. I tillegg er mediehusa viktige formidlarar av språklege normer. Det bør både NRK og alle andre store mediehus legge endå meir vekt på når dei publiserer tekstar som når eit stort publikum.
– De i Språkrådet uttalar dykk og meiner mykje om språket. Kva makt har de eigentleg?
– Språkrådet er statens forvaltningsorgan for språk, og eg opplever at me stort sett har stor autoritet i språkspørsmål. Samstundes er det viktig for meg å peike på at vår oppgåve er å følgje opp den språkpolitikken som Stortinget har vedteke, og som regjeringa set i verk. Det me gjer, er å følgje opp politikkmåla demokratiet vårt har sett for dei norske språka.
– Saknar du å ha sterkare påverknadskraft? Offentlege institusjonar har jo ikkje plikt til å følgje råda de gir.
– Offentlege organ har plikt til å skrive klart, korrekt og i eit språk som er tilpassa målgruppa. Dei skal følgje norsk rettskriving og gjere både bokmål og nynorsk synleg for alle innbyggarane i Noreg. Dette handlar altså ikkje om råd, men om lovpålegg. I andre spørsmål, for eksempel i saker om namn på offentlege verksemder, har det med språklova også kome inn lovpålegg, og her ser me at Språkrådets rettleiing no gir betre resultat. Dei vanskelegaste områda for språkpolitisk gjennomslag er der det er politiske målkonfliktar, eller der store internasjonale aktørar ikkje rettar seg etter språkpolitiske krav og pålegg, slik me til dømes ser med leverandørar av språkteknologiske verktøy og tenester.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Trea vil fortelje meg noko, skriv Ranveig Lovise Bungum.
Foto: Trond Mjøs
Kva ospa og dei andre trea kan fortelje oss
Anders Hovden.
Foto via Wikimedia Commons
Hovdens fredssalme
I 1923 sende Anders Hovden salmen «Joleklokker yver jordi» til bladet Under Kirkehvælv, der han kom på trykk same året.
I kvardagen kan det verte litt stress, til dømes får du ikkje den grøne pynten heilt perfekt. Men her er den herlege tomatsuppa mi med skrei.
Foto: Dagfinn Nordbø
Kvardagen
Det er dei det er flest av, kvardagane.
Teikning: May Linn Clement
Det skulle berre mangla
Det er nok ikkje manglande hjartelag som gjer at folk er interesserte i ord.