Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Flyplassblues

Ingen stad kjenner eg meg så trygg som på ein flyplass.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Teikning: May Linn Clement

Teikning: May Linn Clement

6879
20241220
6879
20241220

Eg er ikkje blant dei som skal ta fly for å vera ein annan stad i jula. Det er ikkje meg du skal sjå bilete av i nyhendesaker om flykaos og koffertar fulle av julegåver som ikkje kjem fram. Det er tidleg i desember, og med mindre noko høgst uføreseieleg skjer, er eg på årets siste flytur–retur Bergen–Oslo.

Sjeldan er eg så avslappa som etter eg har gått gjennom tryggleikskontrollen på ein flyplass og kome til andre sida, innsida.

På same måte som når ein redigerer lyd, komprimerer fila og dreg volumet på heile sporet opp, er det som om nokon har komprimert ein by, gjort heile bybiletet lysare og sett eit tak på toppen. Alt mørket vert att på utsida. Her er bakeri og grillpølser, klede og kosmetikk, bokhandlar og pub, men alt er sterilt. Her møter ein ikkje slitne, rusa menneske, men finkledde personar på stigande rus.

Her er heller ingen gatemusikantar eller forkynnarar. Ingen som vil gje meg dagens Klassekampen eller ber om pengar til bussen heim. Ein flyplass er ikkje staden du vert rana eller knivstukken. I staden er det ei stemme frå ovan som i ny og ne seier at eg må passa på tinga mine.

Me som er her inne, er alle i same båt. Me eig alle ein flybillett, og me er på veg. Innan berre nokre timar skal me ein annan stad.

Sjølv om me er i same båt, er det forskjell på folk. Det er tydeleg frå fyrste stund, alt før kontrollen.

Dei deler menneske inn i grupper, A-, B- og C-lag, og brukar ord som prioritert, privilegert, fyrsteklasse og businessklasse. Du kan vera sølv-, gull- eller helst diamantmedlem og ha tilgang til loungar og luksusliv. Dess vidare du opnar lommeboka, dess betre service og komfort får du.

Det finst ingen sympatisk måte å seia dette på, og det beklagar eg, men eg likar å få spesialhandsaming når eg skal fly. Når det er kø i kontrollen og eg kan skli rett gjennom i fast track – eg elskar det.

Det skjer ikkje så ofte, men det siste året har eg blitt obs på eit reisetriks som kanskje er ei blindsone hos flyselskapet.

Tipset fekk eg av det eg vil kalla ei ekte veninne, og eg lova å ikkje spreia det vidare. Eit løfte eg har brote, men alltid kviskrande, slik at mottakaren veit at dette skal ikkje ut blant folk, for då kan me øydeleggja det. Eg stolar såpass på Dag og Tid-lesarane at eg trur de vil verna om dette trikset, og ikkje dela det på sosiale medium eller fortelja det vidare til kven som helst.

Om flyselskapet veit at me veit, kan det henda dei saboterer alt. (Selskapet heiter norsk på engelsk.) 

OK, her kjem det. Eg betalar aldri meir enn 1299 kroner per veg mellom Bergen og Oslo.

I sommar vart eg invitert til Oslo, men dei aktuelle dagane var det berre dyre flybillettar. Dei billegaste var på 1499 éin veg, og då kom bagasje i tillegg.

Det eg då gjorde, var å kjøpa dei dyraste billettane, som heiter Flex, men på ein annan dag og eit anna klokkeslett, når billetten kostar minst, nemleg 1299 kroner. Med Flex får ein sjekka inn to koffertar, ha med handbagasje, reservera sete og gå i fast track og dermed sleppa kø i kontrollen. Det er vel og bra, det, men best av alt: Ein får endra billetten gratis.

Så eg endra til den dyre dagen med det dyre klokkeslettet, susa gjennom fast track, gjekk om bord som fyrstemann i boardinggruppe A og sette meg plass 1F. Dette synest eg ekstra stas, for eg kjenner meg som ein boardinggruppe C-person som høyrer heime på 23B.

Gleda av å vera inne på ein flyplass gjeld berre før sjølve flyturen.

Det er ingen stadar eg er så klar for å koma meg frå A til B, som når eg går av eit fly (A) og skal ut frå flyplassen (B). Utan at eg seier det, konkurrerer eg mot andre reisande om å koma fyrst fram.

Tidlegare i år tok eg fly med Bjørn Kjos frå Bergen til Oslo. Eller, me hadde ikkje planlagt å ta fly saman, men me hamna ved sida av kvarandre (på fyrste rad, i boardinggruppe A).

På veg av flyet tok eg ikkje opp kampen, for eg ville sjå korleis Kjos, som er ein røynd reisande, gjekk frå A til B. Difor la eg meg nokre meter bak han og heldt same ganglag og tempo.

Mest spent var eg på rullebandet og rulletrappa – ville han nytta seg av desse, eller gjekk han utanom? Eg vart litt overraska då det viste seg at Bjørn Kjos stega om bord på det mekaniske bandet. Men stoppa han opp og lét bandet gjera jobben for seg? Nei, han heldt fram med å gå, og tre–fire meter bak heldt eg tritt. Slik kom han/me fram før dei som gjekk parallelt med rullebandet.

Då me kom til trappene, derimot, tok Kjos den vesle trillekofferten i handa og gjekk nedover den analoge trappa. Eg vart ståande fast i rulletrappa og kunne berre sjå korleis han kom fyrst fram på bakkeplan og kunne trilla seg ut av terminalen.

Kvar gong eg har flydd sidan, har eg fylgt Kjos-metoden. Rulleband, men ikkje rulletrapp.

Av alle stadar ein kan selja noko, må den mest malplasserte vera mellom flyet og utgangen.

Eg er på mitt aller minst kjøpevenlege langs dette strekket. Denne etappen eg vil gjera så saumlaust som råd. Alle hindringar er eit ork.

Det er fem år sidan eg landa i Krakow og fylgde stimen frå flyet til utgangen. Like før den siste utgangsdøra på terminalen – den som berre går éin veg: går du ut, kjem du deg ikkje inn att – stod ein eldre mann i dress og heldt fram eit sølvfat med smaksprøvar på ein whisky.

Basert på augneblinken då eg hasta forbi og ut, har eg sidan tenkt på denne mannen. Eg har sett føre meg livet hans, korleis han bur i ein forstad til Krakow og står opp midt på natta for å koma seg med kollektivtransport til arbeid.

Naboane veit ikkje anna om han enn at han arbeider på flyplassen; kva han gjer der ute, kan dei berre fantasera om. Rykta har gått om at han er pilot, for han plar alltid ha med seg dresspose. Andre har høyrt at han er hovmeister på den flottaste restauranten i luksusloungen.

Ingen veit at han er på arbeid klokka fem, tek på seg dressen, set små shotglas på eit sølvfat, fyller dei med litt whisky og stiller seg rakrygga opp like ved den siste døra på terminalen, the point of no return.

Der står han, i håp om at nokon vil ta eit lite glas, stoppa opp og drikka det, snu og gå tilbake til taxfreebutikken og be om den whiskyen dei nettopp fekk ein smaksprøve på. Berre slik får mannen løn, for han arbeider på provisjon og tener seg nokre zloty per flaske.

Men ingen stoppar. Nokon tek ein dram med seg, men ingen snur. Alle vil ut av flyplassen. Sjølvsagt vil dei det. For kven snur vel eitt steg frå målstreken?

Difor stiller eg meg undrande til at det på Gardermoen, like før rulletrappa, står personar frå Unicef i rosa dress og seier «Kan jeg stille deg et spørsmål?» til alle som passerer. No skal eg ikkje øydeleggja flyplassmagien, men kunne det vore ein idé å heller flytta seg til terminalen for avreise? Der er eg open for det meste, både spørsmål og handling.

Men ikkje no.

May Linn Clement

May Linn Clement er fast teiknar og skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Christiane Jordheim Larsen

Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.

Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB

Meldingar
DagTuastad

Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza

Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.

Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.

Foto: Aurel Obreja / AP / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Moldova i skvis

Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.

Stoltenberg I-regjeringa på Slottsplassen. Dåverande statsminister Jens Stoltenberg og utanriksminister Thorbjørn Jagland står fremst.

Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB

Ordskifte
ThorbjørnJagland

Venstrepopulisme på norsk – en refleksjon

«Ved markedsrettingen og privatisering ga venstresiden delvis fra seg det som hadde vært dens kjennemerke, nemlig å mobilisere staten til fordel for folk flest.»

Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.

Foto: Svein Gjerdåker

Samfunn

Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.

– Eg talar med Gud nesten heile tida

Eskil Skjeldal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis