Den endelause reformasjonen
I Noreg blei reformasjonen fullført sommaren 1921 i Nidarosdomen med heile Bibelen for første gong på nynorsk.
«Hamars Domkiercke Vaar Megitt Herrligen beprydet», heiter det i Hamarkrønika. Arkitekt Olaf Nordhagen såg for seg at Hamar domkirke kunne ha sett slik ut før kyrkja blei øydelagd i 1567.
Kyrkja hadde gjort latin til sitt språk, og den språklege vendinga over til morsmåla var ein del av innhaldet i den reformasjonen som tok til i 1536. Likevel hende det at kyrkja talte morsmålet si sak også i katolsk tid. Tidleg på 1300-talet var situasjonen spent mellom geistlege og verdslege makthavarar i Noreg. Biskopane ville at folk skulle forstå lovene som blei kunngjorde for dei. Erkebiskop Eilif slo derfor fast i sitt «fjerde Statut» frå 1327 at lovene no skulle framførast på norrønt og etterpå skrivast på tavler slik at folk sjølve kunne lese dei eller skrive av.
Dei fleste forstod altså norrønt best. Påbodet vitna også om noko meir: Så mange kunne lese og så mange kunne også skrive at ei slik kunngjeringsordning hadde noko for seg.
Lesekunne ville seie å kunne lese innanboks (og forstå) trykt (religiøs) tekst på dansk. I det dansk-norske kongeriket fekk kyrkjestyrt og tekstbasert opplæring ein framskoten plass frå om lag 1570. Grunnteksten var Luthers katekisme, seinare med Pontoppidans forklaring.
Styresmaktene fastsette også retningslinjer for kva allmugen skulle meistre etter reformasjonen. Det skulle vere lett å hugse kva presten sa, katekismeteksten skulle lesast ordrett, og presten skulle normere talen sin. Bibelen låg føre på dansk i 1550, og dette var ei systematisk innføring av kolonispråket dansk. Det gjorde mange nordmenn tospråklege – dialekt i tale, dansk i skrift, med mange lågtyske ord.
Reformasjonen innebar at Guds ord skulle kunne lesast og høyrast på folks eige språk. Det gjekk greitt i Danmark, men ikkje i Noreg. Nøyaktig 400 år tok det frå Luther hadde ferdig den første tyske bibelomsetjinga si i 1521 til heile Bibelen var trykt på nynorsk i 1921. Den sommaren feira Noregs Ungdomslag 25-årsjubileum i Trondheim med festgudsteneste i Nidarosdomen. Elias Blix og Ivar Aasen hadde omsett Romarbrevet i 1881, og i 1916 blei biskop Peter Hognestad leiar for det avsluttande arbeidet med bibelomsetjinga til nynorsk. Søndag 10. juli 1921 la han den ferdige Bibelen på alteret i Nidarosdomen.
Denne såkalla «Fyrebilsbibelen» var utgitt av Bibelnemnda åt Studentmållaget i Oslo. Peter Hognestad leidde arbeidet, Alexander Seippel omsette to tredelar, og Gustav Indrebø svara for språkføringa. Prislappen var 4,1 millionar i 2017-verdi.
Fredagen etterpå var Bibelen i vanleg sal. 50.000 eksemplar var trykte, nye 50.000 måtte trykkast i 1929, og i 1938 hadde brørne Gustav og Ragnvald Indrebø alt revidert omsetjinga.
Det nye testamentet var ferdig omsett til nynorsk i 1889. Då sa Aasen til Blix: «Hadde me fenge ei slik umsetjing paa Reformasjonstidi, so hadde mangt vore annarleis i Norig no, og iser ville det sett annarleis ut ved mang ei daudsseng.»
Ottar Grepstad
Neste veke: Høgtysk vandel, lågtysk handel
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.