Den tronge porten til Nordfjord
VÅTEDALEN: Om ein sørfrå vel vegen vestanfor breen, kjem ein til Nordfjord gjennom ein stølsdal som seint fekk heilårsveg.
Sør i Våtedalen
Alle foto: Håvard Rem
Les også
Svein Ivar Vinnes, skipper og eigar av bokbåten, no Det flytande litteraturhuset, MS «Epos», ynskjer born på Sandane velkomne om bord.
Alle foto: Håvard Rem
Bokbåt på siste ferd
Les også
Ferja er snart klar til å kryssa over frå Lote nord i fjorden til Anda på sørsida.
Alle foto: Håvard Rem
Fjorden er den norske elva
Nordfjord
Del 1 – Våtedalen
Håvard Rem fortel frå fortid og notid.
Flatemål: 4174 km2*
Folketal 2020: 32.020*
Folketal 2050: 29.980*
Fylke: Vestland
Kommunar: Bremanger, Kinn, Stad, Gloppen og Stryn.
Neste veke: Fjorden
* For Kinn omfattar folketal og flatemål den delen av
kommunen som ligg i Nordfjord, tidlegare Vågsøy kommune.

DISTRIKT
havard@dagogtid.no
Når ein kjem frå Austlandet og skal til Nordfjord, lyt ein ta eit val. Skal ein ta vegen austanfor eller vestanfor breen? Det er som når du frå Austlandet fer mot Trondheim: Dreg du austan- eller vestanfor Mjøsa? Den største breen og innsjøen i landet kan me samanlikna av di båe er lite eigna for samferdsle – i dag, vel å merka. Før 1900 var det gjerne ikkje kring, men til fjordane og innsjøane ein la vegen – om ikkje til breane. Somme gjorde det òg. Kva for brear? Jostedalsbreen og Breheimen.
Då eg som tjueåring budde eit år i Nordfjord, kom eg dit austanfor breen, gjennom Stryn. No kjem eg på vegen vestanfor breen. Det er den kortaste vegen frå hovudstaden, berre 430 kilometer, i luftline så å seia – rakast, men ikkje raskast. Karttenestene tilrår vegen gjennom Gudbrandsdalen, hundre kilometer lengre, men utan ferjer og ein halvtime snøggare.
Tunnelane
«Opp på fjellet, ned i dalen», song me i bilen då eg var gut og familien om sumaren fór same berg-og-dalbanen for å vitja slekt nord for Nordfjord. No er det sein haust. Etter Sundvollen og Hemsedal klatrar bilen forbi skilt som «Lærdal kommune», «Kjettingplass 150 m» og «Vestland fylke». Brøytestikkene er ikkje lenger av bambus, men av aluminium, stål og signalraud plast.
Så går det bratt nedover mot Sogn. Men ikkje til botnen. At nedoverbakkane flatar ut midtveges mellom fjell og dalbotn, kjem av at me nærmar oss ein dal som er fylt av hav, ein fjord, for å seia det slik. Denne veka skriv eg om ein dal, og neste veke om fjorden, men i eit istidperspektiv har eg vondt for å sjå skilnaden.
Ferjeferda frå Fodnes til Mannheller over verdas lengste fjord vert fylgt av klatring mot kontinentets største bre, rett nok mindre enn på lenge, men stor nok til å forsyna kvar einaste europear med eit halvt tusen badekar fylt av ismasse. Ein gong var han like stor som Australia.
Men heilt vestanfor breen må eg ikkje, for etter å ha passert Norsk Bremuseum i Fjærland slepp både bilen og eg gjennom ei opning i den minkande breen. Fingrane til Bøyabreen strekkjer seg mot vegen og elva, men dei sit på handa til ein kraftlaus olding. På eit foto frå 1870-åra krafsar fingrane farleg nær det som no er Riksveg 5.
Hus og landskap byrjar å likna Nordfjord. Driftsbygningane liknar. Eg har vendt attende til eit randland. Her lever dyr og menneske på randa av fjorden og havet, på randa av fjella og breen.
Og alle desse rendene, dei er i ny tid bundne saman av vegar, og i endå nyare tid av tunnelar, slik skipa og ferjene batt rendene saman i gamal tid. Roturane og ferjereisene har fått sine dikt, men har tunnelane? Dei er ikkje flate austlandstunnelar med ljos, men bratte tunnelar utan. Ein stad djupt inni fjellet fell vegen ned mot fjorden. Breen er no så nær at dalsidene har vorte bratte som tunnelveggar.
Våtedalen
Etter å ha sloppe gjennom Jostedalsbreen kjem eg til Jølstravatnet nord i Sunnfjord. Våtedalen neste. Få kilometer inne i den éi mil lange U-dalen står skiltet: «Gloppen kommune». I det smalaste og brattaste partiet av dalen har eg kryssa grensa til Nordfjord.
Mørke og fuktige Våtedalen er den tronge porten. Det var ikkje så ofte eg drog gjennom dalen, det året eg budde i den eine enden av han, rakt under Eggenipa, eit 1338 meter høgt teikneseriefjell og landemerke, av dei mest fotograferte i landet, eit klatremål så kjent at klatrelaget i Førde har teke namnet Våtedalen tindeklubb.
Vegen frå garden gjekk oftast motsett veg, mot tettstadane Sandane og Nordfjordeid. Men stundom måtte eg til sivilisasjonen. Rett nok var det bokhandel på Sandane, der eg handla tjue band av Søren Kierkegaard, men platebutikk fanst ikkje i Nordfjord, i det minste ikkje i den delen av fjorden der eg heldt til, så når eg trong vinyl, gjekk ferda til Førde.
Utanfor garden låg eit busstopp. Der stod eg ein laurdag morgon, og Førde-bussen stogga. Etter halvannan time var eg framme. Ferda gjekk fyrst gjennom Våtedalen, frå Gåsemyr til Klakegg og vasskiljet. Så fylgde me Jølstravatnet til Vassenden, og då var det berre eit par mil til Førde og platebutikken. I vintermånadene låg tussmørket i Våtedalen båe vegar, om morgonen og ettermiddagen.
Eg drog gjennom Våtedalen somme sundagar når me vitja slekta til gardskona som var frå Jølster. Og eg var dreng på ein gard med støl i Våtedalen. Han har til alle tider vore stølsdal. Kvart år går framleis 600 geiter til sumarbeite i Våtedalen. Dei legg seg i vegen om dei vil. For få år sidan køyrde Førde-bussen i hel 33 av dei.
Vassdal og turrfjord
Kvifor gjekk det berre kløvveg gjennom Våtedalen i gamal tid? Truleg ligg svaret i namnet. Det er ein våt dal, ikkje minst i vinterhalvåret. Han er bratt, og breen er diger. Og ein veg til Jølster fanst alt, i sidedalen, som er ein vassdal, Breimsvatnet.
Alt eg har freista å seia om at ein dal er ein turrfjord og ein fjord ein vassdal, kan eg forklåra med Våtedalen og Breimsvatnet. Dei to dalføra ligg heilt parallelt ved sida av kvarandre mellom Breim i Nordfjord og Jølster i Sunnfjord. Dei har same lengda, same sør–nord-retninga og dei same svingane: fyrst mot aust, så mot vest, og så mot aust att. Som to parallelle s-ar etter ein bre med dobbel kjøl ligg dei ved sida av kvarandre.
Skilnaden er at den eine dalen er fylt av vatn, den andre ikkje. Fram til 1889 gjekk vegen til Jølster gjennom den vestre dalen, Breimsvatnet, med båt. Fyrst då kom det heilårsveg gjennom den austre dalen.
Ein hadde snakka om veg lenge. Men slik Breimsvatnet har tilsig frå breane, har Våtedalen det òg. Vinterveg var ikkje til å tenkja på. Ein tenkte på det i 1829, men det tok 60 år før vegen stod ferdig og endeleg knytte saman Sunnfjord og Nordfjord landeveges.
Geitedalen
Våtedalen er ein tunnel utan tak. På heimstaden kom stundom eit uvanleg stort tivoli. I tillegg til sirkustelt og berg-og-dalbane reiste dei ein velodrom, der me borna sat øvst og såg motorsyklisten i botnen køyra i sirklar høgare og høgare oppetter veggane. Våtedalen er ein velodrom, ein rundbane med skråstilte svingar. Noreg er ein velodrom. Alt heilt sør ved Sundvollen i Tyrifjorden ser ein hellingsvinkelen i kurvene i dalsidene, men di nærare ein kjem breens hjarte, di brattare vert dalsidene.
Kva slag dyr kan gå kring og beite om lag like horisontalt som stuntmannen i velodromen? Geit er husdyret mitt. Ikkje ku eller sau, men geit. I byen har dei det slik med hund og katt at somme likar den trufaste bikkja, andre den sjølvstendige katten. Geita har nok mest sams med ein eigenrådig, men leiken villkatt. Geitasoga mi går langt attende. Det leikne, sta og stangande dyret var det eg likte å springa med som gut, og det eg alltid har likt som vaksen. Og geitene har alltid likt meg når eg gav dei ei lita klype tobakk. Eg likar det stri lynnet deira. Eg likar den skarpe smaken av mjølka og kjøtet deira.
Det er éin ting eg alltid har med meg heim frå ferdene kring i Noreg, ja, i verda i det heile: geitost. Eg er glad i dei brune, raudostane, som dei òg vert kalla, men høgst set eg dei kvite.
Geitemjølk
Helga før Nordfjord-ferda jakta eg i asfaltjungelen på noko god mat å gleda meg sjølv og dei heime med. I den lange ferskvaredisken stod eit fat med gresk salat. Eg kunne ikkje lukta han bak glaset, men han såg god ut. Grøn og raud, kvit og dyr. I ein så seriøs matbutikk ville dei sjølvsagt ikkje laga gresk salat med nær smaklaus juksefeta av kumjølk –?ein ost, dersom ein kan kalla det ein ost, som no ikkje lenger får kalla seg feta, eit EU-forbod som grekarane sjølve fekk pressa gjennom, som rett og rimeleg er. Men for å vera sikker, spurde eg:
– Har de nytta ekte feta i den greske salaten? Laga på saue- og geitemjølk?
Dama i disken drog på det. Eg såg at ho ikkje var sikker. Ho sa:
– Eg trur vel det. Men eg vil spørja.
Ferskvarediskleiaren kom ut frå kjøkenet, ein røsleg kar med stort skjegg.
– Nei, sa han med eit sukk og la til:
– Før nytta me feta i den greske salaten. Men me fekk så mange klagar. Kundane tykte det smakte for mykje. Så no nyttar me berre etterlikningar laga av kumjølk. Dei vil ha gresk salat om han berre ikkje er ekte.
Lokalmat
Som ei gastronomisk motrørsle til kjedebutikkane finn ein i heile Nordfjord små matutsal med tradisjonskost – dialektmat, som ein kan kalla det. Eg tek alltid turen innom dei.
I lokalmatbutikken i Måløy står Håvard Egge bak disken, ein kar i tjueåra. Han byr på bygg, rug, sirup, havregryn, spekemat, sylte, bringebær, stikkelsbær, rips, molte, flatbrød, kaffi og ost – og ikkje berre ost av geit, men kjøt òg – spekelår av kje, og ei godt krydra spekepølse med eit namn like leikent som geita, Kjerizo.
– Det er litt dyrare enn i kjedebutikkane, men det er heimelaga, fortel han, og legg til:
– Eg flytta hit til Måløy for ein månad sidan, men eg kjem frå Stryn.
Eg spør om kva skilnaden er.
– Det er litt mindre folk og litt surare vêr her. Men det er Nordfjord her òg.
Han tek fram mobiltelefonen og syner fotografi frå geitegarden der han kjem frå.
– Me hadde geiter på garden då eg voks opp i Stryn. Skal sjå om eg finn nokre... Sjå, her er garden heime. Der er far min. Og bror min. Bror min tok over og dreiv heilt til han fekk familie.
I Noreg kan ein leva av å flytta papir, men gjerne ikkje av å gjeta. Nye bilete, no av eit lystig lag i ei utandørs stove. Han fortel:
– Her er fjøsen me hadde dyra i. Så då geitene vart henta, nytta eg ein sumar på å skuffa vekk møk, og sumaren etter kom eg ned på betongen, og då flytta eg inn sofa og stolar, så no har me ei sumarstove.
Den leikne
Geita var det fyrste husdyret her nord. Då breane minka, og lét etter seg fura, vêrbitne og bratte dalsider, vandra menneska i lag med geitene. Kor langt attende i tid? Til tida før den faste busetjinga, då det fastaste punktet i Nordfjord ikkje var garden, som enno ikkje fanst, men elva. Ho låg att som ein flytande rest av breen, i ein dal som breen hadde grave ut og opna for folk og geiter.
Kva heiter det å passa dyr? Å saua? Å kua? Nei, å gjeta. På engelsk heiter det to herd, eit ord me òg nyttar, ein hyrde, med det eldre synonymet gjetar.
Orda geit (goat) og kje (kid) går så langt attende i tid at opphavet deira forsvinn i mørkeret. Etymologiske verk presenterer berre ein hypotese om at orda er i slekt med ord for å leika, hoppa, springa. Men det finst ikkje eit sams fellesindoeuropeisk ord for geita, så geit kan òg vera lånt inn frå språk ein tala her før indoeuropeisk tok over.
Med geita kan me fylgja eit spor frå den norrøne mytologien, slik me kjenner han frå skriftlege kjelder frå kring 1000 e.Kr., attende til språklause kjelder frå kring 1000 f.Kr. Tor med hammaren reid i ei vogn trekt av to geiter, og eit liknande motiv finn ein i det rike helleristingsfeltet frå bronsealderen i Vitlycke i Bohuslän: Ein kar med hjelm rir ei vogn trekt av ei geit, og nett som med Tor kan ein sjå eit lyn i lufta.
Slik går tankane i Våtedalen. Eg busette meg heilt nord i dalen, der han opnar seg. Men alltid må eg stogga her i sør, i den trongaste delen der ingen bur.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Her lever dyr og menneske på randa av fjorden og havet, på randa av fjella og breen.
Kva heiter det å passa dyr? Å saua? Å kua? Nei, å gjeta.
Les også
Svein Ivar Vinnes, skipper og eigar av bokbåten, no Det flytande litteraturhuset, MS «Epos», ynskjer born på Sandane velkomne om bord.
Alle foto: Håvard Rem
Bokbåt på siste ferd
Les også
Ferja er snart klar til å kryssa over frå Lote nord i fjorden til Anda på sørsida.
Alle foto: Håvard Rem
Fjorden er den norske elva
Fleire artiklar
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.