Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Dobbeltagenten frå Pommern

Presten Johannes Bugenhagen omsette Bibelen til lågtysk og høgtysk på same tid, og gav lågtysk ein sving oppover.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Johannes Bugenhagen, måla av Lucas Cranach den eldre i 1537. Luther var bufast i Wittenberg, medan Bugenhagen reiste frå stad til stad som reformasjonens utanriksminister – Braunschweig, Hamburg, Lübeck, Treptow, København.

2907
20171013
2907
20171013

Grunnlagd i 1143 fekk Lübeck mange tilflyttarar som forma eit lågtysk språk ut frå sorbisk og andre talemål der omkring. Dette språket blei i hansaperioden eit lingua franca i heile Austersjø-området. På same tid utvikla det økonomiske maktsenteret Lübeck og hansaforbundet eit hansaspråk som var i bruk berre skriftleg.

Ein av dei mest undervurderte i reformasjonshistoria er lågtyske Johannes Bugenhagen. Han var fødd i 1485 i Wolin i Pommern, på den polske sida av dagens grense til Tyskland. Etter skulegang i heimbyen, studiar i Greifswald og år som rektor blei 38 år gamle Bugenhagen prest i Wittenberg bykyrkje i 1523. Martin Luther hadde tilrådd han; mannen frå Pommern var alt teken inn i Luthers inste sirkel.

Bugenhagens rolle i bibelomsetjinga 1523–1534 var å ta seg av Salmane og sjå teksten med prestens praktiske blikk. Samstundes heldt han nær kontakt med dei lågtyske områda i nord og fekk tilnamnet «Der Reformator aus Norden». Frå hans hand kom kyrkjeordningar på lågtysk for Braunschweig i 1528, Hamburg i 1529, Lübeck i 1531, Pommern i 1535, og på latin for Danmark-Noreg i 1537.

Språkleg var han ein dobbeltagent. Han nøgde seg ikkje med å arbeide dagstøtt med Luthers omsetjing av Bibelen til høgtysk. Samstundes, utruleg nok, tok Bugenhagen ei sentral rolle i sluttføringa av ei omsetjing til lågtysk. De Biblie var ferdig trykt 1. april 1534, eit halvt år før heile Luther-Bibelen låg føre. For Bugenhagen var det om å gjere at mest mogleg av Luthers omsetjing blei med over i det lågtyske, og i forordet skreiv han at verket burde ha vore kalla Luther-Bibelen.

Luther var ikkje den første som omsette Bibelen til høgtysk, og Bugenhagen ikkje den første lågtyske omsetjaren. Ein lågtysk Bibel var trykt i Köln 1480, berre 14 år etter den første tyske i det heile, ein annan i Lübeck i 1494, og Nytestamentet i Hamburg i 1523.

For lågtysk heldt det i hundre år. Den enorme utbreiinga av Den heilage skrifta på høgtysk svekte bruken av lågtysk kraftig. I 1621 blei den siste utgåva av Bibelen på lågtysk trykt, og dei neste hundreåra var skriftfestinga av lågtysk svak. Den siste, reviderte utgåva av Bugenhagen-Bibelen kom ut i 1885.

Språk døyr ikkje, men kan gå ut av bruk. I eit år som 1991 var meir enn 1700 boktitlar på lågtysk i sal, og om lag 700 prestar heldt preikene sine på lågtyske dialektar. Ved inngangen til 2000-talet blei moin – «hallo» – eit populært signalord i det lågtyske området.

Då Martin Luther døydde i 1546, heldt Johannes Bugenhagen minnetalen. Philipp Melanchthon tok seg av minnetalen for Bugenhagen i hans eiga bykyrkje i 1558. To år seinare blei Melanchthon jordfesta ved sida av Luther i slottskyrkja i Wittenberg. For dei tre var ein livssirkel slutta.

Ottar Grepstad

Neste veke: Reformasjonens kvinner

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

– Viss du vil ha meg til å smile, må du synge kjenningsmelodien til Laurdagsbarnetimen, seier Otto Prytz. Pilar følger med frå sofaen når vi syng: «Nå kommer barnetimen, nå kommer barnetimen, hysj, hysj, vær stille som mus...»

Foto: Hallgeir Opedal

Feature

Berre røre, ikkje sjå

Otto Prytz (81) er fødd blind, men takka vere ein ung franskmann blei han ikkje analfabet. Han blei akademikar.

Hallgeir Opedal

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Foto: Agnete Brun / NRK

KunstKultur
Kaj Skagen

Ikkje alt er politikk

Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.

Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.

Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB

HelseSamfunn
Marita Liabø

– ADHD-diagnosen skal henge høgt

Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar
Gjermund BakkeliHaga

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis