JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Hentar svalbardskogen til Botanisk hage

Titals millionar år gamle bjørkeblad frå Svalbard er nesten identiske med blada som fell i dag. Neste sommar kan dei vera del av ein levande hage.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Gartnarane Nils-Petter Bergersen (fremst) og Andreas Løvold frå Botanisk hage på veg til dei store fossilsteinane ved breen med første bør.

Alle foto: Line Nagell Ylvisåker

6180
20180810
6180
20180810

line@ylvisaaker.com

Her er paradis på jord for somme av oss, seier geolog og museumsformidlar Anne Birkeland. Ho arbeider til vanleg ved Naturhistorisk museum i Oslo. No sit ho på ein stein i morenen til Longyearbreen nokre kilometer sør for sentrum av Longyearbyen. Her er alt brunt: steinane, gjørma, dei porøse lagdelte fjellsidene og den rumlande breelva.

– Ser ein rundt seg, ser ein liv overalt, seier geologen og går bort til ein plastduk med ein laminert Universitetet i Oslo-plakat. Under plasten ligg ulike bladfossil hulter til bulter i eit berglag som vart danna for mellom 30 og 50 millionar år sidan.

– Blada må ha hamna her samstundes, dermed veit me at det var blandingslauvskog her då, seier ho.

Nedover den vinglande steinrøysstien ho kom på, går gartnarane Andreas Løvold og Nils-Petter Bergersen frå Botanisk hage for å henta neste bør. Utstyret treng dei for å klargjera to fossilsteinar for henting med beltevogn til vinteren. Den største veg 800 kilo.

Ingen tre

I dag veks det ingen tre på Svalbard, om ein då ikkje tek med nokre kvastar dvergbjørk og musøyre, det minste treet i verda, som klamrar seg fast i tundraen.

Birkeland peiker på eit tydeleg blad i fossilsteinen og fortel at den riflete kanten og dei rette næringskanalane viser at det var ein tidleg bjørkeart. Eit anna blad har krokete strekar og jamnare kant.

– Det ser ut som det er ein knute der nede på næringstrådane. Det kan vera acer arcticum, ei tidleg form for lønn, seier ho. Sidan steinen er stor, passar han godt som utstillingsobjekt ute i Botanisk hage i Oslo.

– Me ynskjer å ha ein stein som kan liggja ute, for å visa evolusjonen til publikum også der, seier Birkeland.

I tillegg skal det lagast ein steinhage ved Naturhistorisk museum som viser Noregs geologiske historie.

– Det blir fint å ha ein stein frå Svalbard også i den samlinga, seier ho.

Snubla over han

Innandørs har Naturhistorisk museum allereie to steinar frå same røys. Begge kan dei takka gartnar Nils-Petter Bergersen for. På ein studietur i 2015 snubla han over ein fantastisk stein full av bladfossil. Botanisk hage har ei utstilling som viser utviklingshistoria til plantene, og han tenkte at denne steinen hadde vore fin å ha der. Gartnaren fekk med seg trespesialisten Løvold og paleontologiprofessor Hans Arne Nakrem og flaug tilbake for å henta steinen året etter. Då dei kløyvde han, fann dei endå eit lag med flotte fossil. Litt lenger borte i morenen fann dei ein stein til som dei bestemte seg for å ta med. Ein stein var blitt til tre.

Dei fekk pakka to av desse og sett dei opp på ein trekonstruksjon, før dei merkte han med flagg, slik at dei skulle finna han att til vinteren og få frakta han til kaia med snøskuter. Fossila er no stilte ut i evolusjonsutstillinga i Botanisk hage i Oslo.

Denne veka er gartnarane tilbake for å henta den tredje steinen frå 2016. Då dei kom til fjellsida, fann dei ein ny stein med fossil. Også den vil dei ha med seg sørover.

Varmare klima

Då blada fall på bakken her for mellom 30 og 50 millionar år sidan, var klimaet på Svalbard langt varmare enn i dag.

– Det var maks 14–15 grader og minimum 9 grader. For å finna slik varme i dag må ein mykje nærare ekvator, seier Birkeland.

Det er uvisse knytt til kvar Svalbard låg på den tida. Øygruppa kan ha lege eit par grader lenger sør, men nokre vitskaplege artiklar plasserer ho òg lenger nord.

– Svalbard låg nord for polarsirkelen då òg. Me veit at det var veldig varmt og det var midnattssol og mørketid. Lyset i sommarhalvåret gjorde mykje for plantelivet, seier geologen.

På våren og sommaren gjekk fotosyntesen i trea heile tida, men han stogga opp når det var mørketid. Nokre av treslaga Birkeland og gartnarane finn fossil av i morenen, finst ikkje lenger. Andre er av same slekt som tre me har i dag. I tillegg til blad frå ulike tresortar er det også fossil etter snelle- og bregneplanter i steinrøysa.

– Me ser av fossilsteinane at desse har eksistert samstundes. Kolet i fjellsidene er også eit einaste stort fossil og fortel om plantemangfaldet som ein gong var, seier Birkeland.

Gammalt lauvfall

Truleg har blada falle ned frå trekronene i nærleiken av ei elv, blitt liggjande i myrområde ved elvebreidda, eller kanskje i ei bakevje. Der har dei blitt dekte med slam og sand, som over tid har blitt til sandstein.

– Då blada vart liggjande i tette sediment, utan vatn og oksygen, låg til slutt berre karbonet att som kol, forklarer Birkeland.

Ho tek på seg brillene og studerer kolteikningane i eit fossil.

– Denne steinen har nok rast ned frå fjellet relativt nyleg. Han viser kanskje lauvfallet ein haust for millionar av år sidan. Det er planter frå eit heilt lite økosystem som er tilpassa mykje varmare klima enn det me har no, slår ho fast.

På det norske fastlandet finn ein ikkje slike bladfossil, ettersom bergartane dei ligg i, er unge i geologisk forstand.

– Desse laga vart slitne bort under istidene på fastlandet. Mange kilometer med stein vart polerte bort av breane. Her på Svalbard har ikkje prosessane gått så djupt, seier Birkeland.

Har overlevd alt

Bergersen og Løvold er tilbake. Dei set på plass det siste utstyret og går bort til den store steinen som vart att i 2016. Dei tek av plastduken, hentar vatn i ein pose og heller over for å vaska overflata.

Bergersen kostar bort vatn og sand, og blada kjem fram. Løvold set seg på huk over steinen med knea litt ut til sida.

– Her er det fleire tidlegare bjørkeartar og bøk. Me har òg funne ein utdøydd lønneart og truleg alm, seier han med blikket ned mot steinflata.

Nokre av bjørkeblada er mest identiske med dei som veks på bjørkene i Botanisk hage i dag, andre er større.

– Bjørka har overlevd ekstremt ulike klima. Desse blada ber med seg millionar av år med erfaring, seier Løvold.

Han peikar på at planter har det vanskeleg i turkesommaren i år, og at mange planter døydde vinteren 2013, då vêret veksla mellom varmt og kaldt.

– Desse erfaringane tek dei plantene som overlever, med seg, seier han.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ivo de Figueiredo.

Ivo de Figueiredo.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Få kjenner Munch betre

Ivo de Figueiredos tobindsbiografi om Edvard Munch er nyansert og underhaldande.

Henrik Martin Dahlsbakken

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis